«Å bombe seg til fred har aldri fungert, Trump»
USAs makt og innflytelse i verda er enorm, men gir ingen rett til å angripe andre statar. Eit land kan ikkje bombast på rett spor, skriv Mattias Eikeland (18).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Trump-regimet angreip natt til 3. januar, norsk tid, Venezuela og hovudstaden Caracas. Landets president og førstedame blei, ifølgje Trump sjølv, tatt til fange av Delta Force – ei eliteeining i det amerikanske militæret. Nicolás Maduro blei deretter tiltalt i New York for narkoterrorisme.
Ikkje rett til å gripe inn
Det er god grunn til å fordømme Maduro-regimet for situasjonen i Venezuela. Det er ingen tvil: Maduro er ein diktator.
Ved førre val fekk partiet hans nær 83 prosent av stemmene, etter at opposisjonen i praksis var rydda av bana. Valet blei boikotta av store delar av opposisjonen, fordi opposisjonsleiar og Nobels fredsprisvinnar i 2025, María Corina Machado, blei nekta å stille. I tillegg er det betydeleg usikkerheit rundt kven som faktisk vann presidentvalet i 2024 – eit val som av ei rekke uavhengige internasjonale valobservatørar er blitt stempla som udemokratisk.
Men eit udemokratisk val og eit autoritært regime gir faktisk ikkje andre land rett til å gripe inn militært.
Ny ustabilitet
USA har no angripe Venezuela og bidratt til ein ny og farleg ustabilitet i regionen. Venezuelas økonomi er allereie i fritt fall. Inflasjonen er skyhøg, oljeindustrien fungerer knapt, og eksporten er ekstremt låg. Landet med verdas største oljereservar – rundt fem gongar USAs – er likevel berre verdas 22. største oljeeksportør.
No er mange venezuelanarar truleg meir redde for storkrig med USA enn for den økonomiske krisa. Krig har nådd eit nytt kontinent. Det er ikkje gode nyheiter, heller ikkje for Noreg.
Grensene blir viska ut
USAs president ser ut til å ha misforstått rolla si. Diktatoren er Maduro, ikkje Trump. Men grensene blir viska ut når ein amerikansk president angrip eit suverent land og grip inn i andre lands indre saker.
Viss sterke land får gjere som dei vil utan motstand, tapar små land som Noreg. Folkeretten må gjelde for alle, alltid. USAs makt og innflytelse i verda er enorm, men han gir ingen rett til å angripe andre statar.
Eit land kan ikkje bombast på rett spor.
Det blei forsøkt i Irak.
Det blei forsøkt i Afghanistan.
Det blei forsøkt i Iran.
Det mislukkast kvar gong.






