Ekspertforslag: Norske elevar bør lære om Karpe
Alt frå Musti til Ivar Aasen er med når ekspertgrupper har foreslått felles referansar for norske skulebarn. Men «Tore Tang» er utelaten. No vil kunnskapsministeren ha debatt.
Saka er oppdatert og endra klokka 12.20 med fleire sitat frå statsråden, og dei nye innhaldslistene
– Vi har laga ei liste der Henrik Ibsens songtekst står saman med ein rapptekst av den unge artisten Musti frå Tøyen. Men det vi legg fram i dag er ikkje noko endeleg fasit. Det er eit første innspel, og det viktigaste er debatten som følgjer, sa leiar for faggruppa i norsk, professor Jonas Bakken, då utkastet til dei nye innhaldslistene vart presenterte torsdag.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har sett ned tre ulike ekspertgrupper som har plukka ut verk og døme frå faga norsk, samisk, samfunnsfag og musikk.
Målet er at skulen i større grad skal gi elevane felles referansar og lære meir om norsk historie og kulturarv.
– Vi har laga ei liste der Bjørnstjerne Bjørnssons «Ja vi elsker» og Ivar Aasens «Nordmannen» står saman med Isak Sabas «Samefolkets sang», sa Bakken.
Hummer og kanari
Det er laga ulike innhaldslister for dei ulike trinna. I barneskulen er det ei lang rekke kjende barnesongar, blant dei Alf Prøysens «Julekveldsvisa».
For ungdomsskulen blir mellom anna «Lett å være rebell» av Karpe trekt fram, medan ungdommane også bør kjenne til musikken til Dimmu Borgir.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) fekk sjølv sjå listene for første gong då dei vart presenterte på biblioteket på Grünerløkka i Oslo torsdag morgon.
Ho byrja straks å synge på ein av songane som er tekne inn i musikkfaget for 8.–10. trinn under intervjuet med NTB.
– Mykje lys og mykje varme.
– Du har referansane allereie?
– Nokre av dei i alle fall. Og så er det noko som er nytt for meg òg. Og det er jo gøy at folk kan oppdage nye ting òg, artistar dei ikkje visste om og songar dei ikkje har høyrt før, seier Nordtun.
Verket Nordtun hugsar best frå sin eigen skulegang, er «Fra boller til burritos» – ei kokebok som vart delt ut til alle skuleelevar i faget «heimkunnskap» på 90-talet.
– Den vart flittig brukt i studenttida, seier ho lattermildt.
Grieg, «Alt for Norge» og R-Kelly
Innhaldslistene for samfunnsfag skal etter planen vere klare til neste skuleår, medan listene innan norsk, mat og helse, kunst og handverk og duodji skal vere klare til skuleåret 2027/2028.
Innhaldslistene er no lagde ut for innspel , og kunnskapsministeren oppmodar heile befolkninga i Noreg til å ta del i diskusjonen om kva som bør vere med i dei ulike listene. Fristen er sett til 17. april.
For 1. og 2.-trinn blir det lista opp songar som «Blåmann, Blåmann bukken min», «Bjørnen sover» og «Dovregubbens hall» av Edvard Grieg.
For 3. og 4.-trinn er songar som «Langt å gå» av Klovner i kamp og «Mamma Mia» av Abba med, medan for den eldste delen av elevane på barneskulen blir det lista opp songar som «Sommerfuggel i vinterland» av Halvdan Sivertsen og «Imagine» av John Lennon. Også fotballsongen «Alt for Norge», som er skriven av Ivar Dyrhaug og Torstein Flakne, er ein referanse elevane bør kjenne til, meiner gruppa.
Det er også eit eige punkt som handlar om musikk og identitet, der det blir vist til forventningane elevane har til ulike kjønn. Der blir det lista opp artistar som Freddie Mercury, Miley Cyrus og R-Kelly. Sistnemnde sonar for tida ein overgrepsdom på 30 års fengsel.
Blant dei ulike trinna på barneskulen blir det også lista opp ei rekke kjende eventyr og litteratur. Asbjørnsen og Moes «Askeladden som kappåt med trollet», Thorbjørn Egners «Folk og røvere i Kardemomme by», og dessutan populære barnelitteratur-forfattarar som Lisa Aisato, Maria Parr og Bjørn Sortland.
Åge, Dimmu Borgir og kong Harald
For ungdomsskulen blir det vist til den ikoniske «Reodors ballade» frå «Flåklypa Grand Prix», medan songar som «Riv i hjertet» av Sondre Justad, «Lys og varme» av Åge Aleksandersen og «Zombie» av Cranberries blir også trekte fram.
