Silya Nymoen gjekk på Balletthøgskulen, starta karrieren som vokalist og frykta å ikkje bli god nok.
– Dans var typ det einaste eg tenkte på. Det var livet. Også då med litt synging ved sidan av. Trening, tøying, synging. Repeat.
Det skriv Silya Nymoen på e-post til Framtida. Den 48 år gamle artisten fekk eit stort gjennombrot i den norske offentlegheita då ho hadde vokal på låta «Not for the Dough» i 1999, men er for mange best kjent som vinnaren av NRK-programmet «Stjernekamp» i 2013.
Sidan då har ho vore programleiar fleire forskjellige stader, og i haust får vi sett ho i «Forræder» på TV2 og i musikalen «Chicago» i Oslo.
I 1998, då ho var 20 år, gjekk ho på Statens Balletthøgskole, og var heilt i starten av karrieren sin.
Visste ho skulle stå på scena
– Eg jobba også på Akers Mic (platebutikk) i helgene, der eg vart kjent med Lars frå Multicyde, og i desember -98 gav vi ut vår første singel «The Claptrap».
– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?
– Eg levde i ei skuleboble, og hugsar liksom ikkje akkurat no kva som skjedde elles i verda då … Jo, Noreg slo Brasil i fotball-VM, ha!
Nesten tretti år seinare hugsar ho godt musikken ho lytta til.
– I 1998 kom « The miseducation of Lauryn Hill» og den høyrde eg i hel. Eg elskar den plata framleis.
Den kule R&B-stilen er ikkje så langt unna musikken Nymoen etter kvart utvikla seg innan, men i utgangspunktet var det dansen som var fokuset. Ho visste kva ho skulle bli i livet.
– Eg visste at eg ville stå på ei scene. Og då eg var 20 så var det å bli proffdansar som var høgast på lista.
Det sterkaste minnet frå den tida er difor då ho overraska seg sjølv. Lars Larssen Naumann spurde om ho kjende nokon som kunne synge for Multicyde, og ho fremja sitt eige namn.
– Eg veit ikkje heilt kvar det motet der kom frå … for eg var veeeldig sjenert som barn. Men det at eg torde og at det vart eit stort vendepunkt i livet også, gjer at det står ganske sterkt.
Starta dansen seint
Dei viktigaste i livet på den tida var venane på studiet.
– Vi budde saman, gjekk på skule saman og gjorde alt saman. Det var så fint å kunne dele alle opplevingar.
– Hugsar du 20-årsdagen din?
– Oi. Nei det hugsar eg ikkje … Eg var vel på ein fest ein eller annan stad då.
Nymoen hadde store draumar og var motivert til å få det til. Alle var ikkje like entusiastiske.
– Eg hadde foreldre som var akademikarar, så dei var bekymra for eit så usikkert yrke som dans. Men eg hadde stjerner i auga.
Den store frykta var å ikkje bli god nok.
– I alle fall så god som eg ville bli. Eg byrja ganske seint å danse, så eg måtte jobbe ekstra hardt. Dansen var så altoppslukande at det var sånne ting eg tenkte på. Men eg var også ganske fryktlaus og syntest at alt var spennande.
Livet går opp og ned
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Haha! Eg ville kanskje tenkt «Oi, her var det mykje energi og kanskje litt for mykje av det …» men samstundes vore imponert over sjølvdisiplinen og arbeidsmoralen.
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
–Kanskje å ta det litt med ro innimellom? Og også at livet kjem til å vere mykje opp og ned. Berre go with the flow og ikkje stress.












