Vidaregåande skular får tilbake helsesjukepleiarar
Politikarane i Kristiansund har sett av 200 000 kroner for å flytta skulehelsetenesta tilbake til to vidaregåande skular i Kristiansund.
– Dei har blitt flytta og no har det blitt sagt at dei skal flytta tilbake igjen, og det tenkjer me er positivt, seier leiar i ungdomsrådet i Kristiansund, Marius F. Ringstad (16), til Framtida.no.
Administrasjonen i Kristiansund kommune vedtok før sommaren å flytta skulehelsetenesta frå to vidaregåande skular til ein helsestasjon i sentrum. I bystyret 23. oktober vedtok politikarane å flytta helsesjukepleiarane tilbake til elevane.
– Skulehelsetenesta skal vera på skulen, og det skal vera tilgjengeleg. Å putte det på ein stasjon i sentrum der skulane ikkje er, det blir litt feil, slår Ringstad fast.
Kilometer til helsesjukepleiar
To sjukepleiarar og ein lege var tilgjengelege for elevane på helsestasjonen onsdagar mellom kl. 13 og 17.
No har politikarane i Kristiansund sett av 200 000 kroner til førebyggande helsetenester. Desse er øyremerkt til ei 100 prosent stilling som helsesjukepleiar ved dei to skulane frå inneverande veke, og fram til 19. desember 2025.
Helsesjukepleiaren vil vera tilgjengeleg på Kristiansund vidaregåande skule måndag til onsdag, og ved Atlanten vidaregåande skule torsdag og fredag.
– Det har vore ein krevjande prosess å få på plass riktig kompetanse på så kort tid og for ein avgrensa periode, seier einingsleiar Anja Alvilde Stafsnes i ei pressemelding frå kommunen.
– Kjempeglad
– Det var eit tilbod som eigentleg aldri burde blitt fjerna med det første. Når me veit at me har eit aukande problem med den psykiske helsa til folk, seier Sebastian Heggelund på telefon til Framtida.no.
Han sit i kommunestyret for Frp og ville ha skulehelsetenesta tilbake på vidaregåande skule allereie før nyttår, men fortel om ein hard prosess der andre politikarar stilte spørsmål ved prosedyren.
Etter at temaet vart debattert og løfta føreslo Senterpartiet å setja av 200 000 kroner til skulehelsetenesta i budsjettjusteringa, noko som vart einstemmig vedteke.
– Eg trur alle bør vera kjempeglad for at me har fått det igjennom og det er kjempegøy at dei andre politikarane lytta til oss til slutt.
I desember skal kommunen vedta budsjettet for neste år og Heggelund er klinkande klar på at det må prioriterast pengar til 2,5 ekstra årsverk i skulehelsetenesta, slik at det vert eit fast tilbod igjen.
– No har det blitt så mykje oppstuss om det her at eg kan ikkje tenkja meg at det finnast eit einaste parti i bystyret som no kjem til å stemma nei til eit slikt vedtak, spår Frp-aren.
Føreslår interkommunalt samarbeid
Leiar i ungdomsrådet i Kristiansund peikar på at kommunen har dårleg råd, og tek imot mange hybelbuarar frå omkringliggjande kommunar. Han meiner difor at desse kommunane bør kunne bidra økonomisk til ei forsvarleg skulehelseteneste for elevane.
Heggelund er positiv til forslaget frå ungdomsrådet.
– Me i Framstegspartiet er jo for interkommunale samarbeidsavtalar. Det å kunna samarbeida på tvers av kommunar er ei ganske god greie. Lat oss seia at dei kommunane som har vidaregåandeelevar i Kristiansund er med å spleisa på helsetenestene her, så hadde det vore heilt supert, seier Heggelund, og presiserer:
– Men om det ikkje er mogleg må i alle fall Kristiansund klara å syta for at det skal vera på plass. Og det kjem i alle fall eg, og sikkert fleire politikarar til å vera knallharde på, at dette skal vera i budsjettet, kosta kva det kostar.







