Fleire unge får interesse for Kina: – Eg ønsker å vere eit bindeledd

TikTok, Temu og Labubus har tatt verda med storm. Medan USA er blitt ein ustødig partnar, blir unge rivne med av ei anna framståande stormakt.

Hedda Aurdal
Publisert

– Kina er framleis veldig ukjent for Vesten. Dei har utvikla seg åleine. Det gav meg lyst til å oppleve kulturen deira sjølv, seier Sivert Wettermark (25) til Framtida utanfor Niels kaffibar på Blindern.

Han har akkurat gjort seg ferdig med ein bachelor i Kina-studium med kinesisk på Universitetet i Oslo, men vart først introdusert for kinesisk språk og kultur på vidaregåande. Då tida for å studere kom, blei valet naturleg.

– Eg driv mykje med musikk, så tonane i språket var lette for meg å høyre og uttale, seier Wettermark.

Kinesisk er eit tonebasert språk med fire forskjellige toner. Dei bestemmer kva for eit ord du seier. For eksempel betyr mā (første tone) mamma, medan mǎ (tredje tone) betyr hest.

Sivert levde livet meir eller mindre som normalt i Kina. | Privat

– Språket har blitt meir relevant dei siste åra, så eg har fokusert mykje på snakke kinesisk.

Positivt overraska

– Det er framleis ikkje så mange som kan kinesisk, men eg har merka at det er meir populært no. Mitt ønske er jo å bli eit bindeledd mellom Kina og Noreg, seier Wettermark.

Før måtte han forklare meir kva studiet går ut på, medan folk no reagerer annleis når han seier det er kinesisk han har studert.

Folk er meir interesserte, og ser verdien i å kunne språket.

Kva tenkte du om Kina før du begynte å studere, og kva tenker du no?

– Eg tenkte at det var ein stad der ein må vere forsiktig og leve livet litt annleis enn det vi gjer i Noreg, men då eg studerte i Kina levde eg livet som normalt. Snapchat var tilgjengeleg utan VPN, til og med. Det var mest foreldra mine som bekymra seg, seier studenten.

Wettermark fortel at foreldra var bekymra for opphaldet i Kina, heilt til dei drog dit sjølv. Etter turen vart dei meir positivt innstilte til Kina.

– Mora mi likte landet så godt at ho drog tilbake på ferie åleine, seier Wettermark.

Sosiale medium opnar dører

Gjennom bacheloren i Kina-studium har Wettermark lært språket og kulturen å kjenne.

Han har inntrykk av at fleire unge er positivt innstilte til Kina på grunn av sosiale medium.

– Gjennom sosiale medium har vi fått eit betre blikk på korleis det eigentleg er i Kina. Jo meir folk får å sjå ein kvardagsleg versjon av Kina, jo meir normalisert blir landet.

I tillegg meiner Wettermark at Kina gir inntrykk av at dei ikkje ønsker konflikt.

– Etter at USA har blitt meir uføreseieleg, er det kanskje mange unge som har inntrykk av at Kina ønsker å samarbeide. Unge liker kanskje tanken på at Kina ikkje nødvendigvis ønsker krig i ei uroleg verd, og då blir dei meir positive til landet.

Viser korleis Kina fungerer

Ei anna som akkurat har fullført ein bachelorgrad i Kina-studium med kinesisk, er Rebekka Y. Reuvekamp (22). Ho jobbar med yngre folk og har lagt merke til at dei synest det er gøy med kinesiske trendar og songar.

– Då TikTok heldt på å bli lagt ned, var dei raske med å akseptere Xiaohongshu (også kjend som Red Note, red. anm.) som den nye plattforma å vere på. Den hendinga viser korleis Kina fungerer. Dei var raske til å ta imot nye brukarar og tilpasse appen til deira behov.

Dei meiner Reuvekamp er nøkkelen til korleis å fange unge si interesse.

– Kina er raske på trendar, og unge folk liker at ting går raskt.

Ein kinesisk gigant

Sidan 2018 har TikTok vakse til å bli eit av verdas største sosiale medium. Reisa starta i 2014 med danseappen Musical.ly frå Shanghai. To år seinare gav den kinesiske tech-giganten ByteDance ut ein liknande app kalla Douyin.

Etter å ha nådd over 100 millionar brukarar i Kina og Thailand, kjøpte ByteDance Musical.ly, slo appane saman og lanserte den internasjonale versjonen: TikTok.

TikTok brukar musikk og sterke algoritmar for å engasjere sjåarar, og kan ofte berekne kva videoar som vil gå viralt. 

I dag har TikTok over 1,99 milliardar aktive brukarar. At ein kinesisk app har fått ein så stor plass i livet til unge over heile verda, bekymrar verdsleiarar. I 2024 signerte politikarar i USA ei lov for å bannlyse TikTok, med mindre ByteDance selde appen til amerikanske eigarar.

Dei var bekymra for at koplinga til den kinesiske regjeringa truga tryggleiken til amerikanske brukarar, og frykta at Beijing kunne tvinge ByteDance til å gi frå seg brukardata.

Både ByteDance og den kinesiske regjeringa nektar for at det er grunnlag for kritikken.

TikTok eller Rednote?

Den 19. januar 2025 trefte ei kortvarig bannlysing av TikTok USA. I tida før bannlysinga såg fleire amerikanske brukarar etter alternativ, og fann ein annan kinesisk app: Xiaohongshu, også kjend som RedNote.