På samisk blir det vist til «Alla Hearra» av Mari Boine og joiken «Golle Máze».
Ekspertgruppa meiner også ungdomsskuleelevane bør innom band og artistar som a-ha, Aurora, Tungtvann og Dimmu Borgir.
Når det gjeld samfunnsfag, blir det lista opp ei rekke hendingar dei meiner ungdommane bør kjenne til.
22. juli får eit eige avsnitt, der det blir trekt fram terrorisme, og handtering i etterkant av terrorangrepet. Biletet av AUF-leiar Eskil Pedersen og Jens Stoltenberg som klemmer blir trekt fram, og dessutan songar som «Påfugl» av Karpe og «Til ungdommen» av Nordahl Grieg.
Når det gjeld pensum om rasisme, viser ekspertgruppa til kong Haralds tale i Slottsparken i 2016, ein tale mange har trekt fram som ein inkluderande tale for mellom anna minoritetar i Noreg. I tillegg blir fakkeltoget i kjølvatnet av det rasistiske drapet på Benjamin Hermansen i 2001 trekt fram.
«Tore Tang» manglar
Kunnskapsministeren understrekar at listene er meinte som rettleiarar og at lærarane framleis skal ha full fridom innanfor læreplanane.
– Dei nye læreplanane blir opplevde som gode, men kan vere diffuse og lite konkrete. Så fleire lærarar ønskte seg hjelp til å få meir konkret innhald i korleis dei skal innfri kompetansemåla og kva verk som kan brukast, seier ho til NTB.
Ho håpar at dei kan vere til inspirasjon og støtte.
– Dei er på ingen måte uttømmande. Det er viktig at lærarane også legg til lokale verk, sånn som i Stavanger gjerne: «Tore Tang» og Viking-songar.
– Kva synest du om at «Tore Tang» ikkje er med her?
– Det er som sagt ikkje uttømmande. Og det vil jo gjerne vere naturleg for skular i Stavanger å ha litt «Tore Tang».
Er du nysgjerrig på dei fullstendige listene, kan finst dei på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
Statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap) i Kunnskapsdepartementet har elles samla all musikken i ei eiga speleliste på Spotify som han har delt på Facebook.
Dette er med på innhaldslistene for norsk skule
Ulike faggrupper har presentert utkasta sine til lister om mellom anna musikk, litteratur, nasjonale hendingar og norske tradisjonar som norske elevar bør få som felles referansar.
Her er nokre av verka og temaa som er tekne med på listene:
Norsk:
- Alf Prøysen: «Året rundt»
- Klovnar i kamp: «Langt å gå»
- Thorbjørn Egner: «Folk og røvere i Kardemomme by»
- Knutsen og Ludvigsen: «Grevling i taket»
- Lisa Aisato: «Mine to oldemødre»
- Musti: «Gro Harlem Brundtland»
- Erlend Loe: «Kurt koker hodet»
- Tinashe Williamson og Thea Jacobsen: «Håndbok for unge antirasister»
Musikk:
- «Ja, vi elsker» (Bjørnstjerne Bjørnson, mjøl: Rikard Nordraak)
- «BlimE»
- «I Dovregubbens hall» (Edvard Grieg)
- «La Cucaracha» (trad., framført av Louis Armstrong)
- «Eg ser» (Bjørn Eidsvåg)
- «Don’t Kill My Vibe» (Sigrid)
- «Sommerfuggel i vinterland» (Halfdan Sivertsen)
- «Imagine» (Lennon)
- «Lys og varme» (Åge Aleksandersen)
- «Another Brick in the Wall» (Pink Floyd)
- «Birds of a Feather» (Billie Eilish)
Samfunnsfag:
- FNs barnekonvensjon
- Unescos verdsarvliste, mellom anna Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje og Røros
- Nyheiter og falske nyheiter
- Kongens tale i Slottsparken 1. september 2016
- Fakkeltoget mot rasisme etter drapet på Benjamin Hermansen
- 22. juli: terrorisme, Noregs handtering i etterkant med rosetog, biletet av Eskil Pedersen og Jens Stoltenberg («Klemmen») og songar som «Påfugl» av Karpe
Samisk:
- Ei rekke samiske eventyr og segner, som «Bjørnen og reven»
- Bjørnejoik og ulvejoik
- Nordsamisk segn: «Hvordan myggen kom til Sápmi»
- Fosen-saka, der reindriftssamar på Fosen gjekk til søksmål mot den norske staten og vann
- Det første samiske landsmøtet 6. februar 1917 (Elsa Laula Renberg)
- «Sámi soga lávlla» («Samefolkets sang») (Isak Saba)
- «Gula gula» (Mari Boine)











