Elevar med dysleksi mistar tilgang til skulelydbøker

Nær 10 000 elevar lånte tilrettelagte lydbøker frå Statped i fjor. Etter sommaren forsvinn den moglegheita for blant anna dei med dysleksi.

NPK-NTB
Publisert

Ein syttenåring med alvorleg dysleksi fryktar han må droppe vidare skulegang når han til hausten mistar tilgang til skulelydbøker.

I fjor lånte nær 10.000 elevar slike bøker frå Statped, Noregs statlege teneste for spesialpedagogisk støtte. Det viser tal frå Dysleksi Norge som er omtalt i Utdanningsnytt.

Både elevar med dysleksi, ADHD, svaksynte, blinde og andre fekk låne. Men etter sommaren er mandatet til Statped endra, slik at berre svaksynte og blinde får låne. I fjor tilhøyrde berre 82 elevar denne gruppa.

– Tek dei frå meg skulelydbøkene, er eg rett tilbake til barneskulen, der eg sat og ikkje fekk til nokon ting, seier dyslektiske Wiebe Kroder-Schille (17) frå Drøbak. Han beskriv seg sjølv som «ein av dei flinkaste i klassen» etter første år på vidaregåande, med fem i snitt frå ungdomsskulen.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun seier ho stoler på at kommunane sjølv kjøper inn lydbøker. Ho viser til at 140 millionar kroner er øyremerkte trykte lærebøker, der inntil ti prosent kan brukast til digitale versjonar.

Men generalsekretær Caroline Vigestad Solem i Dysleksi Norge er kritisk og meiner Nessa Nordtun ikkje ser heile biletet.

– For det første er ikkje alle skulebøker tilgjengelege gjennom forlaga, og for det andre er det ikkje gitt at skulane kjøper dei inn til elevane sine i dagens situasjon med pressa kommuneøkonomi, påpeikar ho.