Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK Filmpolitiet lista opp dei ti seriane dei gledde seg mest til i 2023 var den nye NRK-serien Vi lover et helvete einaste norske serie på lista.

Tv-serien er den første frå produksjonsselskapet Fenomen etter sjåarsuksessen Rådebank.

Allereie torsdag 26. januar slepper NRK tre av dei seks episodane i miniserien i nettspelaren sin.

Inspirert av Repparfjorden

NRK-serien Vi lover et helvete handlar om ein gruvekonflikt i den fiktive bygda Utfjord i Finnmark. I tillegg er det ei kjærleikshistorie mellom to unge menneske med heilt ulik ståstad og meiningar.

Aili Kristine Eira som aktivisten og reindriftssamen Elin i NRK-serien «Vi lover et helvete». Foto: Max Emanuelson/NRK

På kvar si side står reindriftssamen og miljøaktivisten Elin (Aili Kristine Eira) og arbeidsledige Daniel (Sigurd Kornelius Lakseide) som treng inntekta gruvejobben vil gje han.

Slagordet «Vi lover et helvete» kan sporast til ein av Natur og Ungdom sine mange protestar mot vedtaket om å la gruveselskapet Nussir ASA deponera avfall frå drifta si i Kvalsund i Repparfjorden.

I NRK-serien er aktivistane frå Natur og Ungdom på plass i Utfjord for å protestera mot ei liknande sak.

Då regissør og manusforfattar Rebecca Wirkola Kjellmann vart involvert i prosjektet i 2020 var serieskaparane Karina Lystad, Kristin Selseng Vestreim og Tom Marius Kittilsen allereie godt i gang med forarbeid og utvikling av serien.

Manusforfattar og regissør Rebecca Wirkola Kjellmann på settet til «Vi lover et helvete». Foto: Dánil Røkke, Noraførr

Inspirasjonen til historia kom frå ei undersøking om kva som uroa unge mest.

– Den eine saka var klima og miljø, den andre var deira eiga framtid, og under det jobbmoglegheiter og stabilitet, seier Kjellmann på telefon til Framtida.no.

På den tida var Repparfjord-saka mykje omtala i media, og Kjellmann forklarar at serieskaparane tenkte at ei liknande problemstilling kunne skildra begge bekymringane.

Bakgrunnsarbeid på Redditt

Skodespelar Sigurd Kornelius Lakseide gestaltar rolla som klimaskeptikaren Daniel.

– Når ein skal snakka om urbefolkning og miljø og alle desse tinga i ein slags woke-kultur,  så må ein passe på kor ein trør. Det eg likar er at serieskaparane har vore ganske vågale når dei har laga karakteren Daniel, som eg er så heldig å få spela, seier Lakseide på telefon til Framtida.no.

Han har sjølv vore medlem av Natur og Ungdom og håpar den politiske TV-serien kan vera med å løfta debatten om dumping av gruveavfall og presset mot urfolksområde.

Men i rolla som klimaskeptikaren Daniel tok 24-åringen eit tre vekers introkurs i automasjon og brukte internett til å setja seg inn i ei anna side av saka.

– Eg brukte mange timar på Reddit for å dykka inn i det mørkaste av ein person sine meiningar … om eigentleg alt … for å på ein måte finne eit slags sentrum i Redditsuppa for kva Daniel var, forklarar Lakseide.

Skodespelar Sigurd Kornelius Lakseide (24) i rolla som klimaskeptikaren Daniel i «Vi lover et helvete». Foto: Max Emanuelson/NRK

Forsvara Daniel

Her fann han ein spesifikk brukar som han las mange av Redditsane til, som skreiv om mellom anna klimaskepsis.

– For min del måtte eg finne eit logisk empatisk grunnlag for å forstå Daniel. Eg måtte tru på meiningane hans og inngangen var dei folka og miljøet på Reddit og Discord.

For Lakseide gjekk det så langt at han etter kvart tok seg i å forsvara Daniel sin karakter i diskusjonar.

– Eg hugsar korleis eg hamna i diskusjon om Repparfjorden med ein god kompis, kor eg plutseleg hadde heilt ulike haldningar og sa ting som at «bygda blør jobbar» og at me treng koppar til det grøne skiftet, seier Lakseide.

Rollefabel full av daddy-issues

Han meiner rolletolkinga har gitt han eit litt anna perspektiv og respekt for den andre sida i ein debatt som er «forbanna polarisert».

Likevel håpar skodespelaren at sjåarane vil bli provosert av rollefiguren, og tenkja at han er ein «pikk».

– Men hadde du lese heile rollefabelen til Daniel, som er full av daddy-issues, så hadde du skjønt meir av kvifor han har eit så strengt blikk på verda. Eg håpar dei kan forstå det han meiner er konsekvensane og respektera det, sjølv om det er jævlig vanskeleg.

– Eg har absolutt sakna ein slik serie, eit notidsdrama om Nord-Noreg som er realistisk orientert og som kan uttrykkja noko om kvar me kjem frå, seier Sigurd Kornelius Lakseide (Daniel). Her saman med motspelar Aili Kristine Eira (Elin). Foto: Max Emanuelson/NRK

For rollekarakteren Daniel er gruvedebatten nær fordi han har kjent på konsekvensane av arbeidsplassar som forlèt bygda.

I tillegg til å løfta den evigaktuelle miljødebatten om gruvedrift håpar Lakseide at serien kan gje eit realistisk inntrykk av både reindrift og livet i nord.

 Det handlar om å skildra livet i Nord, skildra korleis livet er ute på bygdene, med alle dei trugslane ein har med auka sentralisering i Noreg. Å få eit innblikk i kva ulike konsekvensar det får, seier Lakseide.

Samisk kvardag anno 2023

Regissøren er sjølv oppvaksen i Alta og er oppteken av å portrettera historier frå Nord-Noreg og Finnmark.

– Eg har sjølv ikkje sett seriar som dette frå Finnmark då eg vaks opp, frå den kulturen og det miljøet som var rundt meg og dei menneska eg har vakse opp med. Serien handlar om vanlege unge vaksne som ønskjer å bu i bygda dei kjem frå, og som kjempar for det dei bryr seg om. Ikkje minst har det vore viktig å visa det engasjementet og det livet som mange unge samar lever i dag, seier Kjellmann.

Manusforfattar og regissør Rebecca Wirkola Kjellmann brenner for historier frå nord. Foto: Dánil Røkke/ Noraførr

Tv-serien tek føre seg konfliktar som kunne oppstått mange stader i landet, men urfolksperspektivet gjer at det skil seg ut.

– Som med mange andre saker er det lett å sitja i storbyar andre plassar å meina noko om lokale saker, men det er òg store splittingar i nord mellom dei norske og samiske sine interesser. Ikkje alle er på den eine sida eller andre sida, men det er stor splitting. At det handlar om urbefolkninga vår som har den historia dei har og må ta dei kampane gong på gong gjev det eit ekstra lag i forhold til andre landsdelar, seier Kjellmann.

Snakk saman!

For Kjellmann er det viktig å ta dei unge si verkelegheit og engasjement på alvor, noko ho håpar òg sjåarane vil gjera.

– Kanskje kan ein på same måte som karakterane prøva å forstå kvarandre sine synspunkt og likskapstrekk. Sjølv om ein har ulike meiningar treng det ikkje vera så polarisert. Ein kan snakka og finna ut kvifor ein meiner som ein gjer og stilla spørsmål, framfor å avfeia nokon på grunn av meiningane deira.


Den puertoricanske skodespelaren Ismael Cruz Córdova spelar alven Arondir i Rings of Power. Foto: Ben Rothstein/Prime Video