Appen var i utgangspunktet laga for den kinesiske heimemarknaden, der han er ein av dei største, og sidan han liknar på TikTok, var han akkurat det dei amerikanske «TikTok-flyktningane» søkte.

I dagane før bannlysinga klatra RedNote til topps i App Store og Google Play. Utviklarane kasta seg rundt for å tilpasse appen til det nye, internasjonale publikumet, mellom anna ved å rulle ut ein omsetjingsfunksjon for ulike språk. Dette førte til at vestlege og kinesiske brukarar kom i kontakt med kvarandre på ein heilt ny måte.

Berre to dagar etter at bannlysinga var eit faktum, signerte president Donald Trump ein ordre som utsette ho. Dermed strøymde mange av brukarane tilbake til TikTok.

Likevel viser hendinga at unge har eit sterkt behov for ei plattform som TikTok, og at det like gjerne kan vere ein annan kinesisk app som fyller tomrommet.

Rebekka studerte eit semester ved Peking University i Beijing | Privat

Fekk møte kvardagen

Reuvekamp si eiga interesse for Kina starta med å vere nysgjerrig på kulturen. Ho følte dei ikkje lærte mykje om landet i grunnskulen.

– Kina er ei stormakt, så det er viktig at vi forstår dei. Det er ein kompetanse Noreg treng, seier ho.

Studenten ønskte å sjå Kina frå deira perspektiv og drog difor på utveksling til Beijing, der ho studerte ved Peking University.

– Foreldra mine var litt engstelege då eg drog, men etter at eg viste dei korleis Beijing er, vart dei meir avslappa. Eg var ikkje så bekymra for utvekslinga. Eg er glad i mat, så eg drar gjerne dit det er god mat å få, fortel Reuvekamp og ler.

Ho fortel at det varierer frå person til person kvifor dei vel å studere kinesisk. Nokon gjer det for språket, andre for kulturen, nokre for handelsmoglegheiter.

– Det som var viktig for meg, var å kunne sjå på Kina med eit verdsperspektiv, ikkje berre eit vestleg blikk. Eg fekk reise til Kina og møte kvardagen der.

For tidleg å fastslå

Tal Framtida.no har fått frå Universitetet i Oslo, viser at dei med kinesisk som førsteprioritet på søkarlista har dobla seg dei siste åra.

Sjølv om søkartala til kinesisk ved UiO stig, seier seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Hans Jørgen Gåsemyr, at det er viktig å ta tala med ei klype salt før vi veit meir.

– Fleire stader i utlandet er det faktisk observert ein nedgang i antal som studerer kinesisk. Det er òg delvis på grunn av pandemien, seier Gåsemyr.

Antal søkarar 2023–2026

Det har vore ein auke i antal søkarar til Kina-studium med kinesisk.

Tal frå Universitetet i Oslo viser at dei med kinesisk som førsteprioritet på søkarlista har dobla seg dei siste åra:

2026: 126

2025: 87

2024: 67

2023: 55

Gåsemyr har vore seniorforskar for NUPI sidan 2017. | Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI)

 

Han fortel vidare at søkartal varierer frå år til år og at det er behov for meir data for å fastslå om ei ny bølge med kinaentusiaster er i gang.

– Med det sagt så har det vore mange kritiske og dels negative vinklingar på Kina dei seinaste åra. Det er skepsis til kinesisk teknologi og frykt for at dei utkonkurrerer europearar, samstundes som Kina har klart å halde fram med å markere seg som ei stormakt.

Mjuk makt

Gåsemyr meiner likevel at popularisering av kinesisk kultur, såkalla chinamaxxing, og TikTok som fenomen er spennande.

– Den jamne nordmannen kan nok ikkje nemne noko frå kinesisk populærkultur, og det vil vere vanskeleg for dei å navngi nokon kinesiske bedrifter. I lang tid har dei ikkje markert seg på ein internasjonal skala i vår del av verda, bortsett frå med TikTok, Huawei og nokre kinesiske elbil-produsentar som har selt mykje i Noreg dei siste åra, fortel han.

Ifølge Gåsemyr kan TikTok sin popularitet vere eit teikn på at Kina har klart å skaffe seg mjuk makt.

Det finst fleire forskjellige former for mjuk makt. Blant anna kan mjuk makt skildrast som evna til å påverke gjennom kulturell tiltrekking og verdiar, framfor hard makt som tvang, trussel eller sanksjonar.

– Dei kan representere Kina på ein ny måte gjennom TikTok, og gjere det kult å knyte seg til landet. Då blir det litt som Japan og Sør-Korea. Dei har klart å bygge seg nokre nisjekulturar gjennom teikneseriar, TV-program og musikk. Dette har Kina mykje av, men det har blitt litt borte i alt anna.

Framleis skepsis i Vesten

På spørsmål om Gåsemyr ser ei kopling mellom kontroversane rundt USA og at Kina blir stilt i eit betre lys, seier forskaren at han gjer det –  til ei viss grad.

– Jo meir drama, rot og kontroversar USA er i, jo meir framstår Kina som roleg og føreseieleg. Samstundes er Kina framleis eit sterkt autoritært land, og det går jo mot fleire grunnleggande europeiske verdiar.

Gåsemyr fortel at dei har sett utviklingar av spennande kulturar og nisjeinteresser som veks, også under autoritære regime.

– Her har Kina mykje å tilby. Det finst mykje spennande ungdomskultur. Koplar ein det til utviklinga av teknologi og TikTok er det ein god del å ta av, men i vestlege orienteringar blir dei framleis møtt med skepsis.