Forskarar laga virus med KI – fantastisk eller farleg?
For fyrste gong har forskarar fått hjelp av kunstig intelligens til å lage nye virus. Bør vi vere begeistra eller bekymra?
Forskarar ved Stanford har nytta ein spesiallaga KI-modell til å lage heilt nye virus. Resultata er no publiserte i Science, eitt av verdas mest anerkjente vitskapelege tidsskrift.
– Forskarane har nytta KI til å designe ein ny versjon av ein type virus som ikkje kan infisere menneske, men som kan infisere og drepe bakteriar.
Det skriv Svein Isungset Støve, seniorrådgjevar i Bioteknologirådet, i ein e-post til Framtida.
– Denne typen virus (bakteriofagar) vil til dømes potensielt kunne brukast som behandling mot bakterieinfeksjonar når anna behandling ikkje verkar i framtida, skriv Støve.
Spesialtrena KI-modell
For å lage virusa, har forskarane fått kunstig intelligens til å lage fungerande genomar, altså ei slags DNA-oppskrift. Deretter har dei laga dei nye virusa i eit laboratorium, og sett at dei et bakteriar som er resistente mot andre virus.
Å lage virus på denne måten kan høyrast skummelt ut. I eit kommentarfelt på Reddit skriv brukarar mellom anna: «Det var hyggeleg å kjenne dykk!» og «Har vi ikkje lært nokon ting?»
– I dette arbeidet har forskarane spesifikt utelate eukaryote virus (virus som mellom anna kan infisere menneske eller dyr) når dei trena opp KI-modellen. Dei har så brukt modellen til å designe ein type virus, som berre kan infisere bakteriar, skriv Støve.
– Det dei har gjort i denne studien, isolert sett, er difor ikkje så urovekkande, skriv han.
Potensiell risiko
Likevel påpeiker han at studien viser at det er mogleg å bruke KI til å designe nye komplette virusgenom. Dei kan lagast i eit laboratorium og bli til funksjonelle virus.
– Den største bekymringa er difor at liknande KI-modellar, som har vorte trena på alle typar virus, vert nytta til å designe nye virus som kan infisere menneske.
Støve skriv at det allereie er mogleg å lage nye eller endre eksisterande virus utan KI.
– Men om ein får KI-modeller som gjer det enklare og raskare å designe nye virusvariantar som kan infisere menneske eller dyr, så kan det vere problematisk.
Kva no?
Forskinga viser kva som er mogleg med denne typen KI-modellar, skriv Støve. På lengre sikt kan denne forskinga gjere det mogleg for forskarar å designe nye og meir komplekse biologiske system.
Samstundes viser forskinga at det blir viktig å følgje utviklinga tett, skriv han.
– Ein slik modell kan gjere biologisk design av nye virus både raskare og lettare tilgjengeleg enn før. Det gjer spørsmål om biosikkerheit aktuelle. Forfattarane sjølv gjer til dømes eit poeng av at biosikkerheit må vere i førarsete dersom andre slike prosjekt skal gjennomførast.
– Ein må ha tydelegare retningslinjer og betre analyseverktøy for å sikre biosikkerheit, om denne teknologien vert meir tilgjengeleg i framtida, avsluttar Støve.






