DNB vil endre BSU-ordninga: – Har gått ut på dato

Mange unge slit med å få kjøpt seg bustad, og BSU-ordninga hjelper ikkje, meiner DNB, som no vil endre ordninga.

NPK-NTB
Publisert

– Vi synest at ordninga har gått litt ut på dato, seier leiar for personmarknad Maria Ervik Løvold i DNB til NRK.

Ho seier bustadmarknaden er pressa for unge no, og at det er på tide med ei oppdatering av spareordninga for unge.

– Ei leilegheit på 50 kvadratmeter kostar oppunder 5 millionar no. Då må ein ha ein halv million i eigenkapital, seier ho.

Løvold vil både doble maksgrensa og auke skattefrådraget til 20 prosent igjen. Først då meiner ho at BSU blir eit tiltak som kan hjelpe unge inn på bustadmarknaden.

– Dei treng eit ordentleg skattefrådrag, å få lov til å spare meir kvart år, og at totalbeløpet heng saman med prisutviklinga vi har sett i dei store byane, meiner ho.