Debuterer i direkte-debatt: – Nervøs for å choke
Klassisk musikk, terpe på viktige poeng og ein siste tur på do – slik førebur ungdomspartileiarane seg til kveldens debatt.
– Dette er det største vi gjer i løpet av året, og eg har lyst til å prestere. Det er noko eg har gledd meg til sidan eg vart vald, seier Grøn Ungdom-leiar Henriette Sjursen-Eriksen på telefon frå Arendal.
Sjursen-Eriksen, som vart vald til ny leiar i ungdomspartiet i desember, er på politikk-festivalen Arendalsveka, og i kveld skal ho delta i ungdomspartileiardebatten som er arrangert av NRK og Amedia.
I kveld er det heile seks ferske ungdomspartileiarar som deltek i debatten på NRK. Framtida har snakka med tre av dei.
Imposter-syndromet
– Eg er ei nervøs sjel, og har grua meg og syntest at dette er skummelt sidan dag éin, seier Sara Ude Hasle, som vart vald som leiar i Sosialistisk Ungdom i sommar.
– Eg blir nervøs for å choke eller seie noko feil. Men: Eg tenker jo at det kjem til å gå bra, eg har gjort det før og det ordnar seg. Men det er alltid ei imposter-kjensle i bakhovudet, seier ho.
Men sjølv om nervane har meldt seg allereie, er ho trygg på politikken ho skal argumentere for under debatten.
– Sjølv om eg blir nervøs av så store ting, er det skikkeleg gøy, og eg kosar meg veldig under debatten. Eg har god kontroll på debatt generelt, seier ho.
Og ho understrekar at dei andre ungdomspartileiarane er greie og hyggelege.
– Sjølv om det kan bli høg temperatur i debatten, er det god stemning på bakrommet, fortel ho.
Les også: SU-Sara vil ta til gatene og kjempe mot fascisme
Opera og Lars Vaular
Hasle passar på å sove godt, ete og gå ein tur for å førebu seg til debatt.
– Så har eg ei fast speleliste som eg høyrer på for å komme inn i settinga for å bli klar. Mange plar høyre på energiske låtar, men eg har ein klassisk song frå balletten Romeo og Julie som eg høyrer på repeat. Og så Rett opp og ned av Lars Vaular.
– Kva vil du seie er skilnaden på vaksen-debatt og ungdomsdebatt?
– Vi torer kanskje å seie ting litt meir som dei er. Vi er flinkare til å ikkje gå rundt grauten, tar det på kornet og arresterer kvarandre. Det er chill med å debattere mot ungdomsparti; alle er einige om å seie det som det er og vere real.
Sparringpartnarar
Nicolai Østeby, nyvald leiar i Unge Høgre i juni, fortel at han på si side ikkje vert nervøs i opptakta, men kan kjenne på nervøsiteten på sjølve dagen.
– Noko anna ville vore rart, seier han på telefon til Framtida.
For Østeby går førebuingane mest til å sette seg godt inn i sakene og sparre med folk rundt seg.
– Eg har ikkje noko låt eg må høyre på rett før, men eg går som regel alltid på do rett før debatten, seier han.
Les også: Nicolai Tangen er førebiletet til Unge Høgre-Nicolai
Motstandar med erfaring
Med åtte år bak seg som medlem og tillitsvald i Unge Høgre understrekar han at han er godt van med debattformatet. Men det er skilnad på skuledebatt og profesjonell tv-produksjon i beste sendetid. Det vert både spennande og utfordrande, trur UH-leiaren.
– Eg synest det er veldig gøy og interessant å debattere politikk. I alle fall når det er tema som interesserer meg og som er viktige for Unge Høgre, og det er temaa for denne debatten i høgste grad.
– Eg ser fram til å bidra til å få fram politiske skilnader og snakke om saker som eg trur mange unge er veldig opptekne av.
Medan seks av ni leiarar er ferske i kveldens debatten, er det nokre drivne ringrevar dei skal møte i debatten. AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø, Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci og Senterungdommen-leiar Nils Forren har vore gjennom eit stortingsval som leiar, og særleg Skjervø har utmerkt seg som ein sterk debattant.
Østeby vedgår at det vert ei utfordring å få bryne seg på dei meir erfarne debattantane.
– Eg har møtt alle i debattar før, så eg trur det skal gå fint. Gaute er dyktig i sånne settingar, og eg ser fram til å debattere mot han.
Sinna førebilete
Sjursen-Eriksen i Grøn Ungdom meiner på si side at debatt er noko av det morosamaste ho får gjere som ungdomspartileiar.
– Det er så gøy å få representere heile organisasjonen min! Og sjølvsagt har eg litt nervar, mest for om eg klarar å representere organisasjonen så bra som eg vil. Men det er mest positiv kribling i magen, seier ho.
Les også: Grøn Ungdom-leiaren vil ikkje vere ein ungdomspartileiar som polariserer
Sjursen-Eriksen fortel at ho har sett på andre ungdomsdebattar med æresfrykt over kor flinke debattantane er.
– Eg ser veldig opp til Hulda Holtvedt, som var leiar i GU for nokre år sidan. Ho er veldig tydeleg, og ho torde å vere sint og vise at ho var sint. Kvinnelege politikarar får beskjed om å smile meir heile tida, og det er frustrerande. Eg er glad for at eg har førebilete som henne. Ho er grunnen til at GU er så store som vi er no, seier den ferske leiaren.
– Blir det litt sinne frå deg òg i denne debatten?
– Det kan godt hende. Eg har mykje engasjement og ting eg brenn veldig for. Det å sjå at nokon er engasjert, er sunt, og mykje morosamare å sjå på når ein ser at folk faktisk bryr seg, seier Sjursen-Eriksen.
Kjensla av å gjere noko med det
Før ho skal i debatt, hender det at GU-leiaren høyrer på Rihanna for å komme i stemning. Men det viktigaste ho gjer i forkant, er å finne ut kva hovudpoenga hennar er, og øve på å seie det så presist og slagkraftig som mogleg.
– Eg er i politikken fordi eg synest verda er skummel og forferdeleg, og vil gjere noko med det. Det er noko deilig med å få vise engasjement og få utløp for det. Eg seier ofte til partiet at når verda går i feil retning, er det noko med å føle at ein gjer noko med det. Det føler eg når eg står i debatt, seier ho.
– Trur du unge sjåarar blir noko klokare av å sjå politikarar frå ni ulike parti stå og kjempe om å få fram kvar sine poeng?
– Eg trur ein blir klokare. Og berre det å få sjå kven som representerer alle ungdomspartia i Noreg, er kjempeviktig. Skal demokratiet henge saman, må ein ha stabile parti, og ungdomspartia er kjempeviktige for rekrutteringa. Det var gjennom slike debattar eg vart introdusert til ungdomspolitikken og skjøna at dette var noko eg òg kunne drive med, seier ho.
Vil gjerne snakke åleine
Som leiar av eitt av dei mindre partia, kan det hende Sjursen-Eriksen må ta til takke med mindre taletid enn til dømes AUF og Unge Høgre. Sjursen-Eriksen skulle gjerne sett at taletida vart endå meir jamt fordelt mellom partia.
– I ei ideell verd hadde jo eg fått uavgrensa taletid, spøkar ho.
– Men eg skjønar at det blir sånn. Eg skulle ønske det var meir tid til dei som hadde relevante argument på feltet. På klimafeltet meiner eg det er viktigare at klimapartia får snakke enn til dømes Høgre, som ikkje har utmerkt seg dei siste åra. Det er viktigare å følge den type skiljeliner enn å gå etter storleiken på parti, meiner Sjursen-Eriksen.









