Identitet

«La barn få vera barn, ikkje trendsettarar»

Barndommen er kort, verdifull og verdt å beskytte. La barn få vera barn, skriv Hannah Owe Hope (23), lokalpolitikar for Time Arbeidarparti.

Hannah Owe Hope (23)
Lokalpolitikar for Time Arbeidarparti
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innleige vart først publisert hjå Stavanger Aftenblad.

Då eg nyleg fekk opp annonsar frå Gina Tricot sin nye barnekolleksjon «Young Petite» i sosiale medium, måtte eg sjå ein ekstra gong. Kampanjen er retta mot barn mellom fire og åtte år, men det som møtte meg var små jenter som poserte som tenåringar og vaksne influensarar. Kleda, uttrykket og marknadsføringa gav eit inntrykk av at dette ikkje handla om barn, men om ei miniatyrutgåve av vaksenverda.

Trist utvikling

Eg reagerer ikkje fordi barn skal gå i bestemte klede, eller fordi eg ønsker å bestemme kva folk skal kjøpe. Trendar har alltid eksistert, og marknaden vil alltid utvikla seg. Men eg synest det er trist når stadig yngre barn blir omgjort til «trendsettarar», og eksponerast for dei same ideala som ungdom og vaksne møter kvar einaste dag.

Gina Tricot beskriv kolleksjonen som laga for «våre yngste trendsettarar». Nettopp dette omgrepet er kanskje det mest problematiske. Når blei det eit mål at fireåringar skulle vere trendsettarar? Når blei barndommen en arena for å følge moter, venleiksideal og sosiale medium-trendar?

Barn i dag vaks opp i en kvardag der TikTok, Instagram og andre plattformer kontinuerleg presenterer bilete av «perfekte» menneske, kroppar og liv. Presset på utsjånad startar tidlegare enn nokon gong. Derfor blir det ekstra urovekkande når store kleskjeder aktivt bidrar til å nå grensene ytterlegare.

Fått mykje kritikk

Det er ikkje berre kleda som vekker reaksjonar. Mange har også reagert på korleis barna blir presenterte i kampanjen. Dei poserer på måtar som minner om vaksne modellar og influensarar. Fleire har peika på at barna ser ut som små tenåringar, ikkje barn mellom fire og åtte år. Det som bekymrar meg mest er signalet det send. Barn skal ikkje føle at dei må streve etter eit skjønnheitsideal. Dei skal ikkje vekse opp med ei oppleving av at verdi handlar om å vere moteriktig, sjå eldre ut eller få stadfesting på utsjånaden sitt.

Klesbransjen har eit ansvar. Klede til barn bør først og fremst vere laga for leik, aktivitet, utforsking og bevegelse. Kvifor ser me stadig fleire miniversjonar av vaksenmoten, mens klede med fargar, fantasi og funksjonalitet blir mindre synlege? Kvifor skal små barn kle seg som vaksne, når dei har hele livet framfor seg til nettopp det?

Barn må få vera barn

Dette handlar ikkje berre om Gina Tricot. Dei er langt frå åleine. «Young Petite» er eit symptom på en større samfunnsutvikling der barndommen gradvis krympar. Barn blir eksponert for vaksne ideal tidlegare og tidlegare, og marknaden ser ut til å vere villig til å tene pengar på det.

Me treng ikkje fleire fireåringar som lærer å vere influensarar. Me treng barn som får vera barn. Barn som spring, leikar, klatrar i trea, samlar på steinar i lomen og vere opptatt av alt anna enn korleis dei tar seg ut på eit bilde.

Kjolar med einhyrningar

Eg tenker ofte på korleis det var da eg sjølv var barn. Når eg blar i gamle fotoalbum, ser eg bilete av meg i fargerike kjolar med einhyrning, sterke fargar og mønstre. Kanskje var det ikkje det mest moderne man kunne gå med, men det spelte inga rolle. Kleda var laga for leik, fantasi og kreativitet. Dei signaliserte ikkje at eg skulle vere stilig, trendy eller vaksen. Dei signaliserte at eg var eit barn.

I dag verkar det som om barndommen stadig blir pressa i retning av ungdoms- og vaksenlivet. Ikkje fordi barna nødvendigvis ønsker det, men fordi marknadsføringa rundt dei fortel at det er der dei skal. Dei møter ideala på TikTok og Instagram. Så møter dei dei i butikkane.

Eg meiner Gina Tricot fortener kritikk. Som ein stor aktør har dei både innflytelse og ansvar. Når ein kolleksjon for fire- til åtteåringar marknadsførast med barn som poserer som vaksne influensarar og omtalast som «våre yngste trendsettarar», er det lov å spørja om man har mista litt av perspektivet?

Me har eit ansvar

Barn treng ikkje fleire vaksne forventningar. Dei treng fleire arenaer der dei får vere akkurat det dei er, nemleg barn. Dette handlar om meir enn ein kampanje. Det handlar om kva verdiar me ønsker å gi vidare til neste generasjon. Skal me læra barn at verdien deira ligg i korleis dei ser ut, kor trendy dei er og kor godt dei passar inn i dagens ideal?

Eller skal me lære dei at dei er verdifulle fordi dei er nysgjerrige, kreative, modige og unike? Me har alle eit ansvar. Foreldre, skular, medium, influensarar og ikkje minst selskapa som tener pengar på barn og familiar. Når presset på utsjånad og identitet stadig startar tidlegare, må nokon vera villige til å seia stopp.

Mine eigne barndomsbilete er fylt av fargar, fantasi og einhyrning, ikkje av forsøk på å likne en influensar. Eg håpar dagens barn får den same moglegheita. Barndommen er kort, verdifull og verdt å beskytte. La barn få vera barn. Ikkje små vaksne. Ikkje trendsettarar. Ikkje miniatyrinfluensarar. Berre barn. Barndommen skal levast, ikkje stylast.