Vil ha økologisk mat i vidaregåande skular

Sogn og Fjordane fylkeskommune har mål om at alle kantinene på dei vidaregåande skulane i fylket skal tilby økologisk og lokal mat.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha økologisk på alle skular

Eit toårig prosjekt er sett i gang for å lukkast med dette, og her spelar Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland ei sentral rolle. Ved denne skulen er 90 prosent av maten i kantina økologisk.

– Målet er at alle skulane skal ha minst 15 prosent økologisk mat i tilbodet sitt. Det er i tråd med dei nasjonale målsetjingane. Vi er no i startgropa med Sogn Jord- og Hagebruksskule, Dale vidaregåande skule og United World College, seier prosjektleiar Gro Tokvam ved jordbruksskulen.

Tanken er at kjøkena ved dei tre skulane skal opparbeide seg kompetanse i prosjektperioden som etter kvart også skal kome dei andre vidaregåande skulane i fylket til nytte. (©NPK)