Filmentusiast Jenny (21): Dette er skrekkfilmane som kryp under huda på deg

Jenny Lund
Publisert
Oppdatert 19.09.2023 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

[REC] (2007)

TV-reporteren Àngela og kameramannen Pablo følgjer brannmenn på nattevakt for å lage ein reportasje om arbeidet dei gjer. Når brannvesenet får ei melding om ei gammal dame som sit fast i leilegheita si, forventar dei å få med seg eit ganske standard oppdrag, men når dei kjem fram vert dei sperra inne i leilegheitsblokka av myndigheitene. Når bebuarar med teikn på sjukdom vert aggressive forstår dei kvifor.

Det som skulle vere eit enkelt oppdrag og ein spennande TV-episode vert ein kamp for å overleve, der crewet må unngå dei infiserte samstundes som dei leitar etter ein veg
ut av den avsperra blokka.

[REC] er ein såkalla «found footage» film av høgste kvalitet. Stemninga er tjukk og panisk, skodespelet er godt og han er til tider ganske så skummel.

Er du glad i å skvette er dette ein film for deg!

In the Mouth of Madness (1995)

John Trent er forsikringsetterforskar og vand til å avsløre lureri. Då eit forlag ber han finne den sakna skrekkforfattaren Sutter Cane er han sikker på at det heile er et PR-stunt.

Saman med Cane sin redaktør drar han på leiting etter den forsvunne forfattaren med bøkene som guide, men då dei når den oppdikta byen som bøkene finn stad i vert skilnaden mellom fantasi og verkelegheit stadig meir uklar.

Det vert for drygt å kalle ein John Carpenter-film undervurdert, men i forhold til storfavorittane The Thing og Halloween får ikkje In the Mouth of Madness nok merksemd.

Dette er det nærmaste ein kjem Lovecraft utan å vere basert på ei av bøkene hans. At Sam Neill gjer ein fantastisk jobb som protagonist John Trent er ei fin sløyfe på toppen av det heile.

Tilgjengeleg via Google Play, iTunes og YouTube.

Cure (1997)

Ei bølgje grufulle mord rammar Japan. Lika har alle det same kjenneteiknet, eit kryss skore inn i halsen, men gjerningspersonane er aldri dei same. Dei kan heller ikkje hugse kva dei har gjort.

Politidetektiv Takabe tar for seg saka og finn ein enkelt mann som kan knytast til kvar person bak morda, men møta med han gir fleire spørsmål enn svar. Då Takabe byrjar å miste taket på eiga psyke, vert etterforskinga ikkje berre jobb, men eit løp for å beskytte seg sjølv og alt han elskar.

Cure finst i grenselandet mellom skrekk og thriller. Kiyoshi Kurosawa sin regi er kald og presis, og han byggjer uro på ein betrakteleg måte.

Dette er ei djupt ukomfortabel, men engasjerande, filmoppleving som er vanskeleg å riste av seg, og dessutan ein essensiell del av japansk skrekkfilmhistorie.

Denne er dessverre ikkje tilgjengeleg for strøyming i Noreg, men er verdt å leite etter likevel. Sjekk biblioteket!

Re-Animator (1985)

Dan Cain er ein godt likt og lovande medisinstudent, men slit med å akseptere døden som ein del av yrket. Livet er likevel ganske så bra: Han har ein kjærast som elskar han og gode framtidsutsikter, men det fredelege tilværet går i knas då den eksentriske Herbert West flyttar inn. Han har nemleg oppfunne eit serum han meiner kan sigre over døden.

Etter ein demonstrasjon av effekten vert Dan med på å hjelpe Herbert, men då dei daude vert vekte forstår han kjapt at dei burde ha fått liggje.

Skjermdump frå traileren til Re-Animator.

Re-Animator er ein 80-talsfilm med alle dei tvilsame grepa ein finn der, men han er også ein fantastisk morosam og gørrete film med verkeleg skrudde karakterar.

Jeffrey Combs og Bruce Abbott sin kjemi som dei to vidt forskjellige protagonistane er eit høgdepunkt. Eg har prøvd å ikkje vere for subjektiv med denne lista, men dette er favorittfilmen min nokosinne.

Tilgjengeleg via Allente, Blockbuster, Vega Hjemmekino, SF Anytime og Telia Play. Sjå traileren her! 

Climax (2018)

I 1996 gjennomfører eit internasjonalt danseteam eit vellykka treningsseminar på ein forlaten skule. Nøgde med innsatsen set dei i gang ei siste natt med fest og dans, men stemninga tar ei brå vending då dansarane forstår at sangriaen som dei har forsynt seg av er fylt av LSD.

Ute er det nådelaus vinter og langt frå andre. Medan nokre av dansarane febrilsk forsøkjer å finne den skuldige, lar andre seg drive med av rusen i ein runddans av ekstase og desperasjon.

Climax er mogleg den minst kontroversielle av provokatøren Gaspar Noé sine filmar, men han er likevel kraftig kost. Med få unntak hadde ikkje nokon av dansarane som opptrer i filmen erfaring som skodespelarar, og mykje av filmen er improvisert. Likevel sit både skodespel og dialog som ei kule, og Noé sin hypnotiske regi både frydar og forskrekkar.

Tilgjengeleg via Allente, Blockbuster, Google Play, iTunes, SF Anytime, YouTube og Telia Play.

Excision (2012)

Pauline er ei forstyrra ung kvinne i ein dysfunksjonell familie. Foreldra er ulykkeleg gift, og systera Grace lid av ein kronisk lungesjukdom. Medan Pauline drøymer om kirurgi, blod og død, forsøkjer mora febrilsk å gjere ho om til ei meir danna kvinne.

Trass i kor forskjellige dei er, er systrene glade i kvarandre, så når sjukdommen til Grace vert verre er Pauline førebudd på å gjere det ho kan for å redde ho.

Excision er ein slags subversjon av den typiske amerikanske high school-filmen: Pauline er ikkje ei misforstått jente som berre treng litt kjærleik, ho er ein genuint forferdeleg person. Samstundes er det noko ekte med ho og alle feila hennar.

Ekkel, overraskande morosam og vond om kvarannan, er Excision ein film som kryp under huda på deg.

Tilgjengeleg via Allente, SF Anytime og Telia Play.

Tesis (1996)

Universitetet kan ta livet av ein. Angela skriv avhandling om vald på film. Som hjelp finn professoren hennar fram nokon særleg valdelege filmar frå universitetet sitt eige arkiv.

Neste morgon finn ho han i kinorommet, daud. Ho tar med seg filmen han såg, men då ho får sett han får ho sjokk: Det er ein ekte snuff-film av torturen av og mordet på ein elev frå universitetet hennar som forsvann to år tidlegare.

For å finne svar inngår ho ein uroleg allianse med ekstremfilmentusiasten Chema, som
kjenner att kameraet videoen er filma med, men kvifor veit han eigentleg dette?

Kanskje litt meir thriller enn rein skrekk, men likevel ein film som skrekkentusiastar kan setje stor pris på. Tesis er mørk og valdeleg, men også djupt engasjerande, og vel verdt ein titt.

Tilgjengeleg via Blockbuster.


Treng du fleire tips? Her er 18 skrekkfilmar som kanskje gjev deg ei søvnlaus natt

The Conjuring, The Decent og IT er tre skumle filmar som gjer kvardagen litt lettare å takle. Bilete frå: Warner Bros. Entertainment Inc. / Lionsgate Entertainment/TriMark