Krisene du kanskje har gløymt: – Græt for dei
Les deg opp på krisene verda ikkje snakkar så mykje om.
– Det er mange kriser vi har gløymt, og det er mange som eg òg har gløymt.
Det seier Anne Nogva i Legar Utan Grenser på telefon til Framtida.no. Kvart år løfter organisasjonen fram ei handfull av dei krisene som omverda har gløymt.
I denne saka kan du lese deg opp på fire av dei:
Sudan
Ein konflikt du kanskje har høyrt om i det siste, er borgarkrigen i Sudan.
– Ofte låg to kvinner i ei seng, fordi sjukehuset hadde for lite kapasitet, fortel Nogva.
Sjølv om du kanskje veit at millionar av menneske har blitt fordrivne og er på flukt i Sudan, trekker Nogva fram seksuell vald som ei gløymd krise i landet.
– Det er veldig tabu, så folk snakkar ikkje med vener eller familie om dei har opplevd seksuell vald.
Dei krigande partane i landet nyttar seksuell vald som eit våpen i krigen.
Nogva jobba med eit team av lokalt tilsette for å informere lokalbefolkninga om at dei hadde rett på hjelp og støtte, mellom anna retta inn mot dei som har opplevd overgrep og seksuell vald.
– Både kvinner, menn og barn opplever det, fortel Nogva.
I 2025 gjennomførte Legar Utan Grenser 4200 konsultasjonar knytt til seksuell vald i Sudan, opplyser organisasjonen.
Også i Den sentralafrikanske republikken har det vore langvarig krise, fortel Nogva.
Landet har vore i krise sidan 1960-talet, og det har vore borgarkrig lenge. Legar Utan Grenser har jobba i landet i snart 30 år.
Militsgrupper har hatt kontroll over opp mot 80 prosent av områda i landet, og meir enn 711 000 menneske har flykta frå landet, og 469 000 er internt fordrivne.
Militsgruppene har ikkje noka tydeleg leiing eller struktur, som gjer det vanskeleg å lage fredsavtalar.
Lær meir om Den sentralafrikanske republikken.
Cox’s Bazar i Bangladesh
Nogva fortel at ho i 2021 jobba i flyktningleiren Cox’s Bazar i Bangladesh, med rohingyaene. Det er ei av verdas største gløymde kriser.
– Dei fleste av dei har budd ni år i flyktningleir.
Ifølge FN er rohingyaene verdas mest forfølgde minoritet. Meir enn 700 000 rohingyaer har blitt fordrivne frå heimlandet Myanmar, til nabolandet Bangladesh.
No bur altså hundretusenvis av dei i Cox’s Bazar, som blir rekna som verdas største flyktningleir.
Nogva fortel at rohingyaene som bur der har mista statsborgarskapet i Myanmar, kor dei har budd heile livet, og no ikkje har høve til å reise vidare til andre land.
– Dei lever i limbo, i heilt forferdelege forhold. Til dømes bustader som er laga av bambus, stolpar og plast. Og ungane går ikkje på skule.
Rohingyaene i Cox’s Bazar, veit ikkje kor dei er om tre, fem eller ti år, fortel Nogva.
– Det verkar som det er lite politisk vilje til å endre situasjonen for rohingyaene.
Græt for dei
Nogva fortel at ein blir prega av å jobbe i krisesituasjonar.
– Men når ein har ein slik jobb, og er i ein sånn kontekst i lang tid, så må ein nesten stenge litt av.
Men nokon gongar tek ho det innover seg.
– Då kan ein kome tilbake på rommet sitt der ein bur, og tenkje over kva som har skjedd i løpet av dagen eller veka. Og ein græt for dei. Det gjer ein av og til. Men det er vanskeleg å stå i jobben om ein skal tenkje på korleis det er for alle dei enkeltpersonane i kvardagen.
Den demokratiske republikken Kongo
Som med Sudan, kan det vere du har lese om Den demokratiske republikken Kongo i nyheitene dei siste vekene, på grunn av sjukdomen ebola.
Det er matmangel i landet, og millionar av menneske er internt fordrive. Opprørsgrupper, mellom anna gruppa M23, kontrollerer fleire område.
– Der har det vore krig og konflikt i over 30 år. Men når det er eit pågåande stort ebola-utbrot, som potensielt kan ha ringverknader for resten av verda, det er då ein bryr seg. Fordi det kanskje påverkar ein sjølv.
Og det er jo dessverre naturleg, seier Nogva.
Likevel understrekar Nogva kor viktig det er å ha solidaritet og medkjensle med dei som lever i dårlegare kår enn oss.
– Sjølv om ein kan ha avgrensa kapasitet for å ta det inn over seg, er det viktig at ein prøver, seier ho.
Lær meir om Den demokratiske republikken Kongo.
Treng ikkje gjere alt på ein gong
Nogva seier det er viktig at folk veit om krisene og kan snakke om dei.
– Større folkeleg engasjement, gir eit signal til politikarane. Og forhåpentlegvis politisk vilje og handling.
Kriser er jo ikkje gløymde der dei skjer, understrekar Nogva. Likevel trur ho folk kan tenkje at det er skilnad på «oss» og «dei».
– Det kan vere at ein ikkje ser seg sjølv i den andre om ein tenkjer det er ein skilnad der.
For å unngå det, er rådet hennar å søkje meir kunnskap og snakke med andre.
– Eg trur det er godt for andre òg, å sjå at andre engasjerer seg og deler.
Ein treng ikkje vite om alt som skjer, seier Nogva.
– Om det så berre er éi sak, så er det veldig mykje meir enn dei fleste andre av oss gjer på det jamne. Ein må jo velje ut nokre saker for å kunne få gjort noko, avsluttar ho.














