EU innfører KI-bøter
EU tek grep for å hindre selskap og styresmakter i å misbruke KI-teknologi.
Dei fleste av EUs nye reglar for å regulere KI-bruk trer i kraft i dag.
EUs AI-act forbyr visse typar KI-bruk, til dømes å kjenne att humøret til tilsette på arbeidsplassen eller generell ansiktsgjenkjenning frå styresmaktene på offentlege stader.
EU krev også openheit om KI-bruk når det gjeld chatrobotar og innhaldsgenerering.
For brot på reglane kan selskap få bøter som vert rekna ut frå økonomien til selskapet.
Regjeringa i Noreg har sagt at ho vil innføre ei KI-lov som er i tråd med reglane frå EU, men denne prosessen er forseinka.
Fire nivå
EU deler KI-bruk inn i fire ulike risikonivå.
Bruk som fell innanfor det strengaste nivået vert altså forbode innanfor EU. Dette gjeld KI-bruk som kan utgjere ein trugsel til tryggleiken, rettane eller liva til menneske.
Denne kategorien inneber manipulering av folk si framferd, framsynt politiarbeid (altså å «spå» framtidige lovbrot basert på data), attkjenning av kjensler på arbeidsplassen eller i utdanningssystemet, og sosial scoring av menneske.
Det nest strengaste nivået vert strengt regulert. Her må teknologien gjennom omfattande testing og menneskeleg påsyn for å få godkjenning. Dette gjeld medisinsk diagnostisering, sjølvstyrande køyretøy og biometrisk identifisering av menneske som er involverte i eller under etterforsking for lovbrot.
Dette nivået inkluderer også vurdering av eksamen, rekruttering og handsaming av lånesøknader.
Ein del KI-bruk som har lågare risiko må markerast, slik at brukaren veit at hen brukar ei teneste som er driven av KI. Det gjeld chatrobotar og KI-system som genererer innhald. Deepfakes og AI-generert tekst som er publisert i saker av offentleg interesse, må vere tydeleg merka.
KI-bruk som ikkje fell under dei nemnde nivåa overfor, vert ikkje regulert. EU nemner til dømes KI-styrte spel eller spamfilter.







