Utdanningsministeren: – Få studentane tilbake på campus

Mindre nettstudium og skjerm, og meir kollokvium og diskusjon i forelesingssalen. Det er den klare oppmodinga til utdanningsministeren til rektorar.

NPK-NTB-Amalie Vadla
Publisert

– Eg har ei veldig sterk oppmoding til alle rektorane på universitet og høgskular: Dei må få studentane tilbake på campus. Då må dei vere tilbakehaldande med digitale forelesingar og å gjere utdanninga nettbasert.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) vil at studentane skal jobbe mindre og studere meir. Då må dei vere på skulen, seier ho.

Her meiner ho dei «vanlege studentane» – ikkje dei som vidareutdannar seg eller studerer med fjernundervisning.

– Utdanningsinstitusjonane må bli flinkare til å sørgje for at dei studentane som i hovudsak er studentar, som kjem rett frå vidaregåande og skal studere på heiltid, får ein møteplass og ei utdanning der dei er fysisk til stades, seier Aasland til NTB.

– Og ikkje ha forelesingane på nett.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) vil ha mindre av dette. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK

Skilje deltid og heiltid

Utdanningsministeren skuldar delvis på pandemien for at meir av undervisninga på ulike studium har gått over til å bli digitale.

No vil ho ha eit klarare skilje mellom heiltids- og deltidsstudentar.

– Det å gjere ting på nett passar for dei som har ein annan utdanningsmodell, som skal ta utdanning i vaksen alder, eller som skal bu ein stad langt unna.

Aasland trur at dersom for mykje av utdanninga er digital, vel studentar å jobbe meir og bruker dermed for lite tid på skulebenken.

Deltidsjobb er lurt å ha, seier ho, men skulen er viktigast.

– Du kan tene 220 000 før du får avkorta stipend. Då jobbar du for mykje til å vere heiltidsstudent.

Like før jul sette regjeringa ned eit utval som skal sjå på ordningane i Lånekassen. Aasland oppmodar dei til å sjå om det går an å skilje meir mellom dei som studerer deltid, og dei som studerer heiltid med fullt lån.

Overraska over akademia

Før nyttår snakka NTB med DNB-sjef Kjerstin Braathen og NHO-sjef Ole Erik Almlid om den årlege Ung-undersøkinga. Den viser at unge i dag er stadig meir bekymra for eiga framtid.

Mellom anna er mange unge urolege for at dei ikkje skal få seg jobb, og at dei kjem til å få det dårlegare enn generasjonen før.

Dei to toppsjefane kom i samband med dette med eit stikk til universiteta og høgskulane, som dei meiner i for stor grad legg opp til nettopp sjølvstudium.

Braathen sa ho var overraska over at akademia ikkje har komme lenger med å leggje inn samarbeid som ein del av utdanninga.

– Å tru at ein ikkje skal samle folk i utdanningsløpet, og at alle berre skal sitje på ein skjerm? Heilt feil, konstaterte Almlid då.

Det var fullt i forelesingssalen då statsminister Jonas Gahr Støre heldt ei gjesteforelesing på Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Drammen i 2024. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Kanskje ikkje «velje med hjartet»

– Eg er jo veldig samd i mykje av dette, seier Aasland.

Utdanningsministeren skjønner at mange unge i dag er bekymra for eiga framtid – og har derfor eit konkret råd til dei.

– I mange år har vi sagt «vel med hjartet». Men er du oppteken av å få deg jobb og tryggleik for arbeid, bør du velje det vi veit samfunnet har behov for, som til dømes innan helsefag, ingeniørfag eller lærarutdanning, seier Aasland og legg til eit «men».

– Vi vil jo ha breidda òg. Om du veit at du vil bli skodespelar eller konservator, treng vi det òg.

Kritisk til politiske føringar

Skolelederforbundet, fagforeininga for leiarar i mellom anna utdanningssektoren, er samd i at kompetanse ikkje berre kan utviklast gjennom sjølvstudium.

Men forbundet er kritiske til politikarar som kjem med oppmodingar utan at dei spyttar inn pengar samtidig.

– Universitets- og høgskulesektoren møtest med forventningar og politiske føringar som ikkje er realistisk å nå med dagens økonomiske rammer, seier Jan-Erik Buer, generalsekretær i Skolelederforbundet, til NTB.

Han seier at meir fysisk nærvær på campus krev auka kostnader til undervisning, rettleiing og læringsareal.

– Det føreset fleire fagleg tilsette per student, meir strukturert undervisning og betre tilrettelegging for samarbeid. Dette er meir ressurskrevjande enn løysingar som i større grad baserer seg på sjølvstudium og digitale tilbod, seier Buer.

Aasland viser til at det i år er sett av 48 milliardar kroner og seier at også utdanningssektoren må gjere tydelegare prioriteringar framover.

– Det betyr at dei kanskje må trappe ned kapasiteten innan enkelte fag for å byggje opp andre, både i kvalitet og talet på studieplassar. Det forventar eg at universiteta og høgskulane klarer innanfor rammene dei har fått.