Island røyster om EU-medlemskap: – Utruleg spennande

Ungdom mot EU og Europeisk Ungdom har auga retta mot Island i dag, når landet skal røyste om gjenopptaking av søknaden om EU-medlemskap.

Einar Nygaard
Publisert

I dag, laurdag, er det klart for folkerøysting på Island. Der skal dei røyste over om landet skal ta opp att søknaden sin om EU-medlemskap.

Ungdom mot EU og Europeisk Ungdom er delte i kva dei trur og håpar resultatet blir.

– Vi håpar jo på at dei røyster ja. Noreg og Island er veldig ulike land, men vi har ganske like interesser. Det er utruleg spennande å kunne sjå kva Island kan få til i forhandlingar med EU.

Det seier Tora Tveiten (25), leiar i Europeisk Ungdom, på telefon til Framtida.

Odd Andre Olsen (18), politisk organisasjonssekretær i Ungdom mot EU, er naturleg nok ikkje samd i kva han håpar på.

Tora Tveiten (25), leiar i Europeisk Ungdom. | Foto: Sivert Sande Kverme.

– Frå vårt perspektiv meiner vi at både Island og Noreg er best tente med å stå utanfor EU, samstundes som vi samarbeider tett med Europa gjennom EØS, skriv Olsen i ein e-post til Framtida.

Island har allereie tilgang til den europeiske marknaden gjennom EØS, skriv han vidare.

– Vi meiner derfor at det er grunn til å spørje kva ein faktisk skal oppnå ved å gå frå EØS til fullt EU-medlemskap,

Odd Andre Olsen i Ungdom mot EU. | Foto: Privat

Vil halde fram med forhandlingar

Island har søkt ein gong tidlegare, men forhandlingane blei lagt på is i 2013.

Røyster landet ja no, vil dei halde fram med samtalene dei la frå seg den gongen. Det er likevel ikkje gitt at Island blir med i EU, sjølv om dei røyster ja.

Fyrst må dei bli einige med EU om korleis medlemskapet skal sjå ut.

Sjølvråderett eller forhandlingsmakt

– Eg tenkjer jo på den geopolitiske situasjonen i verda. Eg ser eit behov for eit sterkare og samla Europa. Så for Island vil dette vere ein tryggleik, seier Tveiten.

Eit medlemskap vil også vil bety at Island får vere med i viktige forhandlingar i EU, påpeiker ho.

– Det er alt frå store geopolitiske ting til små kvardagslege ting som eg trur kan vere positivt for Island.

Olsen i Ungdom mot EU trekker òg fram at Island vil få større direkte påverknad på avgjerdene som blir tekne i EU om dei blir medlem. Samstundes skriv han at det er fleire gode argument mot.

– Særleg handlar det om sjølvråderett og kontrollen over eigne ressursar. Fiskeriet er svært viktig for Island, og spørsmålet om kor mykje kontroll Island vil ha over eigne fiskeressursar blir derfor heilt sentralt.

Han peiker på at Island allereie har eit tett økonomisk samarbeid med EU gjennom EØS utan å vere medlem.

– Vi meiner det er ein fordel å kunne samarbeide med EU utan å måtte vere med på alle dei overnasjonale delane av samarbeidet.

Utfordrande fiskeripolitikk

Normalt vil eit EU-medlemskap bety at andre EU-land får tilgang til landets fiskeressursar. Det ønskjer Island å unngå.

– Fiskeriforvaltninga vil etter vårt syn bli ein av dei aller vanskelegaste delane av forhandlingane, skriv Olsen.

Dersom Island får omfattande særordningar, vil det vere interessant også for Noreg, meiner han.

– Det kan vise at EU er villig til å gi små land med sterke fiskeriinteresser større handlingsrom. Dersom Island ikkje får slike ordningar, vil det på si side vise kor vanskeleg det er å sikre varige unntak, skriv han.

Tveiten trur det er ein god sjanse for at Island blir høyrt, seier Tveiten, og held fram:

– No veit vi jo ikkje kva som skjer i hovudet til nokon av partane, men eg trur at EU ønsker å strekke seg langt for å få med Island.

Yngste på Alltinget er positiv

Tidlegare i år snakka Framtida.no med den yngste på Alltinget på Island, Ingvar Thoroddsson, som har kjempa for EU-medlemskap. Han var den gongen optimistisk til eventuelle samtaler med EU.

– Eg trur ikkje EU vil forstyrre islandsk fiskeindustri eller islandsk jordbruk. Eg er veldig positiv til at vi kan kome fram til kreative løysingar, som gjer at vi bestemmer over og fiskar eigen fisk.

Han understreka at for å få til det, må ein vere i ein sterk forhandlingsposisjon.

– Det var vi ikkje førre gong vi ville inn, men eg trur vi er det no, sa Thoroddsson den gongen.

Konsekvensane for Noreg og EØS

– Om dei vel å gå for forhandlingar, så vil det bety at Noreg må følgje godt med på kva dei får til og ikkje. Og om dei går ut av EØS, meiner eg at Noreg må ta diskusjonen ordentleg. Då må vi kanskje vurdere om vi ønskjer å stå så åleine, seier Tveiten i Europeisk Ungdom.

Også Ungdom mot EU ønskjer seg ein diskusjon om EU og EØS om Island no går vidare med forhandlingane.

– For oss handlar det ikkje om å velje mellom EØS og EU, men om å finne eit alternativ som gir Noreg samarbeid med Europa utan at me bind oss til eit overnasjonalt regelverk der avgjerdene i stor grad blir tekne andre stader enn i Noreg, skriv Olsen.