Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 26. januar sleppte NRK dei tre første av i alt seks episodar i miniserien Vi lover et helvete.

Dramaserien er ei kjærleikshistorie mellom to unge menneske med heilt ulike verdssyn. Elin (Aili Kristine Eira) engasjerer seg i klimasaka saman med Natur og Ungdom, medan Daniel (Sigurd Kornelius Lakseide) er klimaskeptikar.

Reagerer på språk og hærverk

Slagordet «Vi lover et helvete» kan sporast til ein av Natur og Ungdom sine mange protestar mot vedtaket om å la gruveselskapet Nussir ASA deponera avfall frå drifta si i Kvalsund i Repparfjorden.

Frå Natur og Ungdom sin aksjon utanfor slottet i november 2019. Foto: Jørgen Næss Karlsen/NU

I dramaserien er aktivistane frå Natur og Ungdom på plass i den fiktive finnmarksbygda Utfjord for å protestera mot ei liknande sak.

Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Aleksander Snarheim, meiner NRK «målar eit uriktig bilete av korleis norsk miljødebatt er i dag».

– Serien hadde eit potensial, men her er det heilt openbert at nokre ikkje har gjort nok research. Enkelte ting som blir sagt i serien er ikkje språk me hadde brukt, i tillegg ville ein lokallagsleiar aldri bli invitert på Dagsnytt 18 og det veit NRK godt sjølv, seier Snarheim i ei pressemelding.

Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Aleksander Snarheim. Foto: Amanda Orlich/NU

Snarheim meiner serieskaparane har misforstått korleis miljørørsla i Noreg ser ut. Han reagerer særleg på ei scene i første episode der ein lokallagsleiar i Natur og Ungdom ripar MDG med eit hjarte rundt på hovudkarakteren Daniel sin bil.

– Me har nyleg hatt ein stor debatt i Noreg om vald og hærverk i miljø- og klimakampen og å starta serien med at ein lokallagsleiar frå Natur og Ungdom nettopp gjer dette er ikkje berre urealistisk, men eit slag i magen på miljørørsla.

Denne scena der ein Natur og Ungdom-leiar har ripa opp bilen til Daniel fell ikkje i smak hjå sentralstyremedlem Aleksander Snarheim. Skjermdump NRK

Ingen dokumentarserie

Redaksjonssjef for TV og event i NRK P3, Ingjerd Østrem Omland, svarar slik på kritikken:

– Me skulle jo sjølvsagt ynskja at absolutt alle likar serien så godt som me gjer, og så er me samstundes glade for at innhaldet NRK P3 kjem med engasjerer.

Ho peikar på at Vi lover et helvete ikkje er ein dokumentarserie, men ein dramaserie. Han har fiktive karakterar, og difor er det naturleg at Natur og Ungdom opplever å ikkje kjenna seg att i enkelte ting.

– Alle karakterane og miljøa vi skildrar i serien har naturleg nok sine styrkar og svakheiter, og ulike grunnar for kvifor dei handlar som dei gjer, skriv ho i svaret.

Aili Kristine Eira som aktivisten og reindriftssamen Elin i NRK-serien «Vi lover et helvete». Foto: Max Emanuelson/NRK

Involverte Natur og Ungdom i forarbeidet

Ho opnar for at det alltid er ting som kunne vore gjort annleis. Likevel står dei godt inne for vala som er teke undervegs.

– Kva research og kontakt har de hatt med Natur og Ungdom i prosessen?

–  Serieskaparane har hatt kontakt med Natur og Ungdom fleire gongar og på ulike måtar. Det har blitt gjennomført researchsamtale, serieskaparane har vore med på helgesamling der NU øvde på korleis dei skal aksjonera, og dei har òg vore på dialogmøte der NU har vore part berre for å nemna noko, svarar Omland.


Skodespelar Sigurd Kornelius Lakseide (24) frå Tromsø har gjort grundig forarbeid for rolla som klimaskeptikaren Daniel i «Vi lover et helvete». Foto: Max Emanuelson/NRK