Politikk og samfunn

«Vi kan aldri miste trua på at det nyttar å jobbe for ei betre verd»

«Når unge tydeleg seier at Noreg framleis må stille opp for sivile som blir råka av krig og kriser, bør svaret ikkje vere å trekkje seg tilbake,» skriv Magnus Lenngren (22), politisk nestleiar i Røde Kors Ungdom.

Magnus Lenngren (22)
Politisk nestleiar, Røde Kors Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Verda eg vart fødd inn i, er borte. Ikkje misforstå, det skjedde forferdelege ting medan eg vaks opp, men likevel fanst det ei kjensle av at verda gjekk i rett retning. At fleire land ønskte samarbeid, fred og utvikling.

No skal regjeringa stake ut ei ny retning for norsk bistands- og utviklingspolitikk gjennom Prosjekt Vendepunkt. Det skjer i ei verd med meir krig og konflikt enn det har vore sidan andre verdskrig, og der stadig fleire land bruker meir pengar på militær opprusting og mindre på bistand og utvikling.

Vi som er unge i dag, og som skal arve ei meir militarisert verd, krev difor plassen vår i debatten om kva Prosjekt Vendepunkt skal vere.

Trur på internasjonalt ansvar

Dei siste vekene har eg fått jobbe med eksamen, gledd meg til sommarferien, levd livet og fått vere ung. Men for stadig fleire på min alder er ikkje lenger tryggleik, fridom og retten til utdanning ei sjølvfølge.

Når krig råkar, forsvinn ikkje berre tryggleiken her og no. Han tek òg frå unge menneske moglegheita til å gå på skule, møte vener og planleggje livet sitt. Medan eg kunne feire at eksamen var over, må andre unge berre prøve å overleve. Både kvardagen og framtida deira blir lagde i skugge av røyk frå missil, dronar og artillerigranatar.

Ei fersk undersøking Opinion har gjennomført for Røde Kors, viser at unge i Noreg ikkje har gitt opp trua på internasjonalt ansvar. Tre av fire unge mellom 15 og 25 år meiner Noreg bør oppretthalde eller auke dagens støtte til bistand og humanitær hjelp. Dei prioriterer særleg fred og konfliktførebygging, hjelp i krig og kriser og fattigdomsnedkjemping.

Samtidig seier 57 prosent at dei sjølve ønskjer å bidra til å løyse globale utfordringar som krig, fattigdom og klima. Men berre 16 prosent opplever at dei i stor grad har høve til det. Det bør regjeringa ta med seg inn i arbeidet med Prosjekt Vendepunkt.

Når unge tydeleg seier at Noreg framleis må stille opp for sivile som blir råka av krig og kriser, bør svaret ikkje vere å trekkje seg tilbake. Svaret bør vere ein bistands- og utviklingspolitikk som sørgjer for at naudhjelp faktisk når fram, at hjelpearbeidarar får vern, og at unge får betre moglegheiter til å forstå, påverke og bidra.

Engasjement nyttar

Vi kan ikkje stoppe krigar åleine. Men vi kan påverke kva Noreg gjer. Det begynner med å bry seg, stille spørsmål, krevje svar og bruke røysta si medan det framleis er mogleg å påverke.

Difor håpar eg at fleire unge vil engasjere seg. Vi kan aldri miste trua på at det nyttar å jobbe for ei betre verd.

Prosjekt Vendepunkt er eit vegval om kva verdiar Noreg skal stå for i ei verd som blir meir og meir brutal. Ungdomstida får du berre éin gong i løpet av livet. Difor må Noreg bidra til at fleire unge får vekse opp frie frå krig og naud, men med tryggleik, von og framtidstru.