Unge Venstre vil la 15-åringar få selje alkohol
Ungdomspartiet vil også la unge få jobbe på netter i helgar.
Leiar Omar Svendsen-Yagci i Unge Venstre meiner dagens regelverk hindrar unge i å få jobb. Han vil la 15-åringar i butikkar få selje alkohol og tobakk.
– Det er ikkje sånn at du blir dritings av å skanne ein seksar med øl, seier Svendsen-Yagci til Aftenposten.
Ungdomspartiet vil også la unge få jobbe på netter i helgar.
Han meiner det ikkje er butikksjefane som gjer seg vanskelege når det gjeld tilsetjing av unge.
– Eg skjønner godt at ein butikksjef på Kiwi ikkje tilset nokon som ikkje kan gjere alt. Derfor må vi endre regelverket, seier Svendsen-Yagci.
Arbeidsminister Kjersti Stenseng (Ap) avviser kritikken.
– Barn og unge har eit særleg behov for vern. Dei treng trygge arbeidsforhold som er tilpassa alderen og som ikkje går utover helse, skule og fritid, skriv ho i ein e-post til Aftenposten.
Unge Venstre ønskjer også å kutte arbeidsgivaravgifta. Svendsen-Yagci viser til Sverige, som har kutta i arbeidsgivaravgifta for tilsette mellom 19–23 år.
I tillegg vil dei auke frikortgrensa til 150.000 kroner, og ha eigne skattekutt for unge i jobb.






