I over ein månad har det vore konfrontasjonar mellom ICE – innvandringsstyresmaktene i USA – og demonstrantar i byen Minneapolis. To innbyggjarar har blitt drepne av dei føderale agentane, og no har ICE fått instruks frå sentralt hald om å unngå konfrontasjonar og fokusere på innvandrarar som er sikta eller dømt for kriminalitet.
Laurdag 24. januar vart Alex Pretti (37) skoten og drepen av ICE i Minneapolis, skriv VG. Måndag vart Gregory Bovino, som har leia ICE-oppdraget i byen, kalla tilbake frå Minnesota av Trump-administrasjonen. Ifølgje NRK har agentane som skaut Pretti blitt suspenderte.
Det skjer litt over to veker etter at Renee Good (37) også vart skoten og drepen i Minneapolis av ICE.
Både Alex Pretti og Renee Good var amerikanske statsborgarar, og kritikken og demonstrasjonane mot styresmaktene har vakse i omfang sidan desse dødsfalla.
Demonstrantar i Minneapolis. | Foto: AP Photo/Adam Gray
Organisasjonen fryktar at dei faktiske tala er mykje høgare. Anonyme kjelder i helsedepartementet til Iran skal ha sagt til Time Magazine at over 30 000 menneske kan vere drepne i samband med demonstrasjonane.
Internett har vore stengt i fleire veker, men har begynt å kome tilbake i nokre område, under streng kontroll av styresmaktene, ifølgje BBC.
EU vedtok torsdag å klassifisere revolusjonærgarden i Iran som ein terroristorganisasjon for framferda mot demonstrantar, ifølgje Reuters, og Noreg sluttar seg til dei følgjande sanksjonane mot Iran.
Illustrasjonsbilete av ein medlem av Iran sin revolusjonærgarde i Teheran i fjor. | Foto: AP Photo/Vahid Salemi, File
Stig Millehaugen (56) er funnen død i fengsel
Torsdag morgon vart politiet varsla om at drapsdømte Stig Millehaugen vart funnen død på cella si i Kongsvinger fengsel, ifølgje VG.
Dødsfallet til 56-åringen var uventa, og politiet har difor starta ei etterforsking, skriv Innlandet politidistrikt i ei pressemelding.
Millehaugen sona ein forvaringsdom på 21 år for drapet på Young Guns-leiar Mohammed «Jeddi» Javed i 2009, og var sikta og varetektsfengsla for drapet på Nokas-ranar Metkel Betew som skjedde medan han var ute på permisjon i fjor. Millehaugen har nekta for å ha noko med drapet å gjere, men har sagt han var vitne til hendinga, ifølgje VG.
Stig Millehaugen i 2023, då han ønskte å bli prøvelauslaten. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
EU og India einige om ein historisk handelsavtale
Ein fjerdedel av verdsøkonomien, med to milliardar menneske, blir omfatta av avtalen. Avtalen inkluderer òg Efta-landa Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits.
Avtalen India og EU har blitt samde om fjernar 97 prosent av all toll på varer frå EU til India, og vil på sikt gi tollfridom på 90 prosent av norske varer til India, ifølgje Nettavisen.
Ifølgje avisa vil avtalen tre i kraft i løpet av eitt år, etter at dei juridiske dokumenta er signerte og avtalen er vedteken i EU-parlamentet og dei forskjellige EU-landa.
Semja kjem kort tid etter EU signerte ein avtale med det søramerikanske frihandelssamarbeidet Mercosur, og EU inngjekk i fjor fleire handelsavtalar med Mexico, Indonesia og Sveits.
Den indiske statsministeren Narendra Modi med EU-president Ursula van der Leyen og president for Det europeiske råd, Antonia Costa. | Foto: AP Photo/Manish Swarup
Over ein halv million påverka av flaum i Mosambik
125 personar har døydd i Mosambik sidan regntida starta i oktober. Fleire titusen innbyggjarar blir redda frå overfløymde område, og innbyggjarar BBC har prata med kallar det den verste flaumen i si livstid.
Sidan 7. januar er minst 642 122 menneske påverka av flaumen, særleg i dei sørlege og sentrale regionane av landet.
Det er venta endå meir flaum rundt Inkomati-elva den komande tida, nordvest for hovudstaden Maputo, etter mykje regn i Sør-Afrika.
To barn vassar gjennom eit nabolag i Maputo. | Foto: AP Photo/Carlos Uqueio
✨Lyspunkt✨: EU brukte meir energi frå sol og vind enn gass og kol
Sol og vind produserte 30 prosent av elektrisiteten i EU i 2025, opp frå 20 prosent i 2020, ifølgje Forskning.no.
Elektrisitet frå fossile drivstoff som gass og kol har samstundes minka frå 37 prosent til 29 prosent av marknaden i same periode.
Framover kan andelen frå fossile brennstoff bli endå mindre, dersom ein kan klare å lagre meir energi på batteri. Tyskland, Polen og Italia er leiande i Europa på batterilagring.
Ein ny rapport frå Ember viser at batterilagring snart kan bli lønsamt samanlikna med gass, noko som kan presse straumprisane ned i Europa.
Solcellepanel i Tyskland. Solkraft er ein viktig del av auken i i fornybar energi. | Foto: Andreas Gücklhorn via Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.