Lotte (29) går Sør-Korea på tvers

På vegen har ho fått ei ny tante, fire kilo med gåver og smakt på den beste kimchien.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg har aldri gått langtur før, så eg er så lite førebudd! For å vere ærleg er eg litt mørbanka, men det er veldig gøy.

Det seier Lise Lotte Sivertsvik Jørgensen (29) når Framtida.no ringer ho opp på video. Ho er midt i gåturen sin frå den sørkoreanske hovudstaden Seoul, til byen Busan, som ligg søraust i landet.

Til vanleg studerer ho til ein bachelor i business i Seoul, der dei har både lange sommar- og vinterferiar.

På sommaren plar ho å reise heim til Noreg, på grunn av fukta og varmen, men denne vinterferien har Jørgensen planlagt å gå nærmare 500 kilometer. Turen blir dokumentert på TikTok.

Det er om lag like langt som å gå frå Oslo til Trondheim.

– Dei er jo veldig kjedelege på vinteren her. Det er ingen som har lyst til å vere med ut, for dei er så redde for kulda, men det er ikkje eg.

Foto: privat

Det er eit stykke å gå frå Seoul i nord til Busan i sør.

Frå sminkør til Parasite

I utgangspunktet er Jørgensen utdanna innan hår og sminke. Ho har hatt deltidsjobb i fleire år på Nationaltheatret som maskør og parykkmakar, og vore frilans på både filmar og seriar, blant anna sesong to av Lykkeland.

– Så kom korona, og då fekk eg ikkje lov til å jobbe.

Med god tid heime kunne ho la seg fascinere av filmen som nett hadde fått mange Oscarprisar: koreanske Parasite.

Dei fem siste åra har det vore mykje koreansk, og no gorstår Jørgensen språket heilt fint på tur. | Foto: Privat

– Eg tenkte: Det her må eg lære meir om. Og så hadde eg så god tid, så eg tenke at eg kanskje berre skulle lære meg koreansk.

Alfabetet sat etter éin time med pugging. Det vart fleire koreanske seriar og filmar. Så bestemte ho seg for å dra eitt år på ein språkskule i Sør-Korea med ei venninne, og Jørgensen treivst så god at ho fekk lyst til å bli verande.

Det leia ho til bacheloren i business, som ho no er på tredje året av. Etter kvart har ho ein ambisjon om å starte noko for seg sjølv innan fagfeltet sitt.

Men først ville ho ut på eit skikkeleg eventyr, og ho har møtt mange gode hjelparar på vegen.

Eitt kilo ris og ny familie

– Eg har fått meg ei «tante». Ei som har lyst til å ta meg med på tur til Kina og reise rundt i Korea

Ein kan ikkje seie nei til den nye tanta si, som også har vore med å utvikle ris som diabetikarar kan ete. Foto: Privat

Ryggsekken hennar var opphavleg 14 kilo, men er no oppe i 18 etter folk har gitt ho gåver.

Eple, kvitlauksalt og ein kilo med ris er blant tinga ho har fått, det siste frå den nye tanta.

– Her i Korea kan du helst ikkje seie nei til gåver, fortel ho.

29-åringen vurderer om ho skal prøve å sende gåvene heim til Seoul i posten, for det blir tungt å ha dei med vidare.

Sykkelstiar gjennom fjell

Det er sykkelvegar eile vegen til Busan, men dei blir ikkje haldt ved like på vineren, og går utanom overnattingsstader, så Lotte kan ikkje alltid følgje dei. | Foto: Privat

Dagen etter Framtida.no intervjuar ho, skal Jørgensen gå sin lengste etappe, på fire mil, fordi det ikkje eksisterer eit einaste hotell på vegen. Terrenget er for det meste flatt.

– Eg var ikkje klar over at det er var så flatt, for Korea er eit ganske kupert land, men dei er veldig finke til å lage sykkelstiar og vegar gjennom fjella, så du slepp å gå oppover.

Det gir lite variasjon, og repeterande rørsler for musklane, noko som gjer ho ganske sliten. Ho har no teke seg ein fridag for å vaske klede, og planlegg å kvile meir etter den lange etappen.

Heldigvis er det billig husly å få.

Love Motels

– Ser du spegelen over senga, spør ho, og vender kameraet rundt i motellrommet.

Spegelen er godt synleg. Det er også biletet av den nakne dama når Jørgensen opnar døra til badet.

Dei fleste overnattingane hennar blir i såkalla Love Motels, som ho betalar rundt 250 kroner natta for. Det er billige stader der ugifte koreanarar som framleis bur heime hjå foreldra sine, kan møte kjærasten sin, eller andre, for ei natt – eller ein time, avhengig av kor mykje tid dei treng.

– Eg får ei sånn mappe når eg sjekkar inn, med kondom og forskjellig supplies, fortel Jørgensen, og viser fram mappa.

Ho vedgår at det kan vere eit lite sjokk når ein reiser i Korea.

Mindre fabrikkmat på landet

Potetsuppa Ongsimi minna litt om Noreg, sjølv om det ikkje var heilt det same som raspeball. Foto: Privat

Jørgensen har blitt imponert over maten ho har smakt når ho har kome seg ut av hovudstaden.

– Eg har blitt overraska over kor god kimchi dei eldre damene lagar på landet, den er så god.

Kimchi er fermentert kål smaksett med blant anna fiskesaus og chilikrydder.

I tillegg må studenten ta omsyn til budsjettet, og et ein del kioskmat frå 7–11 og liknande butikkar, med kokte egg, proteinshakar og kjeks.

Noko norsk mat har også dukka opp. Då ein mann inviterte ho heim på kaffi fekk ho servert norsk makrell. Den same mannen måtte også vise ho fabrikken sin, der dei laga miljøvenlege mursteinar til å bygge leirehus.

Neonljos og månenyttår

Tettsatden Suanbo gav litt sydenstemning, sjølv på vinteren. | Foto: Privat

Den finaste staden Jørgensen har besøkt så langt er ein stad som heiter Suanbo, ein liten tettstad nede i ein dal, der det var dekorert med neonljos utanfor butikkane.

– Eg følte skikkeleg at eg kom til Spania eller Aya Napa. Dei eldre fór og dansa inne på barane. Det var veldig sjarmerande og er slik du ikkje ser i Seoul.

Nøyaktig når og korleis studenten kjem seg tilbake til Seoul er usikkert. Jørgensen trur ho kjem fram til Busan rundt månenyttår, seinare i februar, som er den største høgtida i Sør-Korea. Då er toga stappfulle, og ho må kanskje hoppe på ein buss.

– Eg slit med beina, med både vassblemmer og betennelse, så no er målet å kome fram.

Ho utelukkar likevel ikkje å gjere noko artig når ho kjem fram, som å besøke fornøyelsesparken i Busan med folk ho blir kjent med gjennom TikTok.

– Har du noko råd til andre som vil gjere liknande ting?

– Eg trur nok det viktigaste er å tørre å kome seg ut av komfortsona. Berre gjer det.