Éin av ti har vore utsett for vald heime

Ifølge ei ny undersøking er tala på barn og unge som opplever vald og seksuelle overgrep gått ned, men Barneombodet har inntrykk av at valden er grovare enn tidlegare.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av ti jenter og fire av ti gutar har vore utsette for vald eller overgrep ein eller fleire gongar, ifølgje forskarar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).

Fredag presenterte dei ei ny nasjonal omfangsundersøking av vald og valdtekt i oppveksten. 1012 jenter og 1050 gutar i alderen 16-17 år har svart på spørsmål om valds- og overgrepserfaringar, psykisk helse og kva kontakt dei har hatt med rettsapparatet og helsetenestene.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

20.000 opplever vald heime
9,6 prosent av ungdommane oppgir at dei har vore utsett for fysisk vald frå foreldre eller føresette, ofte gjentekne gongar. Det dreier seg då for det meste om lugging, klyping risting eller slag med flat hand. Nesten to prosent har opplevd alvorleg fysisk vald heime.

Barneombod Anne Lindboe gler seg over at tala kanskje peiker i riktig retning, men vil ha enno meir forsking, særleg på dei minste borna.

– Tala er framleis for høge. Nesten ti prosent av norske barn får ris eller vert utsett for andre ting som vert karakterisert som mindre alvorleg fysisk vald. To prosent av desse vert utsett for grov vald, og det er altfor mange som ikkje vert fanga opp, seier Lindboe til Framtida.no.

Frå fagpersonell som jobbar i hjelpetenestene har ho fått inntrykk av at valden borna vert utsett for har vorte verre dei siste åra.

LES OGSÅ: Barneombodet: – Alvorlege manglar i helsetilbodet

Ei av ti jenter opplever seksuelle overgrep
I følgje dei nye tala er omfanget av vald og seksuelle overgrep blant unge lågare enn i samanliknbare undersøkingar. Forskarane er likevel forsiktige med å konkludere med at færre barn og unge blir ramma no enn tidlegare.

Seksuelle overgrep råkar i størst grad jenter og meir enn ei av ti jenter har opplevd ei eller anna form for uønskt seksuell kontakt.

Gutar vert oftare vert utsett frå vald frå andre enn foreldre eller føresette.

Vald og overgrep mot unge vert oftast utført av mannlege gjerningspersonar som offeret har ein relasjon til.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep

Psykiske helseproblem
Forskinga syner òg at valden og overgrepssakene i liten grad når fram politi og rettsvesen, og at fåtalet av av dei utsette søkjer hjelp eller har fått medisinsk behandling i etterkant av overgrepa.

Ungdom som har vore utsette for vald og seksuelle overgrep slit oftare med psykiske helseproblem og fortalde at dei opplevde skuld og skam over det som hadde hendt dei.