Vedteke: Studentar i studentbustader får straumstøtte
Eit fleirtal på Stortinget har vedteke at studentbustader skal få tilgang til ei straumstøtteordning.
Studentbustader skal omfattast av straumstøtte og noregspris eller ei tilsvarande ordning på line med andre hushald, etter eit vedtak frå Stortinget. Det skriv Norsk studentorganisasjon (NSO) og Samskipnadsrådet i ei pressemelding.
– Vi er veldig glade for at alle partia har sett absurditeten i dagens regelverk, seier styreleiar Rita Hirsum Lystad i Samskipnadsrådet.
Etter stortingsvedtaket er det no opp til regjeringa å følgja opp avgjerda i revidert nasjonalbudsjett for 2026, ifølgje stortingsfleirtalet.
«Stortinget ber regjeringen utrede, før revidert nasjonalbudsjett 2026, alternativene og kostnadsrammene for at studenter som leier bolig av studentsamskipnader og stiftelser, kan kompenseres for økte strøm- og fjernvarmeutgifter», heiter det.
– Vi er utruleg glade for at Stortinget har lytta til oss, og for at dei av oss som bur i studentbustad, no skal innlemmast i ein type noregspris-ordning som vil gi tryggleik og føreseielegheit for studenthushalda, seier leiaren i Norsk studentorganisasjon (NSO), Sigve Næss Røtvold.



