Klæbos jakt på kongestatus – her er legendeklubben han vil inn i

102 år etter at legenda Thorleif Haug vart den første OL-vinnaren i historia på femmil, kan Johannes Høsflot Klæbo ta gullet som vil sende også han inn i ein eksklusiv klubb.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Femmila er for mange sjølve rosina i OL-pølsa til langrennsløparane. Distansen har stått på det olympiske programmet heilt sidan dei første vinterleikane i Chamonix i 1924.

Øvinga har på ingen måte vore ei norsk paradegrein. Av dei 24 gulla som så langt er delt ut, har berre sju hamna på norske hender. Éin mann har klart bragda med å ta to av dei nemnde gulla: Bjørn Dæhlie.

Laurdag skal Johannes Høsflot Klæbo prøve å bli den sjuande norske femmilsvinnaren i OL. Den oppgåva har vist seg vanskeleg for mange før han. Store norske favorittar har falle tungt i tidlegare OL.

Seks norske skilegender har plassert eige namn med gullskrift i historiebøkene som vinnarar av 50-kilometeren.

1924: OL-kongen Haug

Thorleif Haug vart den store forgrunnsfiguren då vinter-OL såg dagens lys for 102 år sidan. Røyrleggjaren frå Lier tok gullet på både 18-kilometeren, 50-kilometeren og i kombinert.

Femmila enda med ein veldig norsk storeslem. Haug tok gullet framfor Thoralf Strømstad og Johan Grøttumsbråten. Sigersmarginen ned til Strømstad var på nesten to minutt. Jon Mårdalen sørgde for at også fjerdeplassen enda på norske hender.

Med til historia høyrer det også at Haug vart tildelt bronsemedaljen i hopprennet i Chamonix. Denne vart han likevel fråteken lenge etter sin død i 1974 som følgje av at det var oppdaga ein reknefeil. OL-kongen Haug gjekk bort allereie i 1934, berre 40 år gammal.

1968: Sette alle klutar til

Etter Haugs historiske femmilsgull i Chamonix skulle det gå 44 år før ein nordmann igjen stod på toppen av ein femmilspall i OL-samanheng. I mellomtida hadde særleg finnar og svenskar forsynt seg grovt av dei edle metalla.

Under Grenoble-leikane i 1968 vart femmila ein duell mellom Ole Ellefsæter og sovjetiske Vjatsjeslav Vedenin. Til slutt skilde det 16,7 sekund i Ellefsæters favør. Dermed var den norske forbanninga på distansen broten.

Ole Ellefsæter tok gull på 50-kilometer i Grenoble. Foto: NTB / NTB / NPK

Femmilsgullet i Frankrike vart høgdepunktet i Ellefsæters svært innhaldsrike karriere. Den inneheldt mellom anna også den første norske sigeren i Vasaloppet og dessutan fleire stafettgull frå internasjonale meisterskapar.

OL-helten, som også var vond å slå på friidrettsbanen, utmerkte seg også som plateartist, mellom anna med den ikoniske Grenoble-hiten «Alle kluter til».

1972: Gyllen norsk periode

Ellefsæters gull i 1968 vart starten på ein gyllen norsk femmilsperiode. Fire år seinare stod ein ny nordmann på toppen av sigerspallen under OL i Sapporo.

Femmila i Japan vart i første rekke ein duell mellom trønderane Pål Tyldum og Magne Myrmo. Gullet gjekk til slutt til Tyldum, som hadde dei lange distansane og uthaldet som sitt fremste våpen.

Pål Tyldum i aksjon under femmila i Sapporo. Foto NTB / NPK

Gullet vart langrennslegenda frå Høylandets første og einaste individuelle OL-triumf. Fire år før hadde han bidrege til norsk gull på stafetten i Grenoble. Merittlista inneheldt til slutt også tre OL-sølv, to av dei i stafett.

Han deltok i ikkje mindre enn tre olympiske leikar.

1976: Gulltrippelen fullført

Akkurat som før Tyldum skulle eit femmilsgull også bli einaste OL-triumf i karrieren for ei anna norsk langrennslegende. Ingen kunne true sigeren til Ivar Formo under vinterleikane i Innsbruck i 1976.

Formo vann femmila i 1976. Foto: NTB / NPK

Formo tok Noregs tredje strake femmilsgull i OL-samanheng då han viste austtyske Gert-Dietmar Klause til andreplass. I mål skilde det heile 43 sekund mellom dei. Bronsen gjekk til svenske Benny Södergren.

To OL-sølv i stafett og ein individuell bronsemedalje fann også vegen til den svært innhaldsrike merittlista til Lyn-løparen. Den inneheldt også sterke resultat i orientering. Formo vart også vinnaren av den første uoffisielle verdscupen i langrenn.

OL-helten døydde på tragisk vis i 2006 då han gjekk gjennom isen under ein skøytetur i Nordmarka utanfor Oslo.

1992: Dæhlies maktdemonstrasjon

Bjørn Dæhlie innleidde det som skulle bli ein ikonisk OL-karriere med tre gull og ein sølvmedalje under vinterleikane i Albertville i 1992. Gullet på den avsluttande femmila var den mest imponerande prestasjonen av dei alle.

Nannestad-ekspressen leika med konkurrentane og hadde til slutt nesten eitt minutt til gode på Maurilio de Zolt. Den italienske superveteranen, som var kjend for middagar med spagetti og raudvin som opplading til renn, var like klar sølvvinnar. Landsmannen Giorgio Vanzetta, som tok bronsen, var slått av Dæhlie med formidable tre minutt.

I ettertid har Dæhlie røpt at det norske laget kom til Albertville med ein løyndom som gav ein stor konkurransefordel samanlikna med konkurrentane. Nokre år tidlegare hadde dei norske løparane oppdaga fordelen som kunne oppnåast ved å gå på steinslipte ski.

1998: Stod opp igjen som femmilsløpar

I åra som følgde etter gullet i Albertville i 1992 hadde Bjørn Dæhlie vondt for å lykkast på femmila. Han enda som oftast i toppen av resultatlistene, men svært sjeldan på toppen – fram til ein februardag i Nagano i 1998.

På dagen seks år etter at han hadde vunne 50-kilometeren i Albertville, gjekk skikongen inn til eit nytt olympisk gull på same distanse. Bileta av ei sjanglande Dæhlie på oppløpet, og same mann som kikka forvirra opp av frå snøen i målområdet og lurte på om han har hugsa å krysse målstreken, er ikoniske.

Bjørn Dæhlie ramlar utsliten over mål i Nagano. Foto: Jon Eeg /NTB / NPK

Dei vart klimakset på ei femmil som Dæhlie ikkje leidde før etter at 40 kilometer var passert. Svenske Niklas Jonsson, som Nannestad-ekspressen tok igjen i løypa undervegs, vart den tøffaste gullrivalen. Svensken gjekk uhyre fort på slutten og la igjen Dæhlie bak seg.

Avstanden vart likevel ikkje stor nok til at det vart svensk siger. I staden gjekk Dæhlie til topps med 8,1 sekund. Gullet vart det siste i ein av norsk skisports aller største karrierar.

2010: Den nye kongen blir krona

Petter Northug tok gull i Vancouver i 2010. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Etter Dæhlies triumf i Japan i 1998 måtte Noreg vente nye tolv år før den neste femmilskongen i OL-samanheng tredde fram. Arenaen var vinterleikane i canadiske Vancouver i 2010.

Petter Northug hadde allereie teke gull på lagsprinten, sølv på stafetten og bronse på sprinten då leikane skulle avsluttast med det som var OL-historias andre femmil med fellesstart. Det passa den nye norske skikongen nærast perfekt, og rennet i Whistler vart avgjort på northugsk vis.

Northug var regjerande verdsmeister på distansen og spurta ned tyske Axel Teichmann og svenske Johan Olsson i kampen om gullet på langrennsarenaen i Whistler.

Gullet skulle bli Northugs einaste individuelle i OL. I VM-samanheng tok han mange.