Framandspråk bør vere valfag, ikkje tvang
Skulen si oppgåve er ikkje å presse alle inn i same løp, men å gi kvar enkelt moglegheit til å lykkast, skriv Odd Andre Olsen, nestleiar i Vestland FpU.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Kvifor skal ein framtidig ingeniør, sjukepleiar eller mattelærar tvingast gjennom fleire år med spansk eller tysk? Kva problem er det eigentleg skulen prøver å løyse, og for kven?
For mange elevar handlar framandspråk ikkje om moglegheiter, men om frustrasjon, bortkasta tid og svekka motivasjon.
Ulike behov
Skulen skal førebu oss på framtida. Likevel tvingar systemet elevar inn i fag dei verken har interesse for eller bruk for. Samstundes er engelsk, språket vi faktisk brukar kvar dag i utdanning, arbeidsliv og kvardag nedprioritert. Det gir lite meining. Dette er ikkje tilpassa opplæring, det er ein standardisert tvang som ikkje tek omsyn til kvar enkelt elev.
Dette står i sterk kontrast til politikken til Framstegspartiets Ungdom, som meiner at skulen skal byggje på fridom, val og relevans.
Elevar er forskjellige. Nokon vil lære språk, andre vil fordjupe seg i realfag, teknologi eller praktiske ferdigheiter. Då må vi også ha eit skulesystem som tek det på alvor, ikkje eit system som pressar alle gjennom same mal.
Elevar mister motivasjon
Når elevar blir tvinga til å bruke tid og energi på fag dei ikkje ser verdien av, skjer det noko med motivasjonen. Engasjementet forsvinn, innsatsen blir dårlegare, og skulekvardagen blir tyngre enn han treng å vere. Det er ikkje slik vi byggjer kunnskap eller meistring. Det er slik vi mistar elevar på vegen.
Løysinga er enkel: Gjer framandspråk til eit valfag. Dei som ønskjer det, skal sjølvsagt få moglegheita til å lære språk og utforske andre kulturar. Men dei som har andre planar, må få bruke tida si på fag som faktisk bringar dei vidare. Det handlar om respekt for elevane sine eigne val og ambisjonar.
Moglegheit til å lykkast
FpU har lenge kjempa for meir valfridom i skulen, mellom anna gjennom fritt skuleval, større mangfald og meir tilpassing til den enkelte. Dette er eit konkret døme på korleis vi kan gjere skulen betre: mindre tvang, meir tillit.
Vi må slutte å late som om alle elevar har dei same måla. Dei har ikkje det, og det er heilt greitt. Skulen si oppgåve er ikkje å presse alle inn i same løp, men å gi kvar enkelt moglegheit til å lykkast.
Å gjere framandspråk valfritt handlar ikkje om å senke nivået. Det handlar om å heve relevansen.






