KI-selskap saksøkt for å stela frå «Barbie Girl»
Den danske musikkopphavsrettsorganisasjonen Koda har saksøkt selskapet Suno for å stela frå mellom anna Aqua. Norske Tono vil ha betre vern.
Ein dansk organisasjon for opphavsrett av musikk har gått til sak mot den amerikanske musikktenesta Suno, som produserer låtar med kunstig intelligens (KI).
Det melder danske DR.
«Life in plastic, it’s fantastic»
Opphavsrettsorganisasjonen Koda meiner selskapet krenkjer danske kunstnarar og låtskrivarar sin opphavsrett.
Dei meiner at Suno mellom anna har stole frå låtar som A Beautiful Life av Christopher, kjend frå den danske Netflix-filmen med same tittel, Final Song frå danske MØ og superhiten Barbie Girl av norsk-danske Aqua.
Koda meiner Suno har brukt musikken til å trena den kunstige intelligensen og skapa ny musikk, som minner om musikken til medlemsartistane.
Organisasjonen har ifølgje DR kome fram til dette ved å instruere KI-tenesta til Suno til å produsera musikk som liknar låtane. Då dei brukte tittelen «Aqua» svara tenesta at dei ikkje kan laga produktet på grunn av opphavsretten, men om namnet ikkje er korrekt skrive, får dei KI til å produsera ein song med tekstlina: «I’m a Barbie girl in a Barbie world. Life in plastic, it’s fantastic».
Tono vil ha reelt vern
I fjor saksøkte tre store amerikanske selskap Suno og selskapet Udio for brot på opphavsretten. Universal har inngått forlik med Udio, men saka mot Suno er framleis ikkje avslutta. Òg tyske Gema har ei pågåande sak mot Suno.
Norske Tono er òg oppteken av problematikken og sende førre veke inn eit høyringssvar til Digitaliseringsdepartementet som skal gjera EU si KI-forordning til norsk lov.
– KI-modellar blir trena på store musikkatalogar utan avtale. No krev Tono lisensavtalar og reelt vern i møte med teknologien som kan endra musikkmarknaden dramatisk, seier administrerande direktør i Tono, Karl Vestli, i ei pressemelding.
Dei nemner Suno og Udio som to konkrete døme.
– Sjølv om me no ser nokre enkeltavtalar mellom teknologiselskap og rettshavarar, fryktar Tono at norske og europeiske rettshavarar blir ståande utan lovregulert vern, utan innsikt og utan moglegheit til å handheve rettane sine, seier Vestli vidare.
– Historias største musikktjuveri
Ifølgje organisasjonen Koda er ikkje låtskrivarane spurde om løyve, og dei har ikkje motteke noko betaling for bruken.
Direktør i Koda, Gorm Arildsen, meiner at det amerikanske teknologiselskapet har stole den danske musikkarven med overlegg.
– Det er ikkje innovasjon, det er historias største musikktjuveri. Det er ulovleg, og det er ein trugsel mot økonomien i dansk musikk og vår felles kultur, seier han ifølgje ei pressemelding sitert i Politiken.
Danske DR har ikkje fått svar frå Suno om korleis dei stiller seg til kritikken. Framtida.no har òg kontakta selskapet for ein kommentar.






