Forfattaren skriv på ein magisk måte som går djupt inn i perspektivet til den andre.
Lege og forfattar Ellen Støkken Dahl skriv underhaldande og tankevekkande om seksualitet og begjær i sin skjønnlitterære debut, Dyrisk. Ho har vore medforfattar av fleire kroppsbøker som Gutteboka og Jenteboka, og har no sett føter i eit liknande, men også ganske nytt landskap. I novellesamlinga skriv ho om det dyriske i oss.
Me menneske er alle menneske heilt til me møter kjærleiken. Heilt til kjærleiken dreg av lakenet som skjuler det tørstande og dirrande dyret inni oss. For når dyret vaknar, fløymer alt til overflata: skamma, trongen, lysten. Og det dyriske ved oss er skremmande, men også heilt normalt.
Novellene tek for seg spanande og interessante historier som både er relaterbare og skumle. Eg sleit med å legge boka frå meg.
Ei mor har blitt forelder til ein pytonslange. Jentene på friidrettslaget siklar etter eit beist som dessverre ikkje når opp til forventningane. Ei kvinne leitar hjelpelaust etter barnet sitt som ho gløymde at ho ikkje hadde. Ein mann blir hugteken av ein fisk han fiska sjølv. Ein speidarleiar forsøker å ta over frå faren sin, men har vanskar med å få speidarane til å lytte. På ein sjukeheim får ei gamal dame magiske krefter av å ete kake. Ein rideleir er åstad for ei jente sin overgang frå barn til kvinne.
Poetisk og magisk
Poesi er vakkert fordi me er forskjellige og ikkje tolkar på same måte. Kvar og éin må bruke sin eigen fantasi og forståing for å skjønne kva som er meint. Ellen Støkken Dahl skriv på ein måte som legg igjen masse rom til eigen tolking.
«Du er jo ikke bare fisk, sa han da. Du er jo min også»
«Det kjentes verre å kunne miste enn aldri å få»
Ho skriv på ein magisk måte som går djupt inn i perspektivet til den andre, og som nesten gjer at ein kan forstå korfor folk gjer uforståelege ting.
Svært aktuelt tema
Dahl sine noveller appellerer godt til ungdommar sidan seksuell oppvakning er ein raud tråd gjennom heile samlinga. Eg synest det er flott at Dahl snakkar høgt om denne tida kor ein lett kan kjenne på skam, frykt, og sjølvforakt. Måten ho uttrykker dei kjenslene på er rett og slett fabelaktig og fortener stor applaus!
Det er ikkje berre, berre å skrive om eit så tabubelagt tema, for sjølv om me har seksualundervising og kan vere opne om dette dyret me blir fødd med, er det framleis skummelt å snakke om.
Det er rart korleis Dahl får til å blande kjenslene av forakt og sympati. Korleis ho klarar å gjere det relaterbart og samstundes grufullt. Det er som om ho prøver å legge deg inn i eit ullpledd av tornar som eigentleg gjer vondt å ha på, men framleis er for varmt og godt til å ta av.
Eit meisterverk
Viss du føler deg redd eller skamfull eller ikkje forstår korfor du er så dyrisk, vil eg absolutt anbefale deg å lese denne boka. Men eigentleg synest eg du bør lese ho uansett, for dei nydelege og gjennomtenkte historiene er både underhaldande og tankevekkande.
Absolutt eit meisterverk av ei bok!







