EU testar aldersverifisering for porno: – Unge sin autonomi og rett til privatliv vil bli svekka

Fem EU-land testar no eit verktøy for å verifisere at brukarane er over 18 år. Unge Venstre og Seksualpolitisk nettverk for ungdom er skeptiske.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Fleire land i Europa vil innføre sperrer på pornosider som krev at brukaren stadfestar alderen sin for å få tilgang. Storbritannia har allereie gjort det.

No jobbar EU med eit eige verktøy som medlemslanda kan ta i bruk for å stadfeste alderen til internettbrukarar. Brukarane kan laste opp ID til ein app, som stadfestar at ein er over 18 år. Appen vil deretter slette all informasjon om brukaren, sett vekk frå at dei er over 18. Denne appen kan i neste omgang stadfeste alderen til brukaren anonymt overfor andre nettsider.

Den tekniske løysinga er sendt til testing i fem medlemsland – Danmark, Frankrike, Hellas, Italia og Spania, som skal bruke teknologien til å lage sine eigne nasjonale appar for aldersverifisering.

– Meir farleg og uregulert

Jamie Jægersborg, nestleiar i Seksualpolitisk nettverk for ungdom (SNU) er skeptisk til aldersverifisering på nettporno.

– Vi ser for oss at unge sin autonomi og rett til privatliv vil bli svekka, skriv hen i ein e-post til Framtida.

Hen ser ikkje mange fordelar med ei slik løysing. Nestleiaren viser til at erfaringar med andre ting som er gjort ulovleg, som til dømes alkohol, abort og prevensjon, tyder på at bruken ikkje alltid går ned.

– Det blir berre meir farleg og uregulert å drive med det, skriv hen.

Jægersborg meiner det er viktigare å bruke ressursar på å lære unge å ta gode og informerte val på internett.

– Det er også viktig at det vert lagt opp til ei heilskapleg seksualundervising, slik at unge kan få informasjon om alt dei skulle lure på rundt sex, kinkar og liknande frå fleire hald enn pornografi, skriv hen.

– Kan få utilsikta konsekvensar

Også Brage Kåsa Skarstein, sentralstyremedlem i Unge Venstre, er skeptisk til forslaget frå EU.

– Sjølv om intensjonen er god, ser ein av liknande forslag i Storbritannia at dette kan ha konsekvensar som rekker vidare enn ein først ser for seg, skriv han

Han viser til ei sak frå Storbritannia då eit liknande grep om aldersverifisering vart innført i 2023. Wikipedia protesterte mot grepet, då dei frykta at til dømes pedagogisk innhald om seksualitet kunne bli avgrensa.

– Dette kan gjere det vanskelegare for born og unge å oppsøke nøytral informasjon om sensitive tema som seksualitet, skriv Skarstein.

Han er negativ til eit liknande grep i Noreg.

– Eg har forståing for ønsket om å beskytte born mot skadeleg innhald. Men risikoen for endå ei angrepsflate for cyberangrep, og risikoen for at born og unge flyttar aktiviteten sin over til mindre seriøse nettsider som har meir skadeleg innhald og som ikkje respekterer reglane, er høg, skriv han.

Kan hamne på verre sider

Også Jamie Jægersborg i SNU fryktar at aldersverifisering kan føre til at fleire ser på porno på ubekrefta sider som driv med ulovleg produksjon. Hen peiker på at det vil vere vanskeleg å sikre at alle pornosider får aldersregulering.

Hen trekker fram dokumentasjon som Pornhub la fram etter at aldersverifisering vart innført i Storbritannia, som tilseier at trafikken hos Pornhub har gått ned, medan aktiviteten har auka på andre nettsider.

Jægersborg slår fast at det heilt klart finst fleire problem med pornografi og pornobransjen, og at det er viktig at samfunnet jobbar for å løyse opp i desse.

– Likevel må vi klare å ha nyanserte debattar kring pornografi som ikkje stigmatiserer dei som ser på det. Vi meiner også det er viktig at det vert jobba for å fremme alternativ til den «typiske» pornografien, og vise fram meir «etisk» pornografi, men også fremje bruk av fantasien under onanering, skriv hen.

Hen etterlyser ein imøtekommande og open dialog rundt porno, for å hjelpe ungdom med å forhalde seg til det.

– Ikkje godt nok personvern

Når det gjeld slike ID-kontrollar på nett, meiner Skarstein i Unge Venstre det viktigaste er at nettsidene ikkje har nokon moglegheit til å få tilgang på identifiserande opplysingar frå løysinga til styresmaktene, og at styresmaktene ikkje har tilgang til informasjon om kven av innbyggarane i landet som oppsøker dei aktuelle pornosidene.

– Synest de forslaget til EU løyser personvernutfordringar på ein god måte?

– Ikkje godt nok. Sjølv om den tekniske løysinga er god på å beskytte identifiserande informasjon frå nettsida, er det likevel teknisk mogleg for styresmaktene å samanstille nok informasjon til å vite kven som har verifisert seg på ulike nettstader på ulike tidspunkt. Den moglegheita burde dei ikkje ha, avsluttar han.