Meir enn 9000 elevar mistar tilgangen til skulelydbøker.
Meir enn 9000 elevar har hatt tilgang til statlege skulelydbøker, men til hausten er det berre 82 av dei som beheld han. Fleire parti krev at regjeringa snur.
– Kanskje det er best for meg å berre satse på å få meg ein jobb, seier Wiebe Kroder-Schille (17) til Utdanningsnytt.
Om ein månad skulle han etter planen begynne andre året på vidaregåande i Drøbak. Men med ein ny regel om skulelydbøker, ser han ikkje lyst på vidare skulegang.
Frå nesten 10 000 til 82
I fjor lånte han skulelydbøker frå Statped. Det same gjorde nesten 10 000 andre elevar, viser tal som Dysleksi Norge har henta frå Statped.
Men frå hausten blir skulelydbøker frå Statped reservert for elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, skriv Utdanningsnytt.
Tal Dysleksi Norge har henta inn, viser at dette berre gjeld 82 personar.
Dei med dysleksi og andre lesevanskar må no få digitale læremiddel gjennom kommunen eller fylkeskommunen.
Ikkje godt nok
Venstre-leiar Guri Melby kallar grepet hårreisande, og meiner at det ikkje er godt nok å overlate ansvaret til kommunane utan å garantere at tilbodet blir finansiert.
Stortingsrepresentant for SV Sunniva Holmås Eidsvoll meiner omlegginga står i kontrast til det varsla leseløftet, medan Mathilde Tybring-Gjedde frå Høgre åtvarar om at tilbodet kan bli avhengig av kommuneøkonomi og bustad.
Avviser kritikk
På si side avviser Kunnskapsdepartementet kritikken. Dei understrekar at den lovfesta retten elevane har til tilrettelegging ikkje blir endra, og at kommunane og fylkeskommunane har ansvar for å skaffe nødvendige læremiddel.
Departementet viser til at regjeringa har sett av 140 millionar kroner til lærebøker, og at inntil ti prosent av tilskotet kan bli brukt på digitale versjonar for elevar med lesevanskar.
Caroline Vigestad Solem, generalsekretær i Dysleksi Norge, meiner kunnskapsministeren ikkje ser heile biletet.
– For det fyrste er ikkje alle skulebøker tilgjengeleg gjennom forlaga, og for det andre er det ikkje gitt at skulane kjøper dei inn til elevane sine. Særleg i dagens situasjon med pressa kommuneøkonomi.






