Vekas viktigaste: Flamingorevolusjon og «sunn fornuft»-allianse
Opptøyar i Belfast, demonstrasjon i Albania og Fifa-presidenten på pressekonferanse. | Foto: AP Photo/Peter Morrison, AP Photo/Hameraldi Agolli, AP Photo/Eduardo Verdugo, kollasj av Framtida.no
Les deg opp på nokre av dei viktigaste sakene frå den siste veka!
16 personar vart arresterte og 12 politibetjentar vart skadde etter valdelege hendingar natt til torsdag i Belfast i Nord-Irland, skriv den irske kringkastaren RTÉ.
Uroa kjem etter ei knivstikking. Ein mann i 30-åra med sudanesisk bakgrunn vart arrestert for drapsforsøk på ein mann i 40-åra, som no er i koma og har mista eit auge.
Folk kledde i balaklava har teke til gatene, sett fyr på ein bil, kasta murstein på politiet og folkemengder har blitt oppløyste med vasskanonar frå politiet. Ifølgje BBC har fleire tilsette med utanlandsk bakgrunn ved eit sjukehus blitt truga.
Ministeren i Nord-Irland kallar det for «rasistisk pøbeloppførsel». Familien til den knivstukne mannen ber folk om å slutte å dele feilinformasjon på sosiale medium, og understrekar at dei ikkje støttar den valdelege responsen.
Politiet forsøker å spreie demonstrantar nær Newtownabbey i Belfast onsdag 10. juni. | Foto: AP Photo/Peter Morrison
KrF vil ha ny politisk allianse med Senterpartiet
Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet er dei KrF-leiar Dag-Inge Ulstein helst vil samarbeide med i den såkalla «sunn fornuft-alliansen», skriv NRK. Partiet Venstre er ikkje inkludert.
Senterpartiet har lenge alliert seg med partia til venstre for seg sjølv, men har det siste året gått til høgre i fleire saker. Eitt av dei tydelegaste skilja kom då Senterpartiet i mars braut budsjettavtalen for å tvinge fram kutt i avgiftene på bensin og diesel.
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum har sagt at dei ikkje vil starte eit spel om ulike regjeringsposisjonar. Dei vil bruke nøkkelposisjonen sin til å få fleirtal om sin politikk. Han viser spesielt til Høgre og Frp sin sentraliseringspolitikk som eit hinder for samarbeid.
KrFs partileiar Dag-Inge Ulstein under ein pressekonferanse torsdag 11. juni. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Flamingorevolusjon» i Albania
Det har brote ut demonstrasjonar i Albania mot Trump-familiens planar om å byggje luksusanlegg i eit naturreservat i landet.
Demonstrasjonane har fått tilnamnet «flamingorevolusjonen». Bakgrunnen er at president Trumps dotter Ivanka Trump og ektemannen Jared Kushner vil byggje luksusleilegheiter på øya Sazan og området rundt, som er Albanias einaste hekkeområde for dei rosa flamingoane.
Onsdag møtte fleire tusen opp i gatene i hovudstaden Tirana. Bodskapen er at Albania ikkje er til sals. Demonstrantane krev at landets statsminister Edi Rama går av.
Ifølgje NRK avviser statsministeren at utbygginga er problematisk, og meiner prosjektet er viktig for landets turisme.
EU-kommisjonen har òg gitt beskjed til albanske styresmakter om at dei er uroa for luksusprosjektet, skriv NRK.
Demonstrantar i Tirana i Albania. | Foto: AP Photo/Hameraldi Agolli
Fifa-presidenten svarar på kritikk: – «Betre å chille»
På ein pressekonferanse dagen før opningskampen i fotball-VM, svarte Fifa-president Gianni Infantino på kritikk som har kome i opptakta til meisterskapet. USA, Canada og Mexico er vertskap for turneringa, og dei fleste kampane blir spelte i USA.
Onsdag oppmoda FNs høgkommissær for menneskerettar, Volker Türk, til ei «massiv nytenking» av immigrasjonspolitikken, spesielt i USA rundt VM. Han trekte fram raseprofilering, overvaking og handheving av immigrasjonsreglar.
Det har blitt rapportert om fans som ikkje har fått reise til VM på grunn av visumrestriksjonar. Irans landslag har blitt flytta frå ein treningsleir i USA til Mexico. Tidlegare i veka blei den somaliske dommaren Omar Artan nekta innreise i USA.
Infantino seier det som skjedde med dommaren, er uheldig, men at Fifa ikkje kontrollerer alt.
– Vi diskuterer, vi snakkar. Nokre gongar er det betre å chille og slappe av. Vi jobbar med alt. Vi prøver å fikse alt mogleg. Å begynne med å skrike og rope med éin gong, kan av og til ha motsett effekt dersom målet er å finne ei løysing, seier han, ifølgje VG.
Fifa-president Gianni Infantino på ein pressekonferanse i Mexico City onsdag 10. juni. | Foto: AP Photo/Eduardo Verdugo
– Dette er ikkje ein statistikk vi ønskjer å toppe. At Noreg ligg høgast på bruk av kokain blant unge vaksne, er urovekkjande, uttalar helsedirektør Cathrine M. Lofthus i ei pressemelding.
Tala i rapporten er frå 2024. 5,6 prosent av unge i alderen 15–34 år rapporterer at dei har brukt kokain dei siste tolv månadane. Helsedirektoratet opplyser at talet for 2025 er 4,5 prosent.
Dei understrekar at endringar frå eitt år til eit anna må tolkast med varsemd, men stadfestar at det har vore ein auke dei siste ti åra.
Direktoratet peikar på lettare tilgang som ein del av forklaringa, og at bruk av kokain er ofte er knytt til fest og uteliv, og i kombinasjon med alkohol.
Unge nordmenn rapporterer om mest kokainbruk i Europa, viser ein ny rapport. | Illustrasjonsfoto: Beate Oma Dahle / NTB
Medisin kan forlenge livet til dei med bukspyttkjertelkreft
Ei nyutvikla behandling kan doble antal år pasientar med kreft i bukspyttkjertelen har igjen å leve.
Ein studie klarte ved hjelp av legemiddelet daraxonrasib å doble overlevingstida for pasientar med kreft i bukspyttkjertelen, samanlikna med dei som fekk cellegiftbehandling. Pasientane rapporterte òg om betre livskvalitet, og behandlinga kan sjå ut til å gi færre alvorlege biverknader, skriv den tyske kringkastaren DW.
Bukspyttkjertelkreft utviklar seg ofte utan merkbare symptom og er vanskeleg å behandle. Den nye behandlinga er ingen kur for sjukdommen, men medisinsk direktør ved Freiburg universitetssjukehus Dietrich Ruess meiner studien bør reknast som eit revolusjonerande gjennombrot.
Mikroskopbilete av kreftceller i bukspyttkjertelen. | Illustrasjonsfoto: Min Yu/Eli and Edythe Broad Center for Regenerative Medicine and Stem Cell Research at USC, USC Norris Comprehensive Cancer Center, File
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.