6 tips for å navigera i ein kriseramma bustadmarknad

Det vert stadig vanskelegare for både unge og gamle å koma seg inn på bustadmarknaden. Finst det eigentleg gode råd?

NPK – Emil Askvik Hosøy
Publisert

Stadig les me om dei i media – dei under 30 som har kjøpt sin tredje bustad, eller paret som var gjeldsfrie allereie då dei var 25. Få tips her, står det. Slik kan du få til det same!

Når me klikkar oss inn på sakene, vert me raskt skuffa. I ni av ti tilfelle viser det seg at personen eller paret det er snakk om, har budd hjå foreldra for å spara pengar, eller fått store summar frå familien sin. Ofte kombinerer dei dette med særs godt løna jobbar.

Nei, fysj! Slik kunne vel sjølv den gjengse lasaron fått råd til å bu kor som helst.

Men kva med alle oss andre, finst det ikkje råd i det heile? Må me venta til me er femti, eller ta til takke med å leiga livet ut?

Krise i marknaden

For å ta det første først: det største problemet ligg i marknaden. Bustadprisane, særskild i dei store byane og i tettbygde strok, har eksplodert dei siste åra.

– Prisane har stige mykje raskare enn lønna i alle fall dei siste ti åra. Eigentleg er det ein trend me ser heilt frå 1992, seier Marie Storli.

Ho er rådgjevar i samfunnspolitisk avdeling i LO og jobbar med bustadpolitikken til organisasjonen. Storli skjøner godt kvifor bustadkjøparar er frustrerte.

– Det er mange som slit med å koma seg inn på marknaden sjølv om dei «gjer alt riktig.» Prisveksten gjer at ein kan spara mykje og samstundes sjå bustaden ein ønskjer seg stikka av, fordi du ikkje held tritt med veksten.

Tar ein eit blikk på statistikken, kjem ulikskapane fram i grelt ljos. I LOs bustadindeks frå 2025 kategoriserer dei kjøpekrafta til arbeidarar som særs svak og viser at ho har gått mykje ned sidan 2015. Som eksempel nyttar dei eit par som består av ein helsefagarbeidar og ein tømrar med to born.

I 2015 hadde dei råd til 39 prosent av dei omsette bustadane det året. I 2025 var talet nede i 23 prosent. Om ein ikkje har born, er det litt enklare. Dei tilsvarande tala for 2015 og 2025 er då 66 og 54 prosent av bustadane.

Utfordring med eigenkapital

Det betyr likevel ikkje at du står heilt utan makt til å betra di eiga stilling. Mange kjenner nok Magne Gundersen frå fjernsynsprogrammet «Luksusfellen» på TV 2. Han har fleire gode råd å koma med til dei som vil kjøpa ein bustad før marknaden spring heilt ifrå dei.

– Det er viktig å hugsa at du ikkje er mislukka om du ikkje har kjøpt bustad før fylte 30. Du har god tid til å spara eigenkapital.

For eigenkapital er, ifølgje Gundersen, den største kneika for å få råd til å kjøpa bustad.

– Du må ha nok eigenkapital. Det er det som er den store utfordringa. I tillegg må du ha jobb og inntekt som gjer at du kan betena lånet, forklarer Gundersen.

Og for å få nok eigenkapital, er det éin ting som er meir nyttig enn noko anna, meiner han.

– Det å bu heime, det er motorvegen til å skaffa eigenkapital. Om du er utolmodig er det det smartaste, for mat og leige er dei største utgiftene. Om du kan spara det, går det fort å skaffa nok pengar.

Gode råd

Gjesp! Den har me høyrt hundre gongar før. Kva med dei av oss som ikkje har høve til å snylta på våre velbemidla føresette? Kva kan me gjera?

1. Jobb meir, spar meir

– Kan du tena meir? Kan du få overtidsbetalt eller ta fleire vakter eller jobba på raude dagar? Å jobba meir er ein moglegheit, seier Gundersen.

