Nicolai Østeby er ny leiar i Unge Høgre
Landsmøtet til Unge Høgre gjekk mot innstillinga til valkomiteen, og røysta fram nestleiaren til å leie ungdomspartiet.
– Eg er stolt og audmjuk over å ha fått landsmøtets tillit til å leie eit knallsterkt Unge Høgre-lag inn i ein avgjerande periode for partiet vårt, skriv Nicolai Østeby (23) på tekstmelding til Framtida.
Han har til no vore nestleiar i Unge Høgre.
Ola Svenneby gjekk av i vinter, etter seks år som leiar av Unge Høgre, for å bli nestleiar i moderpartiet. Sidan har Oda Røhme Sivertsen leia ungdomspartiet. Ho blei einstemmig innstilt av valkomiteen til å halde fram som leiar, men Østeby stilte som motkandidat.
På landsmøtet i helga blei det klart at medlemmane ønskjer at Østeby skal ta over roret. Med seg på laget får han Maria Strand Munkhaug ogSivert Wahlgren Leirbakk som nestleiarar.
23-åringen frå Kristiansand er tydeleg på at han vil jobbe for vekst i moderpartiet, som gjer det svært dårleg på dei siste målingane.
– Vi skal vise Høgre at vegen tilbake til å bli største parti på borgarleg side, er gjennom å velje dei rette svara, ikkje dei lette.
Det nye sentralstyret til Unge Høgre:
- Maria Strand Munkhaug, 1. nestleiar
- Sivert Wahlgren Leirbakk, 2. nestleiar
- Sanna Rana, sentralstyremedlem
- Felix Lacoste, sentralstyremedlem
- Oda Skaug, sentralstyremedlem
- Herman Helling, sentralstyremedlem
- Antonio Wilhelmsen Serri, leiar Høgres studentar
Østeby meiner Noreg treng store reformer om hans generasjon skal få oppleve minst like god velferd og velstandsvekst som foreldregenerasjonen.
– Vi må forandre for å bevare det beste med landet vårt.
Likevel begynner jobben hans med ei litt enklare oppgåve.
– Det fyrste eg skal ta tak i er å be Ola hente rotet sitt på kontoret, seier han lurt.






