Fire tips til deg som vil lese meir skrekk

Det blir mørkare og kaldare. Med haustvinden som ular ute er det den perfekte tida for skrekklitteratur.

Åshild Slåen
Publisert

– Det å kunne utforske mange av dei fryktene eg har hatt for verda gjennom trygge rammer, som er skrekklitteraturen, har vore veldig godt for meg.

Det seier skrekkbibliotekar Vetle Håkansson til Framtida.no når han forklarer kvifor skrekk engasjerer han.

For dei som vil ha fleire skrekkbøker inn i leselista si, har Håkansson fire tips:

Bokomslag: Skald forlag

Frankenstein av Mary Shelley

– Det er den aller beste skrekk-klassikaren som finst, seier Håkansson.

Om ein kan seie at ei bok gjorde skrekksjangeren populær, er det kanskje Frankenstein som er kandidaten flest kan samle seg om. Dei fleste har inntrykk av handlinga frå popkulturen, men Håkansson trur boka kan overraske om ein les originalen.

– Ho er også ganske grei og lettlesen, trass i at det er ein klassikar.

Bokomslag. Aschehoug

Dyrisk av Ellen Støkken Dahl

Novellesamlinga var debuten til forfattar Ellen Støkken Dahl og kom i fjor, og er ei av bøkene Håkansson definerer som skrekk, trass i marknadsføringa.

– Ho spelar veldig på det kroppslege, eller bodyhorror, noko vi ser lite av i Noreg, seier bibliotekaren.

Framtida sin bokmeldar fekk også sansen for novellesamlinga.

Les bokmeldinga: – Eit ullpledd av tornar

Første volum av Sort lam. Bokomslag: Über press

Sort lam av Oliver Levang

For dei som likar ei meir visuell forteljing, kan Håkansson tilrå Sort Lam av Oliver Levang.

– Det er to volum i ein avslutta teikneserie, og er meir ein thriller som går ned i det psykologiske, fortel han.

Det første volumet vart nominert til Uprisen i fjor.

 Du kan lese meir om forfattaren i bokhylla vår: Oliver Levang vil ikkje møta førebileta sine

Bokomslag: Samlaget

Vi har alltid budd på slottet av Shirley Jackson

Boka av Shirley Jackson kom originalt ut i 1962, og er også ei av bøkene Håkansson koste seg med i ungdomstida.

– Ho har kome i ei utruleg fin norsk omsetjing. Det er også ein klassikar, men ein nyare klassikar, som har halde seg utruleg sterkt, og gir litt gotisk Addams Family-stemning.

Laura Djupvik står for den nynorske omsetjinga av romanen som Samlaget gav ut i år.


Er du meir interessert i film?