Tobias Sten får Dialektprisen 2025

Countrymusikaren frå Stord blir heidra for å synge på dialekt.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Herregud, for ei ære! uttalar Tobias Sten (22) i ei pressemelding frå Norsk Målungdom.

Dei har kåra artisten frå Stord til eit dialektførebilete for ungdom. 

– Eg er jo ein fyr som er utruleg stolt av dialekta mi. Ho er uniforma mi, fortel vinnaren i pressemeldinga.

Suksessfull artist

Tobias Sten gav i 2025 ut debutalbumet sitt, og fleire av låtane hans har prega topplistene det siste året. Han vart den mest strøymde norske artisten på Spotify i fjor, og vann pris for «Årets gjennombrot» og «Årets låt» på P3 Gull.

Nyleg kapra artisten frå Stord heile seks Spellemann-nominasjonar.

– Eg må innrømme at nominasjonen for årets tekstforfattar sette spor, seier Tobias Sten til NTB

Set bygda på kartet

– Det er kult at Noregs mest populære artist ikkje berre er ein ung fyr som brukar dialekta si i låtskrivinga, men også vel å aktivt stå opp for ho i media, meiner leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik.

Sebastian Vincent Natvik. Foto: Norsk Målungdom

Han viser til at stordabuen i fjor haust gjekk ut mot dialektbyte i eit intervju med Aftenposten.

– Dialekt er ein så mektig identitet hos eit menneske. Eg føler at eg set heimbygda mi på kartet når eg tek ho i bruk, uttalar artisten i pressemeldinga frå Målungdommen.

Norsk er populært

I fjor var det artist Synne Vo som fekk Dialektprisen av Målungdommen. Tobias Sten har med artisten frå Lesja på den Spellemannsnominerte låten «Ingen her e deg».

– Eg har lenge vore ute etter ei jente med særeiga dialekt og nokre fin-sære gloser. Vi snakka mykje og kunne begge relatere til temaet rundt «håplaus kjærleik i ei lita bygd», sa Sten om låten.

I låten «Ingen her e deg» møtest dialekt frå Stord og Lesja. Foto: Marius Sørgjerd

Målungdomsleiar Natvik ser ein tydeleg tendens til at norske dialekter får ein større plass på topplistene.

– Me synest det er utruleg fint at norske ungdommar kan kjenne att språket sitt i populærkulturen og høyre på artistar som er ærlege om kor dei kjem frå, uttalar Natvik.

Tidlegare vinnarar av Dialektprisen:

2024: Synne Vo, artist

2023: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratlandartistar

2022: Karsten Warholmfriidrettsutøvar

2021: Kjartan Lauritzenartist

2020: Victor SotbergYouTubar og programleiar

2019: Helsesista (Tale Maria Krohn Engvik)SoMe-personlegdom

2018: Lothepus (Leif Einar Lothe)TV-kjendis

2017: Silje Nordnes, Markus Neby og Ronny Brede Aase for P3morgen

2016: Josefine Frida Pettersenskodespelar

2015: Daniel Kvammenartist

2014: NRK og TV2 sitt VM-studio under fotball-VM 2014

2013: Tønesartist

2012: Harald Rønnebergprogramleiar

2011: Therese Johaugskiløpar

2010: Lars Vaularartist

2009: Eli Kari Gjengedalvêrmeldar

2008: Linda Eidemorokvinne på fjernsyn

2007: Ingrid Bolsø Berdalskodespelar

2006: Hopalong Knutrockegruppe

2005: Are og Odinmoromenn på radio

2004: Raviartist

2003: Filmen United v/Magnus Martensregissør

2001: Tungtvannhiphopgruppe

Kjelde: Norsk Målungdom