Politikk og samfunn

«Eg vil heller ha fulle nærmiljøbaner enn halvfulle luksusarenaar»

Når vi prioriterer VM framfor breiddeidrett, sender vi eit tydeleg signal: at glansa toppidrett er viktigare enn kvardagsglede, folkehelse og inkludering, skriv Maja Elise Winge frå Sosialistisk Ungdom.

Maja Elise Winge (23)
2. Nestleiar i Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen

Fleire parti på Stortinget opnar no for å satse på eit fotball-VM i Noreg. Det høyrest kanskje storslått ut, fulle tribunar, gigantiske stadion og internasjonal merksemd.

Men spørsmålet vi må stille oss er kven er det eigentleg som får glede av desse investeringane på hundremillionar og kva er det vi vel bort?

Når vi snakkar om VM, snakkar vi om enorme investeringar i nye og utvida stadion, infrastruktur og arrangement. Erfaringar frå andre land viser at det er staten, kommunane, og i siste instans vanlege folk, som sit igjen med rekninga, medan milliardinntektene frå TV-rettar, sponsorar og kommersielle avtalar hamnar hos FIFA.

I USA har vi sett korleis byar som Chicago har trekt seg unna og sagt tydeleg nei til å vere vertskap for gigantmeisterskap nettopp fordi kostnadene, risikoen og inngrepa i byen blir for store, medan overskotet forsvinn ut til FIFA.

Det er også ein varsku for oss.

Det er kvardagsidretten som gjeld

I staden burde vi bruke pengane der dei faktisk skaper varig verdi, i breiddeidretten. Det er på grusbaner, kunstgrasbaner, i gymsalar og små idrettslag rundt om i landet at norske fotballspelarar blir forma.

Antonio Nusa starta på Langhus, ikkje på eit flunkande nytt VM-stadion.

Historia om norske toppspelarar er historia om gode lokale trenarar, frivillige foreldre, kommunar som prioriterer idrettsanlegg, og barn og unge som har eit trygt og tilgjengeleg tilbod der dei bur.

Vi må ikkje gløyme at vi har to fotballandslag, for kvinner og menn, som består av spelarar frå heile Noreg. Alle desse spelarane har éin ting til felles, nemleg at dei starta i barneidretten.

Om vi skal halde fram med å kvalifisere oss til VM, og utvikle både nye Nusa-er og nye Hegerberg-er, er det ikkje gigantprosjekt som gjeld. Det er kvardagsidretten.

Det er garderobar som ikkje er muggskadde, baner som ikkje er stengde halve året, og klubbar som har råd til utstyr, trenarar og inkludering.

Samtidig ser vi no kutt i tilskot, prosjekt som blir skrinlagde, og idrettsanlegg som aldri blir bygde, nettopp fordi kommunar og staten ikkje «har råd». Då blir det absurd å snakke om å bruke enorme summar på moglegheita for kanskje, eventuelt, ein gong om nokre tiår å arrangere eit fotball-VM på norsk jord.

Treng ikkje fotball-VM for å vere ein fotballnasjon

Når vi prioriterer VM framfor breiddeidrett, sender vi eit tydeleg signal: at glansa toppidrett er viktigare enn kvardagsglede, folkehelse og inkludering. Men det er den organiserte aktiviteten i nærmiljøet som gjer at barn og unge finn ein fellesskap, lærar å meistre, og får eit forhold til idrett som varer livet ut. Det er der vi førebyggjer utanforskap, styrkjer folkehelsa og gir flest mogleg høve til å delta.

Eg vil heller ha fulle nærmiljøbaner enn halvfulle luksusarenaer. Eg vil ha fleire Nusa-er frå Langhus og fleire talentfulle jenter og gutar frå heile landet, ikkje tomme VIP-losjar og gjeld vi må betale ned i fleire generasjonar.

Noreg treng ikkje eit fotball-VM for å vere ein stor fotballnasjon. Noreg treng sterke idrettslag, gode anlegg og føreseielege støtteordningar for breiddeidretten. Derfor bør Stortinget slå fast at framtidas idrettspolitikk ikkje skal handle om gigantarrangement for nokre få, men om gode kvardagsarenaer for alle.