Forsking: Kvinner er på sitt kåtaste i 20-åra – det er ikkje menn

Samstundes er menn med partnarar meir opptekne av sex enn single, viser eit forskingsprosjekt i Estland.

NPK-NTB-Mette Estep
Publisert

Det er ei utbreidd oppfatning at folk er mest opptekne av sex i tjueåra. Det gjeld for kvinner, medan sexlysta hos menn berre aukar fram til dei er rundt 40 år.

Funna kjem frå forskarar ved Universitetet i Tartu i Estland, som har analysert data frå ei befolkningsundersøking med meir enn 67.000 vaksne i alderen 18 til 89 år.

Eit av dei mest overraskande funna var at den seksuelle appetitten hos menn aukar frå dei er tidleg i tjueåra og når det høgaste nivået seint i trettiåra eller byrjinga av førtiåra.

For kvinnene sin del er sexlysta på det sterkaste i byrjinga av tjueåra, før ho minkar noko fram til trettiårsalderen. Deretter stig lysta noko til midten av førtiåra.

Forskinga er publisert i Scientific Reports.

Yngre menn kan slita med sexlyst

Seniorrådgivar Tore Aasheim i Sex og politikk er eigentleg ikkje så overraska over at menns sexlyst ikkje er så høg som mange kanskje trur i tjueåra.

Han seier sexologar som jobbar med mellom anna studentar, rapporterer at yngre menn kan slita med sexlyst.

– Her synest prestasjonsangsten å leggja ein kraftig dempar på lysta. Det verkar viktig å vera ein superelskar frå første gongen ein er saman, seier han til NTB.

Ifølgje han har dette bidrege til at tenåringsgutar og menn i tjueårsalderen tyr til potensfremjande middel for å vera sikre på å lykkast.

– At menn ser ut til å få meir lyst når dei blir litt meir vaksne, kan jo tyda på at dei blir meir trygge på seg sjølve når dei får meir erfaring. Og med sjølvtryggleik er det naturleg å tenkja at lysta også blir større, seier Aasheim.

Marita Katharina Wilhelmsen Andersen er sexolog. Foto: Nathalie Wick Bunes

Eldre menn med mykje lyst

Formålet med forskinga var å finna ut om faktorar som alder, kjønn, utdanning, legning og sivil status kan seia noko om varierande seksuell lyst. Desse dataa vart henta frå den estiske biobanken, og deltakarane vart spurde korleis dei sjølv rangerte lyst og interesse for sex.

Generelt fann dei at menn har mykje høgare sexlyst enn kvinner gjennom livet.

Lystnivået er likast i byrjinga av tjueåra, når lysta for kvinner er på det høgaste og for menn på det lågaste.

Kvinners interesse svingar meir i periodar, medan menns lyst er meir stabil. Ikkje så overraskande minkar sexlysta med alderen, men for kvinnene går det mykje fortare nedover frå femtiårsalderen.

Menn derimot, har eit ganske høgt ønske om å ha sex til langt oppi åttiåra. Menn i syttiåra rapporterte til dømes om meir lyst på sex enn kvinner gjorde i byrjinga av tjueåra.

Illustrasjonsfoto: charlesdeluvio on Unsplash

Single kvinner er kåtare

Forskarane såg også på om det hadde noko å seia om ein var i eit fast forhold eller singel, og om talet på barn hadde noko å seia.

Det viste seg at single kvinner hadde høgare sexlyst enn kvinner i eit fast forhold, og barnlause kvinner var meir sexlystne enn dei som hadde eitt eller fleire barn.

For menn var det omvendt. Dei single gutane var ikkje like opptekne av sex som dei med fast partnar.

Litt kuriøst såg menn ut til å ha meir lyst på sex desto fleire barn dei har.

Forskarane diskuterer om det er høgare sexlyst som fører til at mannfolka får fleire barn, eller om det å ha barn og bevisa evne til reproduksjon gir menn ekstra sjølvkjensle og lyst. Aasheim påpeikar at mange faktorar kan verka inn for både kvinner og menn.

– Livssituasjon, generell helse, karriere og alt som er ein del av livet vårt, påverkar kor mykje overskot vi har til å pleia for seksuell helse, seier han.

● Les også: Seks mytar om seksualitet

Illustrasjonsfoto: Taras Chernus/Unsplash

Sunnheit og lyst

Det er godt kjent at hormonnivået hos menn og kvinner fell med alderen, og dermed går ein ut frå at dei då i mindre grad vil ha lyst på sex. Dei estiske resultata viser likevel at lysta altså aukar hos menn, sjølv når testosteronnivået fell frå byrjinga av trettiåra, og at lysta i stor grad er til stades hos kvinner etter at dei har passert reproduktiv alder.

Forskarane meiner det viser at biologisk alder speler mykje mindre rolle enn ein tidlegare har trudd.

Aasheim minner om at mykje har skjedd med folks medvit dei siste 20 åra.

– Dei som var 50 og 60 for berre 20 år sidan, hadde ein annan livssituasjon enn dagens seniorar, seier han og ramsar opp korleis dagens godt vaksne er friskare, meir økonomisk uavhengige, ferdige med barneoppseding, og bestemor og bestefar sit ikkje heime og ventar på å få besøk av barnebarna.

– Med større kontroll over eiga tid og kvardag er det naturleg at ein tenkjer på og set meir søkjelys på seksualiteten, som jo er eit gratis og helsefremjande gode som dei aller fleste menneske finn både glede og nyting i, seier Aasheim.