«Einsemd på sitt verste er kaldt, rått og intenst»
Akkurat som eit bål er menneske saman verdt mykje meir enn summen av delane, skriv Eirik Lyftingsmo.
Dette innlegget var ein av finalistane i fjorårets talekonkurranse Ta ordet! Innlegget vart først publisert i Bergens Tidende, og er omsett til nynorsk og republisert med løyve frå forfattaren.
Det er mørkt, det er kaldt, du er åleine. Langt unna alt.
Plutseleg ser du eit bål. Eit bål som lovar varme og lys. Eit bål som lovar medmenneske. Eit bål som minner deg om vennskap og ei kjensle av tilhøyrsel som du pleidde å kjenne på før.
Så du går mot bålet. Men når du kjem fram, blir du ikkje varm som du håpa på. Inni deg er du framleis kald, og kontrasten mellom kulda du kjenner på og dei varme menneska du ser rundt deg, gjer deg berre kaldare. Du ser inn i dei gylne flammane og kjenner deg kald og åleine.
Einsemd er eit problem hos dagens unge. Tal frå SSB viser ein auke i einsemd blant unge.
I dag kjenner éin av fem unge seg einsame.
Eg meiner det er for mange som kjenner på den kjipe einsemda. Og eg veit kva eg snakkar om.
For eg har vore blant dei som ofte har kjent seg einsam.
Plutseleg kjende eg meg åleine
Einsemd på sitt verste er kaldt, rått og intenst. Det kan knekke sjølvkjensla di, og det kan få deg til å kjenne deg som ingenting. Og det kan komme så brått.
For eg er framleis usikker på korleis eg enda opp der. Kanskje eg ikkje var nok med, eller kanskje eg ikkje følgde godt nok med på folka rundt meg?
Men sanninga er at eg plutseleg stod der og kjende meg åleine.
Eg var redd for at ingen skulle sjå at eg var einsam. Og eg var vettskremd. For kva om ingen ville ha meg? Kva om det var mi eiga skuld?
Det finst folk som aksepterer andres einsemd. Kanskje du tenkjer at det er dei einsame sin skuld? Trur at dei vil vere åleine?
Eller som ser på dei som kjedelege og sky. Men trur du dei kjenner seg trygge på at nokon vil ha dei der? At dei er verde noko?
Eg trur du kan bli overraska over dei positive eigenskapane deira. Over kva dei har å bidra med om dei berre får sjansen til å kjenne seg ønskt. Og med ein liten innsats frå alle dykk som les dette, kan dei kjenne på den kjensla.
Det er faktisk ikkje så mykje som skal til. Du må berre vise at du ser dei, vise at du vil lytte til dei, vise at det betyr noko for deg at dei er til stades.
Ver på vakt!
Det er ikkje alltid du ser einsemd frå utsida. Vit at einsemd er verst i nærleiken av andre. Eg hadde folk å vere med på det verste.
Inkluder deg sjølv
Og du som kjenner deg einsam, du er verd noko. Du er viktig. Våg å tru at nokon vil ha deg der. At andre bryr seg.
Grip sjansar til å vere med andre. Sjølv om det kan kjennast litt kaldt ut i starten, må du vise at du vil vere der. Nokre gonger må du inkludere deg sjølv ei stund, før du blir teken med inn i varmen.
Akkurat som eit bål er menneske saman verdt mykje meir enn summen av delane.
Er du framleis usikker på om det er plass til endå ein, så vil eg spørje deg:
Blir eit bål kaldare med fleire kubbar?
Klovner i kamp sa i hitten sin «Langt å gå»: «Det trengs mer enn en kubbe for å lage et bål, så kom og gå sammen med meg». Gjer ein liten innsats for at verda skal bli mykje varmare for alle.






