Politikk og samfunn

«Senk terskelen for den første jobben!»

Unge Høgre vil fjerne arbeidsgivaravgifta for tilsette under 25 år. – Senkar me terskelen for den første tilsetjinga, får fleire ein fot innanfor, skriv Kitty Theobald Gjerland og Ole Bakke.

Kitty Theobald Gjerland (18), Nestleiar for Agder Unge Høgre, og Ole Bakke (19), Leiar for Kristiansand Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Akkurat no sit unge over heile Noreg og prøver å sikra seg ein sommarjobb eller deltidsjobb. Søknader blir sende etter skuletid, CV-er blir finpussa for første gong, og mange møter opp fysisk i butikkar og kafear fordi dei har fått høyra at det viser initiativ. Nokre er så heldige å få komma på intervju.

Likevel endar prosessen dessverre ofte likt.

Eit høfleg avslag, eller ingen respons i det heile.

Parallelt går den same debatten i nyheitsbiletet kvart år. Bedrifter varslar om mangel på folk, særleg i handel, service og reiseliv. Politikarar diskuterer arbeidskraftbehovet i åra som kjem, og næringslivet etterlyser fleire som kan stå i jobb.

Ikkje for å snakka om den førebyggjande effekten å komma tidleg ut i arbeid har for unge og utanforskap.

Kvar skal erfaringa kome frå?

Kontrasten er slåande. Me snakkar stadig om behovet for arbeidskraft, men bedrifter vegrar seg for å sleppa unge inn i arbeidslivet.

For arbeidsgivarar er reknestykket ganske enkelt. Ein ung arbeidstakar krev ofte meir oppfølging i starten. Dei jobbar færre timar, treng opplæring og har naturleg nok mindre erfaring. Når kostnadene samtidig er dei same som for ein meir erfaren arbeidstakar, er ikkje valet vanskeleg å føresjå.

Då blir arbeidsgivaravgiftene akkurat det han ikkje bør vera: endå ein grunn til å velja bort unge.

Resultatet er eit politisk paradoks. Me forventar at unge skal skaffa erfaring tidleg, samtidig som ein gjer det dyrare å gi dei høve til nettopp det. Mange blir ståande utanfor arbeidslivet i fleire år før dei i det heile får starta.

Gi fleire ein fot innanfor

Unge Høgre vil derfor fjerne arbeidsgivaravgifta for tilsette under 25 år. Poenget er lett og greitt å redusera risikoen ved å tilsetja ein ung arbeidstakar. Senkar me terskelen for den første tilsetjinga, får fleire ein fot innanfor.

Den første jobben handlar nemleg om meir enn berre ein lønnsslipp.

Det er der ein lærer ansvar, samarbeid og ikkje minst å innfri forventningane som arbeidslivet stiller.

Sjølv om ein lønnsslipp i månaden gir unge eit meir realistisk syn på pengar, sparing og budsjettering, er det ikkje berre unge dette lønner seg for. For samfunnet er det også god økonomi. Dei fleste som kjem tidleg inn i arbeid, blir verande i arbeid.

Noreg kjem til å trenga fleire hender i åra framover. Då burde me byrja med dei som allereie står klare, men som framleis ventar på sitt første ja.