Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Instagramkontoen sin knusar Sex og samfunn si ungdomsgruppe mytar om sex og kropp.

Her får du nokre av mytane som vert knuste:

🍆 Er det vanleg å ha ein penis som ikkje er rett?

Ja, det er vanleg! Når penis blir stiv, fyllast tre svamplekamar med blod. Desse svamplekamane ligg rundt urinrøyret som både urin og sæd kjem ut av. Ein stiv penis kan peike til høgre, venstre, opp eller ned.

🍒 Er det sant at venstre ballestein heng lenger enn høgre (eller omvendt)?

Ja, det er sant. Pungen er ofte asymetrisk og inneheld to testiklar, som også blir kalla ballesteinar.

💦 Er alle kjønn like kåte?

Det varierer frå person til person korleis vi blir kåte, og kor ofte vi plar bli det. Nokon er sprengkåte opptil fleire gongar dagleg, medan andre blir lite eller aldri kåte. Begge delar er vanleg.

💻 Kor vanleg er det å sjå på porno?

Det er ganske vanleg å sjå på porno, for alle kjønn. Dei aller fleste har sett på porno ein eller annan gong, men færre ser på det regelmessig. Nokre ser på porno kvar dag, andre vekentlig, månadleg eller langt sjeldnare. Begge delar er like greitt og heilt normalt.

🍈 Er det normalt at den eine puppen er større enn den andre?

Puppar er som lussekattar, dei kjem i forskjellige storleikar. Ingen har to like puppar. Det gjeld både forma og storleiken på brystet og brystvortene. Nokre har ulike storleikar i løpet av puberteten, og så jamnar det seg ut når ein vert vaksen. Nokre har forskjellige puppar heile livet. Begge delar er normalt.

🫦 Er det sant at skjeden blir laus når eg onanerer?

Nei. Skjeden kan ikkje bli laus av å onanere. Tvert imot! Det kan faktisk kjennest strammande.


Illustrasjonsfoto: Taras Chernus/Unsplash