Magnus (23) er tidenes yngste nordmann på Everest: – Eg fryktar ikkje å feile

23-åringen nådde toppen av verdas høgaste fjell førre veke. – Eg er glad i folk som gjer nøyaktig det dei drøymer om.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Magnus Rørbakken (23) har hatt si første natts søvn tilbake i heimbyen Bergen når Framtida slår på tråden. Han har returnert frå Nepal, der han oppheldt seg om lag ein månad i Himalaya, ved foten av Everest.

Sjølve rekorden, som tidenes yngste nordmann, tenker han ikkje så mykje over.

– Det er ei litt stilig gulrot å ha, men eg gjorde det ikkje på grunn av rekorden. Han som heldt rekorden før meg, var berre ein månad eldre, påpeiker han.

Skjerpande farar

Toppen av Mount Everest ligg på 8849 meter over havet, godt inn i den såkalla «dødssona», der det er så lite oksygen i lufta at kroppen bokstaveleg talt byrjar å døy om du ikkje har med deg ekstra oksygen.

I tillegg til oksygenmangel kan farar som vêr, snøras og fallulukker ta livet av sjølv erfarne fjellklatrarar. I 2023 var det 18 klatrarar som døydde på Everest.

Det er altså ikkje risikofritt å gi seg ut på verdas høgaste fjell.

– Når du er i eit miljø som det der, som er så farleg, så pregar det deg på den måten at du blir utruleg skjerpa. Sansane er 100 prosent til stades, kroppen og hormona jobbar som dei skal. Ein veit kva ein går til, og må prøve å kontrollere så godt ein kan ut ifrå dei føresetnadene, seier han.

Heime i Bergen sat familien og var bekymra.

– Eg er så sjukt glad for at det gjekk bra, sa mor Marit Rørbakken til Bergens Tidende då ho fekk beskjeden om at han hadde nådd toppen.

Til Framtida fortel Magnus at bekymringa til familien har vore det kjipaste med det heile.

– Det er utfordrande å vite kva dei heime går gjennom, og at eg utset dei for noko dei ikkje har fortent. Bekymringa er der med rette. Det er farleg. Men med den risikoen har dei sett at det har komme mykje glede, inspirasjon og motivasjon. Det kjem mykje positivt for den prisen, seier han.

– Du kjende på ansvaret overfor familien?

– Ja, det gjorde eg. Det er ein ekstra grunn til å gjere alt rett, seier han.

Ut i det uføreseielege

Så sit vi att med det store spørsmålet – kvifor utset ein seg sjølv for eit så utfordrande og risikabelt prosjekt som å klatre Mount Everest?

– Rett og slett fordi det er det høgaste fjellet i verda, seier Rørbakken.

– Eg er glad i utfordringar, særleg når ein trer ut i ei verd kor du ikkje anar korleis det kjem til å gå, som ikkje liknar noko anna; ut i det uføreseielege. Det er noko med mystikken rundt det, seier han.

Kanskje ligg det i blodet. Med ei mor som har drive treningssenter og ein far som er jeger og fiskar, har han fått både trening og naturglede inn frå begge kantar.

– Set du saman dei to elementa, trur eg du ender opp i Himalaya, seier han.

Turen var organisert med reiseselskapet Ascent Himalayas, og han danna eit lag saman med ein amerikanar og to sherpaar. Amerikanaren måtte snu på vegen opp, så då var det til slutt Rørbakken og Pasang Sherpa, som han har hatt fleire turar saman med, som gjekk vidare mot toppen.

Oksygentrøbbel

Heilt åleine var dei derimot ikkje. Det var 492 klatretillatingar på Everest i vår. Det var historisk mykje, og dessutan vart starten på klatresesongen utsett på grunn av ei stor isblokk som blokkerte ein del av ruta.

Dermed danna det seg køar på fjellet, mellom anna i den berykta flaskehalsen Hillary Step mot toppen av fjellet. Her kan berre éin person passere om gongen, og på veg ned vart Rørbakken ståande i kø i rundt halvannan time.

– Det var litt ubehageleg. Du har avgrensa med oksygen, og vi visste ikkje kor lenge vi blei ståande. Då stoppa vi og skrudde ned oksygenflyten for å spare.

Oksygenet hadde allereie bydd på bekymring på turen. Berre nokre hundre meter før dei nådde toppen, fraus nemleg oksygenmaska til, og Rørbakken fekk ikkje pusta ordentleg inn. Han skjøna først ikkje kva som skjedde, om tanken var tom eller om det var noko gale med slangen. Då dei nådde toppen fekk han fiksa maska.

Det prega naturlegvis opplevinga på verdas tak.

– Men eg rakk likevel å ha ein sinnssjuk gledesrus. Utsikta er heilt utruleg. Du ser innover i Tibet, og andre vegen ser du framhaldet av Himalaya, verdas mektigaste fjellkjede, med fleire fjell på 8000, 7000 og 6000 meter. Det er heilt surrealistisk. Det er spesielt å vite at det ikkje går an å sette føtene på eit høgare punkt nokon stad på jorda, seier han.

Men toppen er berre halvvegs, ein skal også nedover. Og turen ned er endå tyngre, fortel Rørbakken.

– Det er der ulukkene skjer. «Toppen» er når du er tilbake i basecamp. Først då kan ein heve hendene over hovudet og puste letta ut.

– Ubeskriveleg

Rørbakken fortel at han sette seg målet om Everest for fire år sidan – første gong han var i Nepal. Han har hatt fire fjellturar i Nepal tidlegare.

– Alle som har vore i fjella i Himalaya, kan kjenne seg igjen: Eg såg toppen av Everest, og fjellet har ei heilt spesiell, magnetisk tiltrekkingskraft. Noko heilt ubeskriveleg. Eg kan ikkje samanlikne det med noko anna eg har opplevd. Det vekker eitt eller anna i kroppen min.

Då han først byrja å snakke om Everest, merka han at folka rundt han jatta med: «Ja, ja», «sikkert!».

– Dei tenkte nok at det, som med dei fleste draumar, berre ville bli med draumen, seier han.

– Kva trur du er grunnen til at det ikkje berre blei med draumen?

– Eg fryktar ikkje å feile. Det er det som stoppar veldig mange: Dei tenker heile tida «tenk om det ikkje går», «tenk om det og det skjer», og så let dei vere. Men eg har alltid prøvd å snu det, og tenke «tenk viss det går! Tenk så sjukt feitt det hadde vore å få til dette mirakelet!»

Innstillinga hans er at han skal gi alt han har, så han kan sjå tilbake og vite at han prøvde så godt han kunne. Men den innstillinga er det umogleg å feile.

– Eg vil oppmode alle til å gå ut og prøve. Gå inn i draumen med ei innstilling om å gi det eit forsøk, og sjå kor langt du kan ta det. Det er veldig mykje ein kan få til.

Inspirert av Frank Løke

– Har du nokre førebilete?

– Eg har hatt mange norske, tidlegare fjellklatrarar, til dømes Kristin Harila, og andre utanlandske klatrarar.

Harila, som har verdsrekord i å klatre dei 14 fjella i verda over 8000 meter på kortast tid, var også på Everest samstundes med Rørbakken. Ho gjekk for første gong opp fjellet utan oksygen og nådde toppen onsdag morgon. Rørbakken trefte ikkje på henne i den store basecampen.

Han har også vorte inspirert av Frank Løke.

– Eg er glad i folk som gjer nøyaktig det dei drøymer om, og ikkje tenker så mykje på kva andre tenker om dei, og rett og slett går for draumane, seier han.

Finst fleire fjell

– Har du sett deg eit neste mål, eller skal du kvile på Everest ei stund først?

– Det finst eit par andre høge fjell. Eg har leika med tanken på Nordpolen. Men det kjem ikkje til å bli noko med det første. No treng eg å roe litt ned.

På Everest fekk han dessutan frostskadar i tærne, og før han legg nye planar må han sjå korleis det går med dei.

– Det som er med energi, er at det ikkje kan oppstå eller forsvinne, men berre skifte form. Det må ikkje vere høge fjell, men at eg får eitt eller anna for meg, er eg ganske sikker på.

Svolten på eventyr?: