Rosalind (14) og Jonah (13) reiser til klimatoppmøtet i Brasil
Barnas klimapanel drar til Brasil med krav om å få slutt på oljeleiting.
– Eg er så spent! Det kjem til å bli ei oppleving for livet, og eg kjem til å lære så mykje, seier Rosalind Ghafoor Bjerkeland (14) entusiastisk.
Ho er ein del av Barnas klimapanel, og skal for første gong vere med på FNs klimatoppmøte (COP30).
Denne veka starta møtet i byen Belém i Brasil. Der skal representantar frå nesten alle land i verda prøve å finne løysingar på klimakrisa.
– Eg har allereie lært mykje av Barnas klimapanel frå før av, så dette blir ei heilt unik oppleving, seier Rosalind.
Med seg på reisa til Sør-Amerika har ho Jonah Paalssønn Sandanger (13). Han har vore med i Barnas klimapanel i to år, og var med på toppmøtet i fjor, då det var i Aserbajdsjan. Jonah har klare forventingar til møtet i Brasil.
– At politikarane høyrer på oss og at vi faktisk får gjort noko med det, og at dei ikkje berre tullar det bort.
Resten av Barnas klimapanel reiser også til Brasil den komande helga.

Barnas klimapanel viser fram den ferske rapporten sin, som dei skal ta med seg til Brasil. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Klimarapport
Med seg i bagasjen til Brasil, har klimapanelet Barnas klima- og miljørapport. Rapporten er basert på ei spørjeundersøking, og innspel frå barn og unge frå heile landet.
Dei har fire krav til politikarane. Eitt av dei er å opprette eit internasjonalt barnas klimapanel.
– Det hadde vore ei så sinnssjukt fin moglegheit, for då kunne vi skapt eit talerøyr for alle barn og unge, og ikkje berre for barn og unge i Noreg, understrekar Rosalind.
Eit anna krav frå Barnas klimapanel, er at dei rike landa i verda må følge opp det som blei bestemt på klimatoppmøtet i fjor om å gi minst 300 milliardar dollar i klimafinansiering kvart år. Det er pengar som skal hjelpe fattigare land som blir ramma av klimaendringane.
– Eg har alltid syntest at verda er veldig urettferdig. Og eg synest det er så teit at fordi eg er fødd i Noreg, så er eg fødd med alle desse moglegheitene. Men i eit anna land er det fødd ei jente, like gamal som meg, med same draumar og som kunne gjort det betre i politikken enn meg, men ho er fødd utan den moglegheita. Det er noko av det som har vore vanskelegast for meg å forstå, og det har eg lyst til å gjere noko med, fortel Rosalind.

Rosalind snakka engasjert på scena under framlegginga av rapporten. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Oljestans og naturvern
Vidare krev Barnas klimapanel at verda sluttar å leite etter olje og gass. Det er hjartesaka til Jonah, og grunnen til at han engasjerte seg i Barnas klimapanel.
Då panelet skulle veljast, sende han inn ein video der han sa at han ville snakke med politikarar om olje, og at vi må slutte med det.
– Eg vil prøve å stoppe det. Eg vil vise mi meining og eg vil vise at barn er engasjert, sånn at vi får fram det barna seier.
Det siste kravet frå Barnas klimapanel, er at verdas land må verne meir natur.

Barnas klimapanel fekk med seg helsingar frå dei frammøtte før avreisa til Brasil. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Må bli tatt på alvor
– Eg skal ta med meg denne tilbake på jobb i Klimadepartementet og lese grundig gjennom han og sjå på fleire av innspela, seier Astrid Hoem til Framtida.no etter at Barnas klimapanel har gitt ho rapporten og snakka om innhaldet i han.
Hoem er politikar for Arbeidarpartiet, og jobbar som statssekretær i Klima- og miljødepartementet.
Rosalind og Jonah etterlyser reell klimahandling.
– Det er veldig ofte når ein snakkar med politikarar, at dei seier sånn «ja, det kan vi gjere», eller «vi prøver det beste vi kan», når det er veldig tydeleg at dei ikkje gjer det, seier Jonah.
– Ja, vi får veldig sånn politikarsvar. Symbolpolitikk, som at dei snakkar med barna og tar eit bilete og postar på Facebook, skyt Rosalind inn.

Jonah gir statssekretær Astrid Hoem Barnas klima- og miljørapport. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Hoem seier at det i rapporten er ting dei er einige med Barnas klimapanel om, og sikkert også ting dei er ueinige i.
– Eg har jo vore ungdomspolitikar i mange år, så eg veit jo at å bli tatt på alvor er at folk diskuterer med deg på like vilkår, og ikkje berre seier at «det her var bra, så flink du er», men ikkje seier ifrå når ein er ueinig, seier Hoem, som var AUF-leiar frå 2020 til 2024.






