6. februar markerer samefolkets dag, og dei seinaste åra har det vore ei stor oppblomstring av samiske filmar og seriar. Her er eit knippe filmar og seriar du kan feira dagen med:

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Biru Unjárga – Føkkings Nesseby (2024)

Oppvekstfilmen Biru Unjárga handlar om 15 år gamle Elvira, som bur i føkkings Nesseby og drøymer om å møta sin danske far som ho ser føre seg er Game of Thrones-skodespelar Nikolaj Coster-Waldau. Når ho møter faren, viser det seg at han er alt anna enn dette.

Framtida sin meldar meinte filmen var ein av dei beste norske filmane han hadde sett på ei stund og brukte ord som «snål, underhaldande og heilt unik». Les heile meldinga her!

Kor: TV 2 Play
Speletid: 1 time og 15 minutt


Koke bjørn (2025)

Koke bjørn er kanskje ikkje marknadsført som ein samisk serie, men ein av hovudkarakterane er samiske Jussi, spelt av den norsk-samiske musikaren Emil Karlsen.

Serien er basert på Mikal Niemi si bestseljande bok med same tittel, som er ei fiktiv historie der hovudpersonen er basert på den historiske svenske predikanten Lars Levi Læstadius (1800-1861). Som i den verkelege historia er Læstadius ein omreisande predikant og botanikar, men i Koke bjørn får han òg bryna seg som etterforskar for eit mord som skakar ei lita bygd i Nord-Sverige. Med seg på laget har han den samiske ungguten Jussi.

Serien har fått 18 års aldersgrense og er ifølgje Framtida.no sin meldar «perfekt for deg som vil sjå ei blodig, dyster og nervepirrande mordgåte».

Kor: Disney +
Speletid: 6 episodar på 50 minutt


Heajastallan – Bryllupsfesten (2026)

Samiske bryllaup har rykte på seg for å vera store og i denne NRK-serien er det ikkje mindre enn 3000 gjestar invitert til bryllaup i Kautokeino.

Serien tek føre seg tabubelagde tema som homohets, rus, vald og overgrep i eit samisk miljø. Serien har eigentleg 12 års aldersgrense, men etter klagar frå sjåarar som reagerte på ei dramatisk valdtektsscene, har Medietilsynet heva aldersgrensa til 15 år på episode 3.

Kor: NRK
Speletid: 8 episodar på 30 minutt


Oro jaska – Hold kjeft (2024)

NRK-serien Oro jaska vart nominert til den gjeve tv-prisen Emmy i kategorien Kids Live Action. Tidlegare Stjernekamp-deltakar Vegard Bjørsmo er både ein av serieskaparane og speler ei av hovudrollene i serien, som tek føre seg tema som homofili og overgrep i eit samisk miljø i Karasjok.

Kor: NRK
Speletid: Seks episodar på 25–35 minutt


Stjålet (Stöld) (2024)

Svensk-samiske Stjålet er Netflix sin første store samiske produksjon. Filmen handlar om reindriftssamen Elsa som opplever at hennar første reinkalv vert stolen og slakta framfor augo på ho. Uretten er ikkje ei unik hending og mange år seinare søkjer ho hemn. Filmen er basert på ei bok av Ann-Helén Laestadius og regissert av norsk-samiske Elle Márjá Eira. Òg hovudrolleinnehavar Elin Kristina Oskal er frå norsk side, og fekk skryt for sin skodespelardebut av Framtida.no sin meldar.

«Det beste komplimentet eg kan gje til Stjålet, er at han fekk meg til å knyte nevane og bite tennene saman av sinne,» skriv Ola Birgitsønn Vik om filmen, som vekte eit sinne i han.

Kor: Netflix
Speletid: 1 time og 47 minutt


Ellos Eatnu – La elva leve (2023)

Storfilmen Ellos Eatnu er musikar og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen sin skodespelardebut. Ho speler den fiktive aktivisten Ester Isaksen, som deltek i dei historiske Alta-aksjonane på 1970-talet.

Filmen hadde premiere medan Isaksen og fleire andre samiske aktivistar samla seg i Oslo for å demonstrera mot vindmøllene på Fosen, ei sak som aktualiserte filmens tematikk om kampen for samiske rettar.

Filmen var nominert i åtte kategoriar og henta heim den gjeve Amandaprisen i kategoriane beste film, beste regi og beste mannlege birolle til Gard Emil Elvenes.

Filmen er berre tilgjengeleg i eit par veker til på NRK, så her er det ingenting å venta på.

Kor: NRK
Speletid: 1 time og 58 minutt


Vi lover et helvete (2023)

Vi lover et helvete har henta inspirasjon frå Natur og Ungdom sin kamp mot gruvedumping i Repparfjorden. På kvar si side står samiske Elin og arbeidsledige Daniel som treng inntekta gruvejobben vil gje han.

Trass i at dei har ulike syn på saka utviklar dei to sterke kjensler for kvarandre.

Skodespelar Sigurd Kornelius Lakseide fortalde til Framtida.no at han brukte timevis på Reddit for å dykka inn klimaskeptikarane sin argumentasjon.

På den andre sida av serien følte Natur og Ungdom seg feilaktig framstilt. 

Kor: NRK
Speletid: 6 episodar på 35–40 minutt


Sameblod (2016)

Svensk-samiske Sameblod er den første filmen som er laga på sørsamisk, og tek føre seg korleis samane vart behandla i Sverige på 1930-talet. Historia har klare parallellar til fornorskinga i Noreg.

Hovudrolla er skodespelardebuten til norsk-samiske Lene Cecilia Sparrok, som hausta mange lovord og fleire prisar for innsatsen sin.

Kor: TV 2 Play
Speletid: 1 time og 50 minutt