«Politisk endring kjem sjeldan fordi nokon stiller seg pent i kø»
– Tanken om president AOC er ikkje lenger berre ein draum på venstresida. Bernie Sanders opna døra. AOC kan gå gjennom henne, skriv Sandra Tenud frå AUF.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
USA treng eit nytt håp. Alexandria Ocasio-Cortez kan vere det.
Det tryggaste for AOC ville vore å vente. Ho kunne kjempa for ein plass i Senatet, samla meir erfaring og kome tilbake som presidentkandidat seinare. Men nokre augeblikk kjem berre ein gong. For AOC kan det augeblikket vere 2028.
Snakkar så folk forstår
Det demokratiske partiet leitar etter ei retning etter Donald Trump. Problemet er at altfor mange av svara ser ut som variasjonar av det partiet allereie har prøvd. Litt yngre kandidatar. Litt betre kommunikasjon. Litt meir moderasjon. AOC representerer noko anna.
Ho blei vald inn i Kongressen etter å ha slått ein av dei mektigaste demokratane i New York. Ho kom frå ein arbeidarklassefamilie, hadde jobba som servitør og bartender og bygde ein politisk karriere på å utfordre eit system der stadig meir rikdom og makt blir samla på toppen.
No er ho ikkje lenger berre opprøraren frå Bronx. Ho har enorm namnekjennskap og snart eit tiår med erfaring frå Washington. Samstundes snakkar ho om økonomisk makt på ein måte folk forstår.
Ikkje lenger ei protestfløy
Det politiske landskapet har også endra seg. AOC leier no ei fersk måling blant demokratiske primærveljarar i New Hampshire med 22 prosent, like framfor Pete Buttigieg. Det beviser ikkje at ho vil vinne i 2028, men viser at tanken om president AOC ikkje lenger berre er ein draum på venstresida. Bernie Sanders opna døra. AOC kan gå gjennom henne.
På turneen «Fighting Oligarchy» samla Sanders og AOC titusenvis av menneske, også i republikanske statar. Progressive kandidatar har vunne fleire viktige val og nominasjonskampar. Rørsla AOC var med på å byggje, er ikkje lenger ei lita protestfløy. Ho kjempar om kva Det demokratiske partiet skal vere.
Ho er langt frå så radikal som MAGA skal ha det til. Ei måling denne månaden viste at 64 prosent av uavhengige veljarar støttar høgare skatt på rike og selskap, medan 60 prosent støttar offentleg helsedekning. Samstundes seier 43 prosent at dei blir mindre tilbøyelege til å røyste på ein kandidat dersom kandidaten blir kalla demokratisk sosialist.
Bør ikkje vente på tur
AOC bør gjere valet mindre til ein diskusjon om merkelappen «sosialist» og meir til eit spørsmål om kven som eig USA. Skal milliardærar og gigantiske selskap få stadig meir makt, eller skal vanlege menneske få meir makt over sine eigne liv?
«My ambition is to change this country.» Då bør ho heller ikkje vente på at Washington skal fortelje henne når ho har samla nok år på CV-en.
Barack Obama kunne ha venta. Det gjorde han ikkje. Bernie Sanders kunne ha venta på at demokratisk sosialisme skulle bli rekna som respektabelt. Det gjorde han heller ikkje. Politisk endring kjem sjeldan fordi nokon stiller seg pent i kø.
Etter Trump vil USA kunne velje mellom å skru klokka tilbake til det som fanst før han, eller å byggje noko nytt. AOC kan vere det nye håpet. Men då må ho gripe augeblikket medan den faktisk finst.






