Dette er dei nye råda mot skulefråvær
Heimebesøk, skriftleg plan og kontakt kvar veke er blant tiltaka i dei nye retningslinjene for førebygging og oppfølging av fråvær.
Utdanningsdirektoratet har lansert nye nasjonale råd for å handtera auka skulefråvær. Målet er at elevar med urovekkjande fråvær skal oppdagast langt tidlegare.
– Det me ser, er at det er situasjonar som har gått ordentleg dårleg. Det er gjerne sånn at det har gått altfor lang tid før ein har snakka med eleven. Me ønskjer at det skal bli betre for alle elevane, seier utdanningsdirektør Morten Rosenkvist til NRK.
Blant tiltaka er at eleven sjølv skal velja kva vaksenperson hen vil ha med i samtalar, at skulen tilbyr ein trygg kontaktperson og kan vurdera heimebesøk – dersom eleven og føresette ønskjer det.
Skulane skal òg følgja særleg godt med i overgangar, til dømes frå barneskule til ungdomsskule.
Kritisk
Ingrid Lund, professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Agder, er blant forfattarane av dei nye retningslinene.
– Forsking viser at urovekkjande skulefråvær er ein kompleks tematikk, som må møtast frå ulike vinklar, der mellom anna klasse- og skulemiljø er sentrale faktorar.
Leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, er likevel kritisk til dei nye råda og meiner dei ikkje tilfører skulane sårt trengde ressursar.
– Slik me oppfattar mange av tiltaka, handlar dei om å styrkja dei individuelle rettane til eleven. Me har erfart at det ikkje alltid løyser problema, seier han til NRK.
– Utruleg viktig
Skulefråværet aukar på alle trinn i norsk skule. Dei nye retningslinene gjeld barneskule, ungdomsskule og vidaregåande – og fleire råd er under arbeid. Dei skal no sendast ut på høyring.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier dei nye retningslinene ikkje vil løysa fråværsutfordringa åleine, men at dei skal gi skulane meir konkrete råd.
– Me veit det blir mykje meir krevjande å hjelpa elevane etter at fråværet har vorte langvarig. Difor er det utruleg viktig at fråvær blir teke tak i tidleg, seier ho til Aftenposten.






