«Når fellesskapet betaler, skal fellesskapet få att fagarbeidarar, læreplassar og ordna forhold»
Når anbod blir avgjorde på lågaste pris i lange kontraktkjeder, blir det lønsamt å velje bort lærlingar, skriv Sandra Tenud frå AUF og Caroline Wilson Iglebæk frå Fellesforbundet.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Byggenæringa er ei av dei viktigaste fastlandsnæringane vi har. Men akkurat no er næringa i ein farleg skvis. Aktiviteten fell, konkursane aukar, og dei seriøse bedriftene som investerer i folk blir pressa på pris. Det er ikkje berre eit problem for bransjen. Det er eit problem for heile landet.
For når byggestart stoppar, forsvinn ikkje berre prosjekt. Då forsvinn også læreplassar. Og når læreplassane forsvinn, forsvinn framtidas fagarbeidarar. Altfor mange elevar på bygg og anlegg står kvart år utan læreplass, sjølv om dei har gjort jobben sin på skulen. Det er ei systemfeil som øydelegg livsplanar og tappar næringa for kompetanse.
Dei som vil satse på ungdom taper
Eit av dei mest kritiske problema er konkurransen som slår beina under lærebedriftene. Dei som tek ansvar for opplæring, fagmiljø og faste tilsetjingar, møter ofte aktørar som set saman arbeidslag på kort varsel, hentar arbeidskraft utanfrå for eitt prosjekt, og forsvinn vidare når jobben er gjort.
Når anbod blir avgjorde på lågaste pris i lange kontraktkjeder, blir det lønsamt å velje bort lærlingar.
Då taper dei som satsar på ungdom, og vi taper framtida.
Offentlege byggherrar og innkjøparar sit på store kontraktar, set vilkåra i anbod, og bestemmer kva slags bransje som blir lønnsam å drive. Difor må dei bruke makta til å byggje opp, ikkje byggje ned.
Du får ikkje fleire fagarbeidarar utan læreplassar
Når fellesskapet betaler, skal fellesskapet få att fagarbeidarar, læreplassar og ordna forhold. Offentlege anbod må krevje aktive lærlingar gjennom heile prosjektet og i heile leverandørkjeda. Talet på underleverandørledd må ned, og hovudentreprenør må ha reelt ansvar for heile prosjektet. Det må bli lettare å vere seriøs enn å vere sleip.
Men krav åleine er ikkje nok når marknaden bremser.
Skal vi sikre læreplassar, må vi halde oppe aktiviteten. Vi må auke Husbanken si låneramme, innføre på nytt tilskot til utleigebustader, byggje fleire studentbustader, eldrebustader og tryggleiksbustader. Når vi byggjer for vanlege folk, held vi også oppe fagmiljø og kapasitet i heile landet.
Når ordreboka blir tynn, må tryggleiken for arbeidsfolk styrkjast. Vi må utvide permitteringsregelverket, slik at bedrifter kan halde på kompetansen gjennom lågkonjunkturen i staden for å miste han for godt. Samstundes må vi forlengje og styrkje bransjeprogrammet for byggenæringa, slik at fleire kan møte nye krav til teknologi og klima.
Og vi må investere i rekrutteringa. Vi må auke lærlingtilskotet, så det ikkje er ein meirkostnad å ta inn lærling. Vi må gi tilskot til små handverksfag i vidaregåande, slik at smale fag og lokale fagmiljø ikkje blir borte.
Du kan ikkje vedta deg til fleire bustader utan folk som kan byggje dei. Og du får ikkje fleire fagarbeidarar utan læreplassar. Start med å gi ungdom ein plass å lære, så kan vi byggje landet vidare.