Det å byrja tidlegare med jobbing er også ein god ide. For å overleva som student, må ein i dag helst ha deltidsjobb, men kanskje kan ein også jobba nok til å spara litt. Ikkje minst burde ein jobba fulltid på somrane.

– Du kan også gå drastisk til verks og spara alle pengane du kan på eitt år. Bu i kollektiv, ikkje et ute, unngå snusing og røyking, og så bortetter. Ver litt hard med deg sjølv. Du kjem ganske langt om du er bevisst på det.

2. Kjøp saman

Det vert stadig vanskelegare å kjøpa ein bustad åleine. Ifølgje Sparebank 1 var snittprisen på ein sjølveigarbustad i 2024 oppe på 5 millionar kroner. I Oslo var prisen over 8 millionar. Då kan det vera kjekt – eller heilt naudsynt – å ha nokon å kjøpa saman med.

– Allereie då eg var i 20-åra, kjøpte venene mine bustad saman. Det er ikkje eit nytt fenomen. Då må du gjerne ut med mindre pengar per person.

Då kan ein anten kjøpa saman med ein eller fleire partnarar, eller med vener og danna eit kollektiv. Men Gundersen kjem også med ei åtvaring:

– Det kan vera krevjande å kjøpa saman med andre. Då må ein ha gode reglar i botn, slik at venskapen ikkje vert nedsliten over tid.

3. Snakk med banken

Eit tredje tips er ganske enkelt å snakka med banken i god tid før du faktisk har tenkt å kjøpa noko.

– Snakk med ein rådgjevar medan du sparer. Ikkje vent til du skal ha lånebevis. Gå gjennom økonomi og budsjett, så får du kanskje nokre gode råd.

Det er viktig å planleggja sparinga på denne måten. Då unngår ein tabbar, som til dømes å ha for lite pengar til naudsynt oppussing eller å få veldig dårleg råd etter kjøpet.

– Ha ein langsiktig plan, ta det med ro og vent til du har råd til å leva ved sida av også, formanar Gundersen.

4. Ikkje få born

– Mange born kan verta eit problem. Ein burde kjøpa før ein får det. Banken tar omsyn til moglege høgare renteutgifter, og sidan born er ein utgiftspost kan det bety at du får mindre lån om du har mange born.

Då er det kanskje ikkje så overraskande at stadig fleire ventar lenger før dei får born. Kjøp av bustad er faktisk ein av hovudårsakene til dette, ifølgje den nye rapporten frå det statlege fødselstalutvalet.

Utvalet har gått så langt som å tilrå regjeringa å koma bustadprisane til livs, om dei vil ha opp den norske fødselsraten.

– Det er først og fremst ei velsigning, men det kan gjera at du får mindre lån, seier Gundersen om barneproblemet.

5. Flytt til distriktet

Også Mari Storli i LO har nokre konkrete tips til bustadkjøparar, sjølv om ho tykkjer det er viktig å påpeika at dette ikkje er eit problem som kan løysast på individnivå.

– Me vil anerkjenna at dette er eit systemproblem. Det er det viktigaste, men somme vil kanskje sjå på høvet til å flytta ut av byen.

For der er det gjerne billigare. Medan Oslo er det desidert dyraste fylket å kjøpa bustad i, kan ein få både større og billigare hus i meir grisgrendte område.

Innlandet var per 2024 det billigaste fylket å kjøpa i, men i alle fylka med unntak av Akershus var kvadratmeterprisen halvparten eller lågare enn i hovudstaden.

– Men me er bekymra for at det då vert eit klasseskilje i pendling, at dei som har god råd, kan bu der jobbane er, medan dei andre må reisa langt, påpeikar Storli.

6. Meld deg inn i ei fagforeining

Og til sist: om du vil sikra god nok løn til å ha råd til bustad i det heile, er det lurt å sikra at du har makt til å påverka eiga løn.

– Det kan vera ein god ide for generelle vilkår og løn. Det kan også vera smart å vera med i ein organisasjon som jobbar for ein kraftfull bustadpolitikk, som til dømes LO-forbunda, seier Storli med eit lite smil.