– Hetebølgjer kjem av global oppvarming
Dei fleste ekstremt varme dagane i verda dei siste åra kjem av global oppvarming, ifølgje forskarar ved det sveitsiske universitetet ETH.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Global oppvarming har skulda
Også mange tilfelle av ekstremregn er var årsak til av temperaturstiginga på kloden, konkluderer forskarane i ein ny studie som er publisert i tidsskriftet Nature Climate Science.
– Vi vart svært overraska over resultata, seier Erich Fischer, som saman med kollegaen Reto Knutti står bak studien.
LES OGSÅ: – Verda må tilpassa seg ei uviss klimaframtid
95 prosent sikkert menneskeskapt
Forskarane har brukt datamodellar til å samanlikne førekomsten av ekstremvêr over ein periode på over hundre år. Fokuset var på dagar med så høg temperatur eller så kraftig regn at dei normalt berre skjer kvart tredje år.
Heile tre firedelar av dei varme dagane er no årsaka av global oppvarming, konkluderer Fischer og Knutti. 18 prosent av regnvêrsdagar ser ut til å ha same årsak.
Auken i gjennomsnittstemperaturen på jorda sidan siste halvdel av 1800-talet er anslått til 0,8 grader. Mesteparten av auken sidan 1950-talet er med minst 95 prosent sikkerheit menneskeskapt, ifølgje FNs klimapanel.
LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar
Einstein-universitet
ETH i Zürich vert rekna som eit av Europas fremste teknisk-naturvitskapelege universitet. Albert Einstein, Wilhelm Röntgen og 17 andre nobelprisvinnarar i fysikk eller kjemi har enten studert eller undervist her.