Politikk og samfunn

«Burde vi ikkje som yngste og friskaste generasjon ta meir ansvar for besteforeldra våre?»

I motsetning til streaken kan eg ikkje betale for fleire dagar, fleire timar, fleire kveldar med besteforeldra mine, skriv Dina Marie Galta-Opheim.

Dina Marie Galta-Opheim (19)
Publisert

Dette innlegget var ein av finalistane i fjorårets talekonkurranse Ta ordet! Innlegget vart først publisert i Bergens Tidende, og er omsett til nynorsk og republisert med løyve frå forfattaren.

Bestemor sit åleine. Bestemor sit åleine medan eg, eg sit på TikTok.

Bestemor koker poteter og formar kjøttkaker. Det går treigt, men fort nok. Maten blir servert rykande fersk, på berre éin tallerken. Eitt glas, ein stol, åleine.

Ei undersøking viser at vi i dei rikaste landa i verda har overlate dei eldre til helsevesenet. Men bestemor treng vel ikkje meir enn ein ekstra stol, eit ekstra fat, eit ekstra glas, eit måltid, laga for fleire.

Morfar sit åleine i godstolen som alltid. Heimesjukepleia er der av og til, men dei gir han ingen klemmar. Dei ler kanskje av vitsane hans, men dei sit der ikkje lenge. Det er ikkje jobben deira.

Det er min, men eg, eg har ikkje tid. Det dårlege samvitet tærer, men eg roar meg sjølv med at tida, det er den som er problemet.

Men det er ikkje henne, det er meg. Det er meg og prioriteringane mine.

Tid på telefonen utan å ringje

For sjølv om besteforeldra mine bur langt vekke, har dei alle ein telefon å ringje til. Det kunne ikkje vore raskare, lettare, kjappare enn det er i dag. Men eg, eg har ikkje tid. Ikkje i dag.

Vi unge bruker tida vår på telefonen. Faktisk bruker langt over halvparten meir enn tre timar dagleg på skjerm, og då snakkar vi utanom skuletid.

Det er lett å ende opp med telefonen i handa berre for å slappe av i fem minutt, skrolle gjennom dei nyaste bileta på Instagram og sende den daglege fellessnappen for å oppretthalde streaken.

Men fem minutt blir fort 15, så 30, og plutseleg har eg skrolla ein heil time. I motsetning til streaken kan eg ikkje betale for fleire dagar, fleire timar, fleire kveldar med besteforeldra mine.

Så snart tida er over, får vi henne aldri igjen.

Men bestemor sit åleine, åleine med strikketøyet i hendene. Ho som lærte meg, lærte meg vrangt og rett, som smilte og sa «dette går jo så leikande lett». Ho strikkar ikkje så mykje lenger, synet sviktar, og mønster skaper indre konfliktar.

Ta deg tid

Livet er kort og må utnyttast til fulle, seier dei, men for fleire og fleire blir livet lengre og lengre.

Allereie slit vi med å få nok folk i helsetenesta, og eldrebølgja har så vidt byrja.

Burde vi ikkje som yngste og friskaste generasjon ta meir ansvar for besteforeldra våre? Noko som kan føre til betre forståing på tvers av generasjonar.

Med omsorg, ein turpartnar og ein middagsgjest ein gong iblant kan bestemor bu lenger heime.

Morfar ringjer meg på facetime. Og eg, eg svarer. På kameraet ser eg berre ei panne og eit tak, men medan kameraet bevegar seg med ustødige hender, planlegg han engasjert når eg neste gong skal komme.

Nokre timar seinare tikkar det inn ei melding: «Takk for fin prat i dag».

Ein samtale over telefon er ikkje det same som i røynda, og det er lett å gløyme besteforeldra midt oppi alt stress med standpunktkarakterar, innleveringar og ein passeleg russedress, men ta deg tid til ringje dei.

Nokre få minutt kan vere nok. Nokre få minutt av di tid betyr så mykje meir for dei eldste, som ikkje har så mykje meir tid igjen.