Utdanning

«Vi må måle kva elevane faktisk kan, ikkje kor flinke dei er til å pugge under press»

Eksamen testar ikkje berre kompetanse, men òg kor godt elevane passar inn i eksamensforma. Nokre får vist kva dei kan, medan andre blir sette tilbake, skriv Zaid Norzai Ahmmad, leiar i Elevorganisasjonen.

Zaid Norzai Ahmmad (20)
Leiar av Elevorganisasjonen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Å la elevane velje sjølv kva fag dei skal ha eksamen i, er ei «enkel løysing på eit komplekst problem», skriv Elisabeth Hekneby frå Unge Høgre i eit innlegg. Ho er redd for at elevane kjem til å velje det faget dei er best i, og ikkje det faget som gjev dei beste føresetnader. Vi i Elevorganisasjonen meiner at elevane ønskjer å velje det som er best for dei sjølve.

Vi vel å stole på elevane.

Legge til rette for å lukkast

Som Hekneby skriv, grunnen til at mange elevar misliker eksamen, er fordi dei ikkje kjenner seg førebudde. Det finst ei løysing på dette: Elevane må få velje sjølve kva fag dei skal ha eksamen i. Elevane ville hatt mykje betre føresetnader dersom dei kunne velje eit fag dei trivst med, og som dei allereie har eit godt utgangspunkt i.

Når vi seier dette, får vi høyre at det berre er unnasluntring, men vi meiner det å velje noko ein trivst med og meistrar, ikkje handlar om å velje den enklaste utvegen, men om å leggje til rette for å lukkast. Elevar som faktisk ynskjer å lukkast, vel noko som gjev dei dei beste moglegheitene opp mot studia dei vil gå.

Det er heilt riktig at skulen i dag er tilpassa ein A4-elev. Om vi ynskjer ein skule som passar for alle, kan vi ikkje halde fram med dagens eksamensordning. I dag blir elevar samla i ein sveitt gymsal, der akademisk skriving og pugging veg tyngre enn kva elevane faktisk har lært. Eksamen testar ikkje berre kompetanse, men òg kor godt elevane passar inn i eksamensforma. Nokre får vist kva dei kan, medan andre blir sette tilbake. Ein skule for alle kan ikkje ha ein eksamen for éin.

Elevane har røysta

Eitt argument Hekneby brukar, er at gutar presterer betre på eksamen enn andre vurderingar fordi det er anonymt. Vi er heilt einige i at anonym vurdering kan vere positivt, særleg for gutar, men det betyr ikkje at vi skal behalde noko som ikkje fungerer. Elevorganisasjonen og elevane er for anonym vurdering, og dette gjeld også sluttvurderinga, men vi er imot dagens eksamensordning.

På Elevtinget var elevar over heile Noreg med på å bestemme kva eksamensordning vi skal kjempe for. Der vedtok elevane at vi ynskjer ei langtidsoppgåve i staden for dagens eksamensordning. Elevane har sagt si meining, og dei ynskjer ei eksamensordning der lærarane stolar på elevane, og dei har moglegheit til å reflektere, revurdere og undersøke undervegs. Dagens eksamensordning legg for stor vekt på pugging, medan ei langtidsoppgåve gir elevane betre moglegheit til å lære undervegs.

Det eg argumenterer for, står eg ikkje aleine om. Det er 180 000 elevar bak ynsket om ei langtidsoppgåve og anonym vurdering.

Vi må måle kunnskap

Vi kan ikkje halde fast ved ei eksamensordning berre fordi ho alltid har vore slik. Skulen har endra seg, elevane har endra seg, og då må eksamen òg endre seg. Vi treng ei sluttvurdering som måler kva elevane faktisk kan, ikkje kor flinke dei er til å pugge under press. Det er på tide å slutte å forsvare ei gammal ordning og byrje å stole på dei som faktisk går på skulen.

Elevane ber ikkje om ein enklare eksamen. Dei ber om ein betre ein.