Stort fall i leseferdigheiter: – Kritisk for norsk skule

Norske elevar presterer stadig svakare i lesing og matematikk. Fallet er stort sidan 2015, og no blir heile éin av tre norske tiandeklassingar rekna som svake i lesing.

NPK-NTB
Publisert

Det viser tala frå Pisa-undersøkinga som vart lagde fram på ein pressekonferanse tysdag morgon. Pilene har peikt nedover sidan 2015.

– Resultata er svært alvorlege og stadfestar ei utvikling me har sett over lang tid. Det er ikkje gjort nok for å snu den negative utviklinga i norske elevars læringsresultat dei siste ti åra. Det er mitt ansvar å leggja til rette for at utviklinga blir snudd med meir kraftfulle grep framover. Det ansvaret tek eg, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Pisa (Programme for International Student Assessment) måler kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag. I lesing og rekning ligg norske elevar no bak dei fleste land Noreg samanliknar seg med og på linje med land frå mellom anna Aust-Europa som bruker langt færre ressursar per elev.

– Resultata er ikkje uventa, men er like fullt kritiske for norsk skule. At 41 prosent av norske gutar les så dårleg at dei vil ha problem med å klara seg i vidare utdanning, er alarmerande, sa Nordtun på pressekonferansen.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) ser alvorleg på tala frå den siste Pisa-undersøkinga. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Under gjennomsnittet

Totalt 760 000 elevar i 91 land har delteke. Noregs del utgjer 6469 elevar fordelte på 281 skular.

Prestasjonane blant elevar i OECD-landa har gått mykje tilbake sida 2015. Noreg er blant landa med størst fall i ferdigheiter.

Noreg var over gjennomsnittet i lesing, matematikk og naturfag i 2015, men presterer no under gjennomsnittet i alle fagområda ti år seinare.

Fallet i leseferdigheiter blant norske elevar er dobbelt så stort som OECD-gjennomsnittet.

Fakta om hovudfunna for Noreg i Pisa-undersøkinga 2025

  • Norske elevar har hatt tilbakegang i lesing og matematikk sidan 2022. Prestasjonane i naturfag er på same nivå som i 2022.
  • Noreg ligg under OECD-gjennomsnittet i alle dei tre fagområda lesing, matematikk og naturfag.
  • Norske elevar har hatt stor tilbakegang på alle tre fagområde sidan 2015. Fallet er på 60 poeng i norsk, 50 poeng i matematikk og 28 poeng i naturfag. Forsking gjort utanfor Noreg vurderer at 20 poeng svarer til eit heilt skuleår med læring.
  • Andelen norske elevar som blir definerte som lågtpresterande, har auka mykje sidan 2015.
  • Den sosioøkonomiske bakgrunnen til elevar betyr mindre for resultata til elevane i Noreg enn i dei fleste andre land.
  • Norske elevar har lågare sjølvrapportert innsats på Pisa-prøva, såkalla testmotivasjon, enn snittet blant OECD-landa.
  • Norske elevar rapporterer om noko høgare grad av skuletilhøyrsel enn gjennomsnittet av OECD-landa. Det handlar om i kva grad elevane kjenner seg trygge og inkluderte.

Kjelde: Regjeringa

– Manglar kompetanse for vidare utdanning

Undersøkinga for 2025 viser samtidig at den sosioøkonomiske bakgrunnen til elevane har mindre å seia for resultata til elevane i Noreg enn i dei fleste andre land i undersøkinga.

Det er likevel framleis ein sterk samanheng mellom heimebakgrunnen til elevane og prestasjonane deira på skulen.

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Morten Rosenkvist, er også bekymra over resultata.

– Eg meiner det mest alvorlege er at stadig fleire elevar presterer på dei lågaste nivåa i undersøkinga. Det betyr at altfor mange manglar kompetanse som er nødvendig for vidare utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking når dei går ut av grunnskulen. Utviklinga tyder på at me ikkje fangar opp alle som strevar, tidleg nok, og det meiner eg me må ta tak i, seier han.

Nedgåande kurve

Resultata føyer seg inn i rekkja av nedslåande rapportar om norsk skule. I august slo Fellesskoleutvalget alarm om situasjonen, og utvalsleiar Bjørn Haugstad sa at «fellesskulen er ein berebjelke som står i fare for å bresta av overbelastning».

I juni retta også Riksrevisjonen sterk kritikk mot at urovekkjande mange elevar manglar grunnleggjande ferdigheiter etter ti år på skulen.

– Styresmaktene har satsa på grunnleggjande ferdigheiter i 20 år, og Stortinget har auka midlane til dette. Då er det kritikkverdig at norsk skule ikkje har utrusta fleire elevar med gode grunnleggjande ferdigheiter, sa riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen under framlegginga